Jakten av Espen Mowinckel

Barnebok som er både spennende og litt skummel.

  • Norsk tittel: Jakten
  • Forfattar: Espen Mowinckel
  • Sjanger: Born
  • Antall sider: 37
  • Utgivelsesår: 2026
  • Utgiver: Panter Forlag

Espen Mowinckel (Født 1953) har mange års ledererfaring frå salg og marknadsføring. «Satisfaction», som kom ut i 2021, er hans debutbok. I 2023 gav han ut «Forsvinningen», «Kampen», (2024) og «Jakten» i 2026, som alle er barnebøker.

Adam og Theo lister seg lenger og lenger inn i Storvikskogen. Det knaker i tørre kvister. Kråkeskrik skjærer i ørene. De speider og lytter. Hvor vil tyvene gjemme tyvegodset fra innbruddet hos Guldbrandsen? Farfar er urolig for brødrene er søkk vekk. Sporene fører inn i skogen. Natten nærmer seg. Tiden går. Vil tyvene oppdage Adam og Theo? Finner farfar guttene før det er for sent?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Jakten».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ei barnebok og bok nr. 3 i serien om Adam og Theo. Bøkene kan heilt fint leses frittstående. Målgruppa er satt til 5-9 år.

Brødrene Adam og Theo er nok ein gong hos bestefar når noko skjer. Denne gongen oppdager dei eit tjuveri og fylgjer tjuvene inn i ein skog som byr på fleire problemstillinger og det vert ein skummel opplevelse for våre to små helter og bestefaren deira.

Me vert kasta rett inn i eit innbrudd og jakten på tyvene. Mowinckel kaster ikkje bort tida med utenomsnakk. Han skriv effektivt og dermed skjer det masse på kort tid, og tempoet vert opprettholdt.

I denne boka speler forfattar blant anna på redsel og maner fram tankespinn gjennom skog, mørket og lydene som bærer gjennom skogen. I så måte kan den kanskje være i grenseland for dei aller yngste, men med litt forklaring og ein trygg armkrok så tenker eg at det går bra likevel.

De stanser og lytter, tar nye skritt, stanser og lytter. Det knaker i tørre kvister. Kråkeskrik skjærer i ørene. Skyggene danner skikkelser med truende ansikter og armbevegelser. En silhuett vokser til et stort troll med rufsete pels, lange nese og busker på hodet.

Det er ein fin miks mellom illustrasjoner og tekst, og kapitlene er av passelig lengde til høgtlesing eller til at born kan lese sjølv.

Illustrasjonene er strålende og viser blant anna det gode båndet mellom bestefaren og barnebarna. Ein kan formelig sjå gleden i ansiktet på bestefaren og at han får eit yngre utseende berre ved å vere saman med dei.

Det er ingen intro av karakterene, og ein får ikkje vite alder eller lignende. Eg skulle gjerne sett at lesar fekk ein form for tilhørighet til dei gjennom å bli meir kjente med dei gjennom tre bøker, men forfattar prioriterer effektiv historiefortelling, noko han gjer på ein god måte.

Det aller meste føles truverdig på sin barnlige måte, men det er likevel éin scene som forfattar kanskje burde tenkt seg litt om før han gjennomførte den. Og det er at borna får påsatt håndjern, får bind foran augene og ført inn i eit rom. Nå skal det seies at det ikkje er så dramatisk som det kanskje høyres ut, men det er likevel noko som aldri ville skjedd i dagens samfunn utan at det ville fått store konsekvenser.

Med bestemte grep i overarmen blir de ført inn i rommet og plassert på tre stoler. Det smeller i en dør. En person kremter. Så blir det helt stille.

Midt oppi alvoret og alt det skumle som skjer, så finn Mowinckel rom til barnlig humor som borna nok vil setje pris på.

Eg liker dei små visuelle verkemidlene som ein kan legge merke til. Som f.eks at dei to brødrene (som elsker fotball) har på seg ei Liverpool-drakt og United-drakt. Dette er også ein fin binding frå forrige bok.

Det er ein kort historie på godt under førti sider inkludert illustrasjoner. Likevel opplever karakterene mykje på denne tida, og ein føler at ein har fått deltatt på ei innhaldsrik oppleving.

Det er ein rett-fram historie der forfattar fylgjer samme oppskrift som i dei forrige bøkene. Det fungerer heilt fint også i denne boka.

«Jakten» er ein spennende og innhaldsrik historie som målgruppa vil kunne leve seg inn i. Espen Mowinckel nyttar samme oppskrift som i dei to foregående bøkene i serien, og det fungerer fint. Boka passer ypperlig til høgtlesing.

TERNINGKAST: 4+

Kommentarer

Legg igjen en kommentar