Heksehammeren av Jorun Thørring

Spoileralert: Dette er ein knakende god roman.

  • Norsk tittel: Heksehammeren
  • Forfattar: Jorun Thørring
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 308
  • Utgivelsesår: 2026
  • Utgiver: CF Cora Forlag

Jorun Thørring (Født 1955) debuterte som forfattar i 2005 med krimromanen «Skyggemannen». Sidan den gong har ho utgitt ei rekke bøker i forskjellige sjangrar; alt frå barnebok, novelle, roman og sakprosa. I 2026 gav ho ut romanen «Heksehammeren».

Året er 1662, og i Finnmark herjer trolldomsforfølgelsene. Uværet raser i Makkaur når Marite Eiriksdatter tilkalles for å hjelpe en kvinne som ligger syk. Samtidig besøker hun en eldre mann, som like etterpå dør. Trolldomsmistanker begynner å spire rundt henne. I et samfunn der sykdom, ulykker og uvær tolkes som djevelens verk, er frykten for trolldom sterk. Falske beskyldninger, angiveri og påstander om trolldom får ofte dødelige følger. Marite og familien må flykte til Vardø. Dit reiser også ekteparet Anna og Ambrosius Rhodius fra Christiania, forvist til Vardøhus festning av kongen. Anna er en dedikert heksejeger, og hun går nådeløst til verks i forfølgelsene. Hennes håndbok er «Heksehammeren», en bok som beskriver kvinner som Djevelens disipler, svake og fordervede. Anklager og antall dødsdømte eskalerer. Marites fortid innhenter henne, og hun er nå i større fare enn noen gang.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Heksehammeren».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein roman som er basert på historiske hendelser fra trolldomsprosessene i Finmark på 1600-talet.

Forfattar tar oss tilbake til 1662 og her møter me blant andre Marite Eiriksdatter. Ho hjelper folk når dei treng det, og på denne måten kunne det være lett å stemple ho som «trolldomskvinne». Marite har levd eit tøft liv når me møter ho dette året, og gjennom tilbakeblikk får me ta del i forhistorien hennar. Og sjølv om den var tøff og vond, så er fremtida enda verre.

Marite var ustyrlig som ung. Ho levde for rettferdighet og lot seg ikkje kue, noko som stadig satte ho og mor si i trøbbel opp mot overklassen. Det er ein hovedkarakter med rettferdighetssans og bein i nesa, noko som fører ho langt av stad, og samtidig i store problem. Vil rettferdigheten seire til slutt, eller kjem ho til å lide samme skjebne som så mange før ho?

Ein anna karakter som trer inn i historia, er Anna. Ho og mannen er dømt, men sidan dei er meir velstående og har forgreininger til Kongen, så lever dei meir fritt. Og Anna er meir enn behjelpelig med å fremskaffe navn til dei som dømmer personer til døden. For Anna er heksejeger og er sikker på at ho slepp fri beskyldningene om får nok kvinner brent på bålet. Koste kva det koste vil. Ein karakter som virkelig gir liv til historia, og som faktisk er ein av tre reelle personer som er med i boka.

Det ligg ei dyster stemning over heile historia med mykje sjukdom og død, men også forfølgelse, straff og dødsdommer over ein lav sko. Å brenne hovedsaklig kvinner på bålet vart nærast dagligdags når det stod på som verst. Gjennom denne boka får me eit glimt av korleis det kunne ha vært, sjølv om historia er ein fiksjon.

Vi finner deg skyldig i å ha drevet med trolldom. Du har stått i ledtog med Djevelen, med døden til følge for uskyldige mennesker og dyr. Du dømmes herved til ild og bål.

Det er ein drivende god historie frå start av. Thørring treff ei nerve med si forteljing, og ho er ein dyktig historieforteller som er flink til å formidle sitt bodskap. Ein vert med andre ord dratt rett inn i 1600-talets herjinger, og der vert du værende til boka er ferdiglest.

Forfatter viser stadig kor lett det var å beskylde andre i håp om å få slippe unna den verste torturen sjølv. Det vert slengt ut navn i smerten og fortvilelsen, noko som ofte førte til at uskyldige vart henta inn og lidde samme skjebne.

Torturen var av det grusomme slaget, og her er Thørring særs god når ho skildrer det fleire av kvinnene var gjennom. Ein er flue på veggen og kan formelig kjenne smerten på kroppen medan ein les. Kvinner vart brennmerket, strekt i alle retninger og klemstret. Dei vart kasta i fangehull og levde under særs dårlige kår, medan dei vart torturert og venta på dødsdommen.

Bøddelen henter svovel, som han strør ut over sårene på brystet hennes. Hun er hes av å skrike nå.

«Heksehammeren» eller Malleus Maleficarum som den het, var ei bok som vart utgitt i 1486 og vart lest og nytta over store delar av Europa gjennom perioden der hekser vart forfulgt. Thørring har nytta seg av sitater frå denne boka rundt om i si eiga bok for å setje den rette stemningen, og for å vise galskapen som rådde på den tida. Eit virkningsfullt verkemiddel som kler historia ekstra godt.

Det er korte og handlingsmettede kapitler, der me også fylgjer fleire personer parallelt. Dette fører til eit fint driv boka gjennom, og det vert vanskelig å legge den frå seg. Ein ser raskt at dette er ein erfaren forfattar med eit velutviklet språk og som er trygg på det ho held på med. Alt er skrevet med ei stødig hand og det er ein strålende dialogføring og miljøskildringer som faktisk tar oss tilbake til riktig tidsalder.

Eg vil ikkje skrive så mykje om sjølve historia, sidan det stadig er utvikling og overraskelser som kjem. Men eg kan seie såpass at dette er ein roman som er trollbindende når ein først kjem i gang, og me fylgjer Marite gjennom oppvekst, kjærleik, familieliv, sorger, forfølgelse og den konstante redselen for at ho vil bli den neste som vert henta inn og dømt. For fortida hennar innhenter ho når ho treng det som minst, og det skaper nok ein dimensjon til det Thørring har lagt opp til. Alt heng saman og alt er skrevet med ein plan som vises att i sluttresultatet.

Hun stanser brått når hun ser lyset fra fakler nærme seg. Menn i langsom gange. Hun løper, snubler, tar en sti et stykke unna dem og kommer til slutt så nær at hun kan se tydelig. Amtmannens soldater igjen!

Ein anna ting eg vil rose forfattar for, er at ein får følelsen av å være passe mett når boka er ferdiglest. Ein er rett og slett forsynt. Dette viser at boka er passe lang utan for mykje drøying, og ein har fått den informasjonen ein treng for å kunne lukke siste side utan dei store spørsmåla.

«Heksehammeren» er ein knakende god roman om hekseprosessen på 1600-talet. Den er like spennende som den er interessant, og forfattar Jorun Thørring har ein formidlingsevne og eit fortellerspråk som klistrer meg som lesar til sidene og til tidsperioden på ein imponerende måte. Dette er ein aldri så liten bokskatt du ikkje bør gå glipp av.

TERNINGKAST: 6

Kommentarer

Legg inn en kommentar

Oppdag mer fra Bokblogger

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese