Ny, spennende Nordic Manga-serie.
- Norsk tittel: Forbi stjernenes port
- Forfattere: Benedicte Luane Kristensen & Sam Einar Engh Syftestad
- Sjanger: Teikneserie, Nordic Manga
- Antall sider: 207
- Utgivelsesår: 2024
- Utgiver: Egmont Kids Media Nordic AS
Benedicte Luane Kristensen (Født 1993) er seriekaper, og debuterte som forfatter med boka «Forbi stjernenes port», saman med Sam Einar Engh Syftestad (Født 1992).

15 år gamle Paprika bor på en øde øy sammen med onkel Oliver. En dag ser hun noe falle fra himmelen og oppdager at gjenstanden er et romskip. Med en lilla jente som eneste passasjer. Jenta heter Kaba og har reist fra sin egen planet for å løse gåten til en lysende stein kalt en «himmelsk safir». I håp om at denne vil lede henne til «Stjernenes port». For myten sier at alle de som går gjennom porten, får sitt største ønske oppfylt. Oliver og Paprika legger ut på et spennende eventyr sammen med Kaba for å finne «Stjernenes port». Men de er ikke de eneste som er ute etter å løse mysteriet …
Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Egmont Kids Media Nordic. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Forbi stjernenes port».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein teikneserie og fyrste bok i ein actionfylt Nordic Manga-serie.
Me møter Paprika som er 15 år gamal. Ho bur på ei øde øy saman med onkel Oliver. Ein dag ho er ute og sanker mat, så oppdagar ho eit romskip som faller fra himmelen, og lander i ein innsjø på øya. Ho redder ut jenta som er inni, og tar ho med heim. Rundt halsen har Kaba som ho heiter, ein lysende stein som ho håper vil lede ho til den mytiske «Stjernenes port». Saman med Paprika og Oliver begir ho seg ut på ei reise for å finne nettopp dette stedet.
For mange er kanskje ordet «nordic manga» eit ukjent begrep. Dette er kort fortalt norske teikneserier som er inspirert av japanske teikneserier, som også er kalla manga. Dei er kjent for ein spesiell stil, og er lett gjenkjennelig.
Det fyrste som slår ein når ein starter å lese, er dei fargerike illustrasjonene. Dei varme og fremtredende fargene er ein fryd for auga.
Dei to forfatterne introduserer gradvis sine karakterer for leseren. Dei tar det i sitt tempo, og på denne måten vert eg som leser ikkje overlessa med navn og relasjoner. Sjølve karakterene er gode, og alle har sine eigne særtrekk både når det kjem til utsjånad og oppførsel.
Når det kjem til historia og plottet så beveger me oss litt inn i sci-fi sjangeren. Det handler om eit vesen frå ein anna planet, der dei nytter energi frå steiner for at livet på planeten skal fungere. Samtidig handler det om familie og vennskap. Og ikkje minst tilhørighet.
Det er uttrykksfulle illustrasjoner som er både godt utførte og til tider detaljerte. Ein nytter forskjellige verkemiddel for å få fram uttrykk og handling i bileta. Som f.eks når ein får eit oversiktsbilete av ein situasjon, så vert perifere personer skygga ut, medan hovedpersonene fremstår i farger. Slike små, men samtidig gode verkemiddel skaper ein heilt egen stemning i boka.
Karakterene er interessante og meget uttrykksfulle i sin mimikk. Enkelte har eit temperament som går fra null til hundre på eit lite blunk, medan andre er meir tilbakeholdne. Samspelet mellom karakterene er også noko som er verdt å holda eit auga på. Grunnlaget er solid, og det ligg med andre ord masse her som våre to forfattere kan videreutvikle og leke seg med i dei kommende bøkene.
Eg liker dynamikken mellom Paprika og onkelen. Det er eit elsk/hat forhold, og viser at dei har vokst opp saman, og har hatt få og ingen personer rundt seg. Onkelen er ein farsfigur for ho, men samtidig er Paprika klokkeklar på at han ikkje er faren hennes. Dette skaper konflikter og innimellom artige dialoger.

Eg synes ein har klart å løyse rekkefølgen i dialogene på ein fin måte. Ofte kan snakkebobler hope seg opp og ein vert litt forvirra på rekkefølge, men her har dei ordna det på ein oversikteleg måte.
Det er til tider lange sekvenser med fart og action uten dialoger. Her er det illustrasjoner og ein og anna lydeffekt som taler sitt nakne språk. Ein seier vel at eit bilete seier meir enn tusen ord, og når illustrasjonene er gode og forklarende, så er tekst overflødig. Desse sekvensene kjem til sin rett her, og ein får dermed eit driv i historia som ikkje vert oppstykka av snakkebobler. Eit klokt og riktig valg.
Med forskjellige individer skapes det motvekt til historie og kvarandre. Vennskap oppstår og familie står sterkt. Samtidig er det noko uforløst. Noko som ligg og murrer. Spørsmål som ikkje vert besvart. Ein nysgjerrighet skapes.
«Forbi stjernenes port» er ei solid fyrste bok i ein ny Nordic Manga-serie. Dei to forfatterne, Kristensen og Syftestad, har klart å skape ein heilhet i historia og pirrer nysgjerrigheten rundt både karakterer og univers, som gjer at bok nr. 2 ikkje kan komme raskt nok.
TERNINGKAST: 5