Tredje krimroman i serien om psykolog Iselin Norman.
- Norsk tittel: Hun som ingen unnslipper
- Forfatter: Ingrid Berglund
- Sjanger: Krim
- Antall sider: 351
- Utgivelsesår: 2008/2023
- Utgiver: Gyldendal Norsk Forlag
Ingrid Berglund (Født 1966) har ein mastergrad i økonomi og finans, og har blant anna jobba som finansanalytiker. Ho debuterte som forfattar med krimromanen «Det svakeste ledd» i 2006. Sidan den gong har ho gitt ut ei rekkje bøker. I 2022 gav ho ut krimromanen «Den svarte svanen», der ho fulgte opp med «En skygge på min grav» i 2023.

I Oslo blir liket av en kvinne funnet i grunnmuren til en gammel bygård. Psykolog Iselin Norman blir involvert i drapssaken fordi hun nylig arvet ti prosent av aksjene i selskapet som eier bygården. Med sin eierandel blir hun en viktig faktor i maktkampen i selskapet, en konflikt mellom gammel og ny kapital, tradisjon og innovasjon. Og i bakgrunnen ligger kampen om en kvinne.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Hun som ingen unnslipper».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein krimroman og tredje bok i serien om psykolog Iselin Norman. Boka vart utgitt fyrste gong i 2008 på Kagge Forlag. Her er den utgitt som ein del av Gyldendal Pocket. Desse tre bøkene kan fint leses frittstående, sjølv om det er enkelte koblinger mellom dei.
Me møter att psykolog Iselin Norman. Denne gongen har ho arva 10% av aksjene i Christiania Eiendom AS. Eit selskap som er særs mannsdominert og eit familieselskap, der Iselin blir vippepunktet mellom saker med sine ti prosent. Men det er ikkje hennes største problem, for i den eine bygården selskapet eiger, så har dei funnet eit lik av ei kvinne i grunnmuren. Og for oss som kjenner Iselin gjennom dei to foregående bøkene i serien, så veit me at ho kjem til å stikke både nesa og begge hendene inn i eit vepsebol….
Boka starter meir eller mindre med slutten. Iselin er i Tyrkia der ho vert forfulgt. Så hopper historia tre måneder bak i tid, og me får historia fortalt av Iselin. Den er lagt til 2007, og er ei jeg-fortelling. Me får dermed heile saken sett frå Iselin sitt ståsted og hennes synspunkter.
Det fyrste ein legg merke til er miljøskildringene, der Berglund plukker deg opp og plasserer deg midt i begivenhetens sentrum. Så lett, så enkelt, men akk så vanskelig å utføre. Det kan nok bli litt vél masse skildringer innimellom, men når det er på øverste hylle så må ein berre la seg begeistre.
Jeg kunne lukte kronbladenes duftende farvel idet de skjelvende lukket seg for kvelden, saltvannet som slikket steinene, forråtnelsen i de døde grenene på bakken. Og jeg kunne lukte min egen frykt.
I tillegg til Iselin så kretser det aller meste seg rundt eigerne av selskapet. To brødre som eig 42% av selskapet, og ein investor, som og er fetter av brødrene, eig 48% av aksjene. Det viser seg tidleg at denne kvinna som vert funnet drept har ein relasjon til ein av desse menna. Det viser seg også at alle har motiv for å drepe, men er det ein av desse, eller er det nokon utanfor denne nære kretsen?
Historia har forgreininger tilbake til andre verdskrig, og særskilt inndraging og beslaglegging av formuer og objekter som var eigd av jøder. Her synes eg at Berglund treff meget bra med sin tematikk og dei vendingene historien tar. Det føles naturleg, samtidig som det er til ettertanke.
Det er uten tvil risikabelt å skrive ein krimroman, og lage eit plott der det sånn ved fyrste augekast virker å være kun tre potensielle gjerningspersoner. Ein skal være rimelig trygg på seg sjølv som forfatter når ein gir seg i kast med eit slikt plott. Når det er sagt, så synes eg at Berglund løyser det bra, enten på den eine eller den andre måten.
Dette er ein sakte oppbyggende krim, der nysgjerrighet og stahet er ein dyd. Det er politi inne i biletet, men dei speler tredjefiolin i denne historia. Her er det Iselin for alle penga, og då fyrst og fremst hennes egenskaper som psykolog. Ho speler på det psykologiske aspektet ved å lese følelser og mimikk i gitte situasjoner for å sjå om personer lyver og/eller skjuler noko eller ikkje.
Parallelt med å forsøke å finne ut av kva som skjedde med den drepte kvinna, så forsøker ein også å finne ut om bestefaren til Iselin vart drept eller om det var ein naturlig død for 3 år sidan. Og ikkje minst om det har noko paralleller til oppdraga han tok for nettopp dette selskapet som Iselin no er ein del av.
Forfatter bygger videre på karakteren til Iselin. Me kjem meir under huda, og me får eit meir karakteristisk mønster på korleis ho oppfører seg når ho møter motstand, og kva som driv ho videre. Det er lite om forholdet ho har med Andreas, så i denne boka er han kun ein perifer person som vert nevnt i ny og ne.
Denne boka vart utgitt fyrste gong i 2008, og krimsjangeren har utvikla seg ein god del sidan den gong. Likevel vil eg påstå at denne boka står sterkt, sjølv etter så mange år. Dette viser at Berglund treff noko hos lesaren, og at ho klarer å trykke på dei riktige «krim-knappene».
Eg følte det vart ein ujevn start med blant anna ein del unødvendig lange skildringer og utenomsnakk. Det var ein del bakgrunnsstoff om bedrifter og forretningsdrift som ikkje fattet min store interesse. Men dette er litt etter kva auge som ser.
Kreativiteten, energien og pengene man nedlegger i å finne smutthull i skattelovene, muligheter til å skjule transaksjoner, eller bare unngå offentlighetens lys, har tilsynelatende ingen ende. Mye er lovlig, mye er det ikke. Noe er moralsk forkastelig, noe er det ikke.
Iselin er ein person som er litt tilbakeholden og skeptisk til personer ho ikkje kjenner. Men denne gongen slepp ho personer nært innpå seg. Årsaken til det består av fleire faktorer, men eg likte at forfatter leiker meir med personlighetsutvikling og det emosjonelle rundt hovedkarakteren. Det gjer vedkommende meir levende med ein gong.
Det psykologiske aspektet er noko forfatter speler på meir eller mindre heile tida. Og det er fornuftig med tanke på at det nesten er eineste måten for Iselin å finne fram til riktig gjerningsperson.
Han vred hendene sine, men under bordet. Mimikken i ansiktet avslørte ham, men bare i en tiendedel av et sekund før han fikk kontroll igjen.
Språket er solid og miljøskildringene er som tidlegare nevnt på øverste hylle. Enkelte skildringer kunne riktignok vert korta ned ein del for å skape meir fart og driv i forteljinga. Berglund klarer på imponerende vis å halde korta tett til brystet, og med det meir eller mindre oppfordrer leser til å måtte lese mellom linjene. Eit fint verkemiddel som utnyttes til det fulle.
«Hun som ingen unnslipper» er ein sakte oppbyggende krimroman med ein velskrevet og karismatisk karakter i hovedrollen. Med eit solid plott held spenninga seg til siste side og siste setning er lest.
TERNINGKAST: 4+