Ein teikneserieroman som handler om å stå opp for seg sjølv.
- Norsk tittel: Fritt fall
- Forfatter: Emily Sørensen
- Sjanger: Teikneserie, Roman
- Antall sider: 211
- Utgivelsesår: 2024
- Utgiver: Egmont Kids Media Nordic
Emily Sørensen (Født 1994) er teikneserieskaper og barnehagemedarbeider. Ho debuterte som forfatter med den teikna novellesamlinga «Under regnbuen» i 2022, før ho gav ut «Fritt fall» i 2024.

Lavendel er en engel som bor i det perfekte himmelriket «Overlandet». Her møter hun sin sjelemake, hun oppfyller ønsker for mennesker, og lever et liv i komplett harmoni. I følge alle de andre englene … Men Lavendel føler seg verken heldig, lykkelig eller harmonisk sammen med sin sjelemake Datura. Noe som er umulig å gjøre noe med, for hvem kan redde en engel fra selveste himmelen? Den oppgaven blir ufrivillg gitt til Aster. En falsk engel som kommer dalende fra intet, og er ikke i stand til å huske hvem hen er. De to flykter sammen i håp om å finne svar hos den evig lokkende sola. Men Lavendels «kjærlige» sjelemake har ikke tenkt å la sin øyenstein slippe unna så lett …
Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Egmont Kids Media Nordic. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Fritt fall».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein teikneserieroman som handler om tilhørighet og venskap.
Boka starter med at Lavendel dør i ung alder. Ho trur då livet er over, men det er her det heile starter. Ho kjem til eit harmonisk og perfekt himmelrike der ho får ein sjelemake i Datura. Han har eit kulerundt hovud, og minner meir om ein «marsboer» enn eit menneske. Han har ein hersketeknikk som ingen våger å seie imot. Så kor harmonisk det eigentleg er i «Overlandet», kan så absolutt diskuteres… Men for Lavendel er det ingen lykkelig kvardag, og ho drøymer seg meir og meir bort til sola, som ho alltid har hatt eit nært forhold til. Når ein falsk engel inntar himmelriket, øyner ho muligheten til å rømme saman med han. Men jakta på dei to vert fort tatt opp…
Dette er i utgangspunktet ein jeg-fortelling, men sidan heile historia foregår gjennom ein teikneserie, så vert det på ein anna måte enn i ein vanleg roman. Men det fungerer heilt fint, og ein får følelsen av å fylgja ein spesifikk person og at det er hennes historie som vert fortalt.
Det fineste var å se sola gå ned en aller siste gang. Jeg trodde alt var over. Men der tok jeg feil. For solnedgangen stoppet ikke.
Sørensen nyttar seg ofte av store teikningar, utan at det nødvendigvis er detaljene som lyser mot deg. Ho nyttar meir ein minimalistisk fremtoning, der ansiktet og uttrykksformen får hovedfokuset. Det er med andre ord enkle, men virkningsfulle illustrasjoner. Bakgrunnen fades ofte vekk, og dermed er det historien som skiller seg ut.
Ein ser raskt at forfatter har lekt seg med både navn og utseende på enkelte karakterer, og her er det ein liten kuriositet at alle dei sentrale karakterene har plantenavn. Og det beste ved dette er at navna ikkje er tilfeldige. Dette forklares bak i boka. Ein kan ikkje unngå å dra på smilebåndet her og der, men det er likefullt ein seriøs tone i historien, og bodskapet er krystallklart.
Forfatter har nytta seg av forskjellige verkemiddel for å skilje personer frå kvarandre. Lavendel er f.eks blåaktig i huda og skil seg lett ut frå resten, og fargene i snakkeboblene er forskjellige. Dette gjer til at ting flyt fint visuelt, og ein stusser aldri over kven som seier kva.
Historia er forvirrende. Det føltes som om den vart til etterkvart som stien blei tråkket opp. Denne oppfattelsen oppstår mest på grunn av relativt lite opplysninger i tekst, og lite detaljer i teikningane. Dermed vart det ein del situasjoner der eg følte eg måtte lese mellom linjene.
Bodskapet er veldig fint. Det handler om å stå opp for seg sjølv, og ikkje la andre forme deg og din personlighet. Vær den du er, stol på eigne egenskaper og gå dine eigne veger utan at andre skal seie kva du skal gjere. Det handler også om å ikkje la nokon trykke deg ned med sin væremåte og verbale fremtoning.
….Jeg blir aldri fortalt at jeg er flink til noe som helst.
Det vert nytta gode visuelle effekter for å vise maktforskjell mellom karakterer, der enkelte troner høgt over andre.
Det er eit merkverdig univers Sørensen tar oss med inn i. Det er ein blanding av fantasy, der magiske krefter oppstår, og det medmenneskelige med følelser og nærhet. Ein får dermed ein kamp mellom det gode og det onde, der monstre og onde personer gjer alt for å stoppe det gode frå å nå sine mål.
Karakterene er vidt forskjellige i både utseende og væremåte. Det er dyr, mennesker og sære skapninger som lever saman i eit i utgangspunktet fredfullt univers. Dei fleste har lite personlighet i seg, så her speler forfatter meir på utseende. Det er likevel eit tydelig skilje mellom kven som vil Lavendel godt og ikkje. Det oppstår ein stille aksept mellom dei, og der hennes sjelemake trakk ho ned, kjem Aster inn og bygger ho opp. Her viser Sørensen ordets makt i sin rette forstand.
Det er ein lang oppbyggelig historie med ei rask avslutning. Men sjølv om slutten kjem litt brått på, så står likevel bodskap og tanken bak fjellstøtt historia gjennom.
«Fritt fall» er ein teikneserieroman som innehar eit godt og tydelig bodskap. Med sine store illustrasjoner og uttrykksfulle karakterer, så er dette eit visuelt blikkfang av ei bok.
TERNINGKAST: 4