Velskrevet musikkdokumentar om ein vennegjeng som tok Noreg med storm.
- Norsk tittel: Soda – Sodapop
- Forfatter: Geir Jacobsen
- Sjanger: Dokumentar, Musikk
- Antall sider: 172
- Utgivelsesår: 2024
- Utgiver: Norske albumklassikere / Falck Forlag
Geir Jacobsen (Født 1976) bur i Trondheim. «Lyst mørke» som kom ut i 2021 er hans fyrste roman. Med denne vann han Årets Ulest i 2021. I 2023 gav han ut romanen «Drømmelaget», og i 2024 kom han ut med «Sodapop».

I 1999 stormet en vennegjeng fra Trondheim inn på den norske musikkscenen og tok publikum med storm. Soda var årets popsensasjon, og hele Norge danset til «Summer Delight» og «2 Cool 2 Be Cool». Debutalbumet Sodapop gikk rett til topps på hitlistene, og solgte mer enn 100 000 eksemplarer. Historien om Sodapop er en fortelling om glitrende popdrømmer, en mastertape full av catchy hits, og en verden på full fart inn et nytt årtusen.
Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Soda – Sodapop».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein dokumentar om musikkgruppa Soda, som slo gjennom på slutten av 1990-talet.
Personleg så har eg ingen forhold til gruppa «Soda», men når eg tok ein tur innom Spotify, så kjente eg igjen nokre av sangene deira. Så det var med ein viss interesse at eg gav meg i kast med boka.
Jacobsen starter med å skrive litt om musikksjangrer, og korleis musikken forandret seg utover på 90-talet. Særskilt reklamebaserte radiokanaler gjorde sitt inntog, og med dei fulgte også ein meir dance-basert musikk og sodapop som nådde ut til eit heilt nytt publikum. Dette vart også starten på eit trønderband.
Me fylgjer bandet frå den spede oppstart og til dei slår gjennom med sin musikk. Det heile starta med to personer og ein popstjernedraum. Dei samla saman nokre personer og bandet var eit faktum.
Forfatter er dyktig til å utbrodere utan at det vert kjedelig. Gjennom intervjuer med bandmedlemmene, avisutklipp og andre kjelder, så har han skapt ein solid historie som er både interessant og velskrevet. Me får eit innblikk frå innsida av musikklivet rundt tusenårsskiftet.
Den ene kvelden spiller de på store scener for tusenvis av tilskuere, dagen etter spiller de på et samfunnshus i ingenmannsland for femti betalende gjester. Soda blir aldri et band som reiser på turné som Mötley Crüe eller Led Zeppelin. Ingen hotellrom blir knust, ingen raver naken rundt i hotellkorridorene midt på natta. Soda møter opp til riktig tidspunkt, takker pent for maten og inviterer fansen backstage etter konsertene for meet and greet, singering av CD-er, og ikke minst for å prate skit – på alle mulige måter.
Soda var eit band som plateselskapet Norske Gram trykket til sitt hjerte. Dei hadde blant andre Postgirobygget og D.D.E i stallen, og visste nøyaktig kva strategiske marknadsføringer som måtte til for å promotere dette nye sodapop-bandet best mogleg. Vegen har vert relativt lang frå oppstart til plateutgivelse. Men derfra ser dei seg ikkje attende, og me får ta del på denne reisa.
Det er litt risikabelt å skrive om eit lokalt band, som riktignok oppnådde relativt stor suksess. Nisjen er i utgangspunktet smal, og særleg når det har gått så mange år sidan deira gjennombrudd. Samtidig er det eit friskt pust og det er ei gruppe som fortjener nok ein runde i rampelyset. Kanskje kan Jacobsen blåse nytt liv i spilletida på låtene rundt om på musikkplattformene med denne boka?
Skildringene og måten Jacobsen klarer å binde det heile saman til ei interessant historie, er kunst. Han har eit unikt talent der, og han klarer å skape engasjement og interesse rundt det han skriv. Språket har runde kanter, men likevel unngår han lange og kjedelige utgreiinger. Han går inn i historia om Soda med heile si sjel, og det vises att. Det er med stor beundring eg ser korleis han klarer å presse inn det litterære i teksten, utan at det virker påtvunget. For Geir Jacobsen så faller det berre naturleg.
Ute skinner trøndersommeren som aldri før, det er som om noen har hengt opp en stor gul lampe som henger og dingler fra en knallblå himmel og gjør sommeren evig. Fra kjellerstua høres bruddstykker av melodier som bærer preg av lyse og bekymringsløse netter.
Her får ein servert historier og anekdoter frå turnélivet som er morosamme og som kan få ein til å heve på eit øyebryn. Det var ingen stjernenykker å sjå, og det er artig å sjå skilnaden på den gang, og det det er idag. Alt dette er ført i boka av ei særs stødig forfatterhånd.
Det er korte kapitler, og kvart kapittel innehar tittel frå kjente og mindre kjente sanglåter. Eit fiffig og artig påfunn som skaper ein ekstra dimensjon og reise tilbake i musikkens verd.
Soda sin kanskje mest kjente låt er 2 Cool 2 B Cool. Ein skulle kanskje tru at det låg masse arbeid og nøye planlegging bak denne sangen, men her får me bakgrunnsinformasjonen om korleis den vart til. Utan å røpe for masse, så kan eg seie at tilfeldighetene rår..
Eg liker måten forfatter veksler mellom turnéliv og det dagligdagse. Det er ein ærleg historie om korleis livet var på og utenfor scenen, og om kjemien mellom dei fem medlemmene. Her må ein også rose desse personene som har sett tilbake på denne tida, der dei på ingen måte har glorifisert verken seg sjølv eller andre i bandet.
Bak i boka finn ein bilete og avisoppslag frå historier og reportasjer som er nevnt i boka. Ein fin avrunding på ei interessant reise gjennom slutten av 90-talet.
«Soda – Sodapop» er ein velskrevet og interessant dokumentar om trønderbandet Soda. Geir Jacobsen har nok ein gong klart å fengsle lesar med sitt språklege uttrykk, og gjer gråstein om til gull. Dette var ein overraskende hyggeleg lesestund, sjølv for ein som ikkje står Soda nært, og bør være eit «must» for alle musikkelskere der ute.
TERNINGKAST: 5