Lille Pike av Lisette Askø

Ei samling av historier, dikt og noveller som innehar viktig og god tematikk.

  • Norsk tittel: Lille Pike
  • Forfatter: Lisette Askø
  • Sjanger: Roman, Noveller
  • Antall sider: 150
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: CreAlea Forlag

Lisette Askø (Født 1981) kjem frå Askim. Ho er utdanna innen teater og grafisk design. Til dagleg jobbar ho med bokdesign. Askø debuterte som forfattar i 2012 med ungdomsboka «Synnes puslespill». Sidan den gong har ho blant anna gitt ut fleire ungdomsbøker, barnebøker og stått bak ei rekkje antologier.

Lille pike er en tekstsamling av Lisette Askø. Flere av tekstene handler om Luna, og også om hennes mor og hennes mormor. Tekstene reflekterer rundt hvordan ting som skjer i en generasjon kan påvirke de neste generasjonene i svært stor grad. Lille pike er en sterk, varm, men likevel tøff bok som er tenkt for å skape ettertanke.

Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Lille Pike».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein tekstsamling med diverse historier og enkelte dikt.

Boka er delt inn i 3 deler. Den fyrste delen handlar om Luna. Ho er ei jente som er født med dårlige forutsetninger. Den andre delen består av individuelle tekster/noveller og enkelte dikt, medan tredje del viser den andre siden av historia frå den fyrste delen.

La oss ta for oss Lille pike-historien fyrst og fremst. Denne historien er den som utvilsomt tar størst plass i tekstsamlingen. Dette er ei historie om tre generasjoner med kvinner som påvirkes av kvarandre. Dette viser korleis oppvekstmiljø påverker ikkje berre barnet, men også kommende generasjoner.

Luna og moren har etter sigende eit godt forhold til kvarandre. Verre er det med bestemoren til Luna. Ho har full kontroll på alt som skjer, og styrer livene til si dotter og barnebarn. Men kor langt vil det gå før det skjer noko?

Me vert vitne til ein skakkjørt familiesituasjon, der slekt skal følge slekters gang virker det som. Historien spriker fra 1936 til 2023, noko som er forventet når ein skal innom tre generasjoner. Askø har skrevet ein god og formidlende historie som viser kor lett ting som skjedde frå 1936 kan påvirke eit menneske i 2023. Det er absolutt ein historie som er til ettertanke, i tillegg til å være sår og trist.

Moren lå fortsatt i sengen, med ryggen vendt mot henne. Luna krøp oppi sengen, og la seg nok en gang inntil morens kalde kropp. Hun trakk dynen enda litt tettere om henne, og la armen rundt livet hennes.

Det eg likte særs godt ved denne tekstsamlingen, er del 3 av den. Her vert me kjent med dei navnlause personene som var perifere i livene til Luna og dei to andre kvinnene i fyrste delen. Her viser forfattar i sin tekst kva dei tenkte og kva dei kunne ha gjort. Små ting kunne ha forandret alt. Og det er hovedtemaet i boka. Å tørre å gjere ein liten forskjell for eit menneske. Tørre å gripe inn når ein ser at andre har det vondt.

Desse to delene innehar eit meget godt språk. Betraktningene er solide og skjebnene er mange. Historien er sterk, intens og innehar eit vidt spekter av følelser. Ein kan sjå at historiene er skrevet med fleire års mellomrom. Forfatter har utviklet skrivemåten gjennom desse årene, men likevel står begge historiene fjellstøtt.

Del to innehar eit lite vell av korte historier/noveller og dikt. Askø er innom temaer som skoleskyting, psykisk helse, koronapandemi, svindlere og død og fordervelse. Historia om skoleskytingen er originalt skrevet, då forfatter skriver bakover i tid. Det fungerte overraskende bra.

Diktene er fri-dikt med eit forklarende innhald som gir rom for ettertanke. Dette viser også den store kompetansen forfatter har i sitt forfatterskap, når ein klarer å meistre forskjellige sjangrer og kategorier så bra som ho gjer.

Mine dystre tanker
har hengt rundt min hals
Kvalt meg sakte
i endeløs vals

Grepet er sluppet
jeg kan puste fritt
Avkledd og sårbar
mine vinger er slitt

Frå diktet ‘Ny’.

Enkelte historier skulle eg gjerne sett var litt meir utfyllende og lengre, då bodskapet forsvinn i den korte teksten. Det vart litt intenst og ein følte ein gjekk glipp av noko når ting skal snevres inn.

Askø er innom den mentale biten, der ensomhet også er eit tema i fleire av dei korte historiene. Igjen så trekk ho fram kor lite det er som skal til for at eit menneske skal føle seg sett. På den andre siden viser ho kor enkelt det er å lure og manipulere ein person til å ta feil valg, blendet av følelser og begjær.

En klump i halsen fikk Lina til å ikke klare å ta en eneste bit av julematen, og hun skjøv tallerkenen vekk. Hun hadde nesten ikke spist noe. Det var rart hvordan en så liten, ubetydelig ting kunne engasjere henne så mye.

Sjølv om temaene spriker, så er det ein raud tråd der. Askø har samlet saman historier skrevet opp gjennom årene til ein flott og velkomponert samling.

«Lille Pike» består av mange historier som setter følelser i sving. Askø er innom gode og viktige temaer som aldri går ut på dato. Forfriskende og varierte skrivemåter gjer til at dette vart ei hyggelig lesestund, til tross for sitt noko dystre innhald.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s