Ei lita, men likevel stor diktsamling skrevet av ei ung jente.
- Norsk tittel: Fra morgen til kveld
- Forfattar: Elena Angelica Skogan Askø
- Sjanger: Dikt, Poesi
- Antall sider: 40
- Utgivelsesår: 2021
- Utgiver: CreAlea Forlag
Elena Angelica Skogan Askø (Født 2011) gav ut diktsamlinga «Fra morgen til kveld» i 2021.

Tidligere publisert i antologien ”Snu på krona”, med eventyret ”Corona”. Dette er hennes første diktbok ”Fra morgen til kveld”.
Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå CreAlea Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Fra morgen til kveld».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Grunna forfatters unge alder velger eg å ikkje bruke terningkast i denne bokanmeldelsen. Dette er uavhengig av kva karakter eg ville ha gitt.
Dette er ei lita diktsamling som tar for seg kvardagslege ting sett frå ein ung persons perspektiv.
Elena Angelica er kun 11 år, og har allereie gitt ut si eiga diktbok. Det i seg sjølv er imponerende. Når ein ser på innhaldet og nivået i dikta, vert ein enda meir imponert.
I mine drømmer
Utdrag frå diktet «Forelskelse».
Syr jeg noen sømmer
Med kjærlighetens tråd
sydd littegran på skrå
Oppsettet i boka er luftig. Det er dikt på annenkvar side uten nokon form for teiknsetting eller bilete. Her er det orda som taler for seg sjølv. Det er overskrifter ved kvart dikt, som skildrer innhaldet i diktet.
Hadde eg ikkje visst alder på forfattar på førehand, så ville eg nok ikkje tenkt over at det er eit barn som hadde skrevet desse dikta. Ja, det er enkelte litt barnlige dikt, men samtidig så ligg det alvor og gode temaer til grunn. Det finnes garantert fleire flinke skribenter og diktere i ung alder der ute, og kanskje kan Elena Angelica bane vei for desse.
Dikta er forklarende og lettfattelige å forstå. Enkelte dikt er barnlige, medan andre inneheld alvorlege temaer. Det er temaer som f.eks drømmeverden, forelskelse, mobbing og hundevalper.
Du har våt tunge
Frå diktet «Bonus».
Tunga di slikker meg i nesa
Du er liten
men stor for meg
Boka inneheld ein raud tråd. Det starter og slutter med drømmeverden. Mellom desse dikta finn ein det eit barn/ungdom kan oppleve i løpet av ein dag. Komposisjonen er dermed komplett og gjennomtenkt.
Nokre dikt er på rim, men fyrst og fremst er det fri dikt med eit bodskap i bunn. Det er i alt 18 dikt, og dei aller fleste er korte, men likevel konsise med eit innhald som ein kan assosiere seg med.
Jeg står naken
Frå diktet «Mobbing».
i dusjen
Det er helt mørkt
Jeg føler meg alene
De andre har skrudd av lyset
Med tanke på at Elena Angelica klarer å uttrykke seg på ein strålende måte i så ung alder gjennom poesien, så har me masse i vente i åra som kjem. Dette er ei stemme med kloke ord og gjennomtenkte tanker.
«Fra morgen til kveld» er ei lita diktsamling som skildrer det kvardagslege sett gjennom ei ung jentes øyne. Temaene er mange og varierte, og vil være til stor inspirasjon for andre unge til å forsøke seg i poesiens verden.