Risiko av Sven G. Simonsen

Ein spanande thriller med krimelement frå finansverdenen, med ein sterk kvinneleg karakter i hovedrollen.

  • Norsk tittel: Risiko
  • Forfattar: Sven G. Simonsen
  • Sjanger: Thriller, Krim
  • Antall sider: 394
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Press Forlag

Sven G. Simonsen (Født 1965) er journalist, statsviter og bistandsarbeider. Han har jobba som forsker ved PRIO, og har hatt ei rekkje oppdrag for FN i Afrika og Asia. Han gav ut boka «Over sperregrensen» i 2019. I 2020 gav han ut thrilleren «Risiko».

Liv Eriksson er psykolog og har arbeidet i noen av verdens tøffeste konfliktområder, men når kjæresten Olav faller i døden mens de er på klatreferie i Thailand, bryter hun sammen og isolerer seg. På nettet ligger en film som viser fallet. Noen der ute vet hva som egentlig skjedde da han døde. Olav var spesialetterforsker i Økokrim og hadde hemmeligheter som hverken hun eller hans kolleger visste om. Kjente hun ham egentlig? Jakten på sannheten tar henne på en reise, til München, Kypros, Beirut, som blir stadig farligere etter hvert som hun nærmer seg avsløringen av en forbrytelse av spektakulære dimensjoner.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Risiko».

Dette er ein actionfylt finansthriller med ein sterk kvinneleg karakter i hovedrollen.

Boka starter med at ein får kasta mange navn på personer i fleisen. Kven som er viktige, og kven som berre er perifere personer, aner ein ikkje ved fyrste augekast. Etterkvart løyser det seg opp, men starten er med andre ord ei lesestund med konsentrasjon.

Ein finn fort ut at handlinga er lagt til finansverdenen, og dens gråsone å arbeide i. Her er det økonomisk kriminalitet som er hovedtema. Som med det meste annet, så foregår alt i cyberverdenen. Det vert ein del terminologier innen dataspråket, som ein bør skjønne hovedkonturene av, for å få fullt utbytte av historia, men sjølvsagt ikkje eit must.

Hovedkarakteren er Liv Eriksson. Fjellklatrar, psykolog og traumeekspert. Karakteren er bunnsolid, og fremstår som sterk, sjølvstendig og har ein stor rettferdighetssans. Dette er ein person som det ikkje går an å mislike, og som forfattar klarar å utvikle gjennom romanen. Ein anna karakter er hennes venninne, Dania, som óg er ein sterk kvinneskikkelse. Felles for dei begge er at dei har ein tung bagasje å dra på, men som likevel står opp for seg sjølv og andre. Eg synes forfattar likevel klarer å utjevne dette litt «macho» uttrykket av dei, med den sårbare sida, der dei viser sin svake side, også for andre. Dette skaper eit meir truverdig bilete, og personifiserer karakterene på ein fin og god måte.

«Have a good day?» raste hun. «Hvordan i helsike skal jeg kunne ha en god dag når jeg må høre på en talentløs gnom som deg?! Har du overhodet tenkt over den teksten? Du forsøker å låte som Dylan, men du fatter jo faen ingenting!»

Politiet er involvert, men sjølv om det er overfall og drap, vert ikkje politietterforskinga vektlagt i boka. Det er fyrst og fremst action og thriller-delen som vert prioritert, der me fylgjer Liv’s jakt på sanninga rundt hennes mann, Olav. Dette fungerer utmerket, og Simonsen klarer å skape den rette stemninga i romanen.

Historia inneheld både fakta og fiction innan finansverdenen og historien rundt stedsnavn og land. Ein får eit godt innblikk i korleis eit stort økonomisk kupp kan gå føre seg, der store summer vert flytta på via forskjellige banker og skatteparadiser rundt om i verda.

«Folk flest tror at måten å tjene masse penger på er å bli rockestjerne eller å gründe et IT-selskap. Men realiteten er at de aller fleste som tjener mye penger, jobber med penger. Det er oppskriften – jobb med penger. Helst med andres penger, for da tar de regninga om det får galt.»

Det er stort sett eit godt og intenst driv i historia. Enkelte opphald er det, der eg synes forfatter kunne kuttet litt ned på enkelte partier, for å kunne opprettholdt tempoet. For ein vert dratt rett inn i plottet og historien, der boka har eit godt driv. Tid og sted seiler sin eiga sjø, særskilt siste del av boka er eit solid stykke arbeid, der eg ikkje klarte å legga boka frå meg før siste side var lest.

Det ligg ei nerve gjennom heile romanen. Den ligg der, blir dratt frem no og då, før den trekk seg litt tilbake att. Men den er der, og ein kan lesa mellom linjene at noko er i ferd med å skje. Kven kan ein stole på, og kven har ein finger med i spelet? Eit godt verkemiddel som er ein thriller verdig.

Språket er upåklagelig, og med gode dialoger og korte kapitler som driver leseren videre, er denne ein page-turner. Miljøskildringene rundt karakterene er gode, og finansmiljøet er nesten skildra som på eit kinolerret, med høg sigarføring, dyre klokker, kvinner og mange fester, men arbeidsnarkomane som få.

«Risiko» er ein meget god finansthriller, der forfattar Sven G. Simonsen har skapt seg sjølv eit navn gjennom denne boka, som vil bli lagt merke til. Anbefales på det varmeste.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s