Vinterspire av Irene Lyster

Ein debutroman om kjærleik og sterke følelsar, men ikkje utan komplikasjonar.

  • Norsk tittel: Vinterspire
  • Forfattar: Irene Lyster
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 247
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Kil Forlag

Irene Lyster (Født 1970) pedagogisk embetseksamen fra UiO, og breid yrkesbakgrunn. Ho debuterte som forfattar med romanen «Vinterspire» i 2021.

Thea jobber nesten døgnet rundt mens hun drømmer om å flytte tilbake til barndommens øy i havgapet, langt unna Oslo, jobbpress og forventninger.
Sammen med sjefens nevø blir hun dratt inn et bedrageri med forgreninger til skatteparadiset Cayman Islands. Og selv om de er tiltrukket av hverandre, er det noe Thea ikke forteller om og som truer det gryende kjærlighetsforholdet.
Vinterspire er historien om to ulike personer som forelsker seg på hver sin måte, om dilemmaer og hemmeligheter, men dypest sett handler den om lengsel etter nærhet, tvil om å være god nok og verd å bli elsket.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måten påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Vinterspire».

Dette er ein roman om kjærleik, og er ei historie som nok passar best til den kvinnelege skaren av lesarar, men er óg ei fin lesestund for den mannlege delen.

Boka handlar fyrst og fremst om Thea og Snorre. Historia veksler mellom desse to, og begge er skrevet i jeg-format. Dette skaper eit meir naturleg forhold og og viser ulikhetene mellom dei to. Dei har følelser for kvarandre, men på kvar sin måte, noko som også kjem til syne i romanen.

Hovedkarakterene er godt skildra. Som lesar får ein ny informasjon om fortida deira der det faller inn på ein naturleg måte. Ein blir ikkje overlesset med informasjon, då dette er ein sakte oppbygget historie. I så måte var det ei behagelig lesestund. Det er óg andre karakterer med i boka, som f.eks onkel Trond. Han styrer firmaet, og var ein karakter som eg sleit med å bli klok på. Personen var både høgt og lågt, og eg fekk ikkje følelsen av å bli «kjent» med han. Men det betyr ikkje at ein anna lesar får det samme «problemet».

Dialogene er interessante. Dei aller fleste dialogene er veldig korte, men samtidig rommer dei noko meiningsfullt. Her har forfattar gjort ein strålande jobb med å unngå å ha med fyllstoff for å holda dialogene i gang. Det er meir skildring av følelser, tanker, augekontakt og reaksjoner til Thea og Snorre som fyller opp romanen.

Jeg rykket fram armen som var i klem under henne. Føttene klasket i gulvet før jeg kom meg ustøtt ut i gangen og inn gjennom nærmeste dør. I speilet på badet fikk jeg se et blekt ansikt. Jeg subba videre mot det ene store vinduet, måtte ha luft. Et svakt gjenskinn av øynene som stirret på meg fra baderomsspeilet kom til syne her også. Vinduet lot seg bare åpne til ei smal glipe, det var for lite. «Snorre» sa noen lavt. Det kom en kulde over meg, så jeg fant klærne, stusset over jentetrusa som lå slengt, fant skoa i gangen og styrtet ut.

Ein bi-historie i romanen handlar om bedrageri innad i firmaet. Kven står bak, og kvifor er dette gjort, vert ein del av innhaldet. Eg føler at dette kanskje var ein litt overflødig problemstilling, då den forsvinn i store deler av romanen, før ein får eit endeleg svar på slutten.
Sjølv om hovedinnhaldet handlar om sakte oppbygd kjærleik, er det også gjort rom for overraskende vendinger, dilemmaer, dramatikk og litt spenning.

Samspelet mellom Snorre og hans 3-årige son er strålende, og er ei historie som verkeleg er bunnsolid. Når det blåser på toppene, når følelsene er på botn, så finn Snorre glede i å vere med sonen sin, og dette gjev han så masse i livet, og han veks på å vere med den lille krabaten.

Alexander kastet seg i armene mine. Kroppen bølget fram og tilbake sånn som han gjorde når han ville at jeg skulle gå med ham. Jeg burde ikke bære ham, men det trøstet å ha ham inntil meg, kjenne varmen.

Snorre er i slutten av 20-åra, medan Thea er i byrjinga av 30-åra. Likevel fekk eg følelsen av at dei til tidar oppfører seg som fjortiser. Som om dette er fyrste gong dei var forelska, eller hadde sterke følelser for ein anna person. Her kunne forfattar ha tonet det ned litt, slik at ein fekk eit meir realistisk bilete, alder tatt i betraktning. Så skal det til forfatters forsvar sies at kjærleik kan få enkelte til å oppføre seg slik, så noko fasitsvar finnes ikkje.

Irene Lyster har skildra kjærleik frå alle moglege kantar og vinkler. Ho har vert meget dyktig til å vise kor enkelt og komplisert følelser kan vera. Ho viser heile følelsesregisteret gjennom denne romanen, og ho har gjort på ein veldig fin måte. Lyster bruker familie og born som knutepunkter, i tillegg til sjalusi, ekser og hemmeligheter.

«Vinterspire» er ein flott og stillferdig roman, som ein kan slappe av med, og berre la seg flyte med i historia. Den får fram eit vidt spekter av følelser, både i karakterene, men óg hos lesaren. Det er med andre ord ein sterk forfattardebut frå Irene Lyster.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s