Her finn du 68 kåserier i eit vidt spenn av temaer.
- Norsk tittel: Ordkløyveri
- Forfattar: Terje Lyngstad
- Sjanger: Kåseri
- Antall sider: 149
- Utgivelsesår: 2021
- Utgiver: Marknadsfakta Forlag
Terje Lyngstad (Født 1966) er busett i Førde i Sunnfjord. Han er utdanna lektor og arbeidar ved Fagskulen i Sogn og Fjordane. Tidlegare har han jobba som banksjef, kultursjef og teatersjef. I 2000 gav han ut boka «Slaget om Nasjonal», saman med Eivind Viken. «Etterlyst – Petitar og kåseri» kom ut i 2020. I 2021 gav han ut petitboka «Ordkløyveri».

Utdrag frå føreordet: «Ifjor kom boka «Etterlyst» ut, ei samling korttekstar som blei teken godt i mot av fleire meldarar og hos lesarane. Det er framleis petiten, eller kåseriet om du vil, som er sjangeren. Denne sjangeren inviterer til leik med ord. Med typiske verkemiddel som overdriving i form av ironi, humor, satire og sarkasme, snakkar vi altså om ei form for ordkløyveri, ein naturleg tittel på denne boka.»
Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Ordkløyveri».
Dette er ei bok med 68 kåserier, der ord og framstilling av ord er i fokus. Men det er óg kåserier av kvardagslege ting, som f.eks om bygdedyret og brunsneglen.
Som med boka «Etterlyst», er også denne skrevet på nynorsk. Lyngstad fylgjer oppskrifta si frå forrige, med det samme oppsettet og han held fram i same gate, med ironi, humor, sleivspark her og der, men også litt alvor. Sjølv om det er skrevet med glimt i auge, ligg det eit alvor i grunn i enkelte av kåseriene. Lyngstad har mange gode synspunkter og poeng gjemt i teksten.
Eg hatar isbilen. Du finn inga verre støykjelde eller større fare for born på tronge vegar enn isbilen. Seint i går kveld stod isbilen framfor meg på ferjekaia i Lavik, og eg hadde god lyst til å gå fram til sjåføren og seie beint opp i fleisen på han at is høyrer heime i butikk, og ikkje i ein frysedisk på hjul, som vekkjer folk frå middagskvilen, med ei grotesk utgåve av melodien som Edvard Grieg ein gong fekk kompinert til Norge Rundt.
Frå kåseriet «Stor ståhei for ingenting»
Boka er lettlest. Det er korte tekster, med overskrift og eit sitat frå teksten øverst ved kvart kåseri. Teksten er luftig og særs lesevennlig. For ein mindre røynd person i nynorsk, kan kanskje enkelte ord vere litt vanskeleg å forstå, men hovedinnhaldet og poenget er enkelt å skjøna uansett.
Eg synes kåseriene varierer litt. Nokre er veldig gode, morosamme og treff hovudet på spikeren, medan andre er mindre fengende og forutsigbare. Det kan i enkelte av kåseriene bli litt vél masse ordspel og gjentaking av ord, og dermed stopper innhaldet og poenget litt opp av seg sjølv. Men der han er god, der er han verkeleg god, og viser at han behersker denne sjangeren på ein solid måte.
Kanskje det er noko djupt menneskeleg i det å le av det som ikkje går så bra, ein slags forsvarsmekanisme mot sorga og tristessen. Når ein mann sklir på eit bananskal og slår kollbøtte og held på å slå seg i hel, er det ikkje så lett å halde att låtten. Om det gjer vondt for han som dett, så får det heller vere. Det er tross alt berre han som kjenner det, og det ser så inderleg komisk ut.
Frå kåseriet «Aprilsnarr»
Lyngstad skriv i «eg-form», utan at han sjølv nødvendigvis er denne personen. På denne måten får han fram lystløgneren i seg, og skaper ein overdrivelse og sarkasme på ein heilt anna måte enn ved å skrive om andre. Dette er eit godt verkemiddel i denne sjangeren, og det vert meir personleg, utan å eigentleg vere det.
Det er stor variasjon i temaer. Her finn ein alt frå enkeltord som vert grundig forklart, til bibliofil, bygdedyr og korleis snakke med borna dine om brunsnigelen. Enkelte er opplysende og lærerike, medan andre er, og la meg her bruka forfattars eigne ord; forbanna løgn.
Som ved den forrige boka til Lyngstad, så er det ein herlig ironi og humor han brukar, og det utan å støte nokon eller vere ufin, noko som er ein god egenskap når ein skriv kåserier.
Dette er fyrst og fremst ei bok som du kan plukke fram no og då, og lese eit kåseri og to. Leser ein frå a til å, kan det verte repepetivt, og ein får ikkje fullt utbytte av boka. Så er det jo slik at kåseri kanskje passar best i form av høytlesing, så eg håpar at Lyngstad ein dag skaper ei lydbok, der han les sine eigne kåseri. Det trur eg ville hevet boka enda eit hakk.
Lyngstad skriv kvardagsleg og har mange gode og morosamme poeng. Er du glad i kåserier, korte tekster, eller berre vil ha ein lystig leseopplevelse? Då anbefaler eg å sjekke ut bøkene til Terje Lyngstad. (Boka kjem for salg i oktober 2021, og vert seld på nett via sosiale medier og anna personleg kontakt)
TERNINGKAST: 4+