Til døden av Agnes Lovise Matre

Denne boka tar utgangspunkt i det sjette bodet; Du skal ikkje bryta ekteskapet. Matre har skrevet ein psykologisk spenningsroman om dette temaet.

  • Norsk tittel: Til døden
  • Forfattar: Agnes Lovise Matre
  • Sjanger: Spenning, Psykologisk, Krim
  • Antall sider: 191
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Vigmostad&Bjørke

Agnes Lovise Matre (Født 1966) er adjunkt og forfattar,og er busatt i Haugesund. Ho bokdebuterte med romanen «Stryk meg over håret» i 2012, før «Kledd naken» kom ut i 2015. Etter dette har ho gitt ut tre krimbøker om lensmannen Bengt Alvsaker. «Skinnet bedrar» (2017) «Iskald» (2019) og «Uvigslet jord» (2021) Ho vart tildelt den litterære krimprisen «Sølvkniven» i 2020 for boka Iskald. Ho gav ut spenningsromanen «Til døden» i 2021, som inngår i ein serie romaner basert på De ti bud.

Ella forelsker seg i Mathias. Mathias forelsker seg i Ella. Etter tre måneder gifter de seg og flytter inn i Mathias’ luksuriøse leilighet i Barcode, Oslos nye, skinnende fasade. Snart oppdager Ella mørke hemmeligheter i ektemannens fortid. Hemmeligheter som er så skremmende at hun ikke ser hvordan hun kan fortsette ekteskapet med ham. For Mathias er ekteskapsløftet også avgitt til Gud, et løfte som ikke kan brytes ved annet enn at døden skiller dem ad.
Det begynner å haste om alt Ella har jobbet mot ikke skal være forgjeves.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Vigmostad&Bjørke. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Til døden».

Denne spenningsromanen inngår i ein serie romaner inspirert av De ti bud. «Til døden» speler på «Du skal ikkje bryte ekteskapet», som er det sjette budet. Dette er den fjerde boka i denne serien, hvor forskjellige forfattarar tolker eit av boda. Alle bøkene er sjølvsagt heilt uavhengig av kvarandre.

Eg kan skjøna at enkelte bokhandlarar velger å kategorisere denne som krim, men den er meir ein psykologisk spenningsroman/thriller, sidan det psykologiske spelet mellom to mennesker opptar ei stor plass i handlinga.

Matre legger handlinga til Oslo i denne romanen. Nærare bestemt Barcode, som er midt i ingenmannsland mellom Oslo S og fjorden. Her bur dei velstående, inkludert Mathias og Ella.

I starten møter me eit nygift og lykkelig par, som er stormforelska i kvarandre. Ella og Mathias har kjent kvarandre i kun 3 måneder, likevel har dei gifta seg. Ella ville fortelja om si fortid, men Mathias svarte med at «vi har alle vårt», og at det er nåtida som gjeld. Dermed er begge uvitende om kva for ein person dei eigentleg har gifta seg med.

Mathias er kristen, har eit stort Jesus-krusifiks i stova som han går ned på kne foran og ber kvar dag. Han lever og ånder etter ekteskapspakta han har inngått med Ella og Gud. Den skal ikkje brytes. Ein skjønar kjapt at Mathias skjuler noko frå si fortid for Ella og resten av verda. Ella på si side, byrjar å få mistankar om at ektemannen skjuler noko. Men kor langt vil ho gå for å finne ut av det? Vil ho eigentleg vite? Mathias byrjer å mistenke Ella for noko óg, og plutseleg er dei oppi ein situasjon kor begge mistenker kvarandre. Vil kjærleiken vinne over det onde? For som det står i det sjette bodet; Du skal ikkje bryte ekteskapet.

Stormene løyet ved tanken på at jeg skulle ha henne hos meg for alltid, kjenne på nærheten, legge meg sammen med henne, stå opp sammen med henne. Være sammen. Glemme fortida, leve for nåtida. Gud hadde lovet meg det, at størst av alt er kjærligheten. At løsningen var å finne i den. Jeg trodde det da, for Ella bekreftet det hver eneste dag. Fra nå av skulle jeg ikke lenger vandre i mørket, for Ella bar lyset.

Denne serien legg ikkje opp til tjukke bøker. Her er det meir ein kortroman å rekne, med sine 191 sider. Relativt korte kapitler, alle med overskrifter, og alle med navn på karakter det handler om. For kvart kapittel handler om enten Ella eller Mathias, og er skrevet i jeg-form. På denne måten får me servert to sider av samme sak. Noko som alltid er interessant, og som gir eit meir nyansert bilete.

Boka handlar om kontrollbehov, mistenkeliggjering, løgn, tru og tvil, og ein besettelse om å finna sanninga, men og om å elska sin ektemake. Det er gode betraktninger rundt eit lunefullt sinn, og historia lever til siste side. Ein kan føle på ein elektrisk spenning som ligg ufortalt mellom dei. Her har Matre gjort ein strålende jobb med å skape noko, utan å skrive det.

Slutten bygger seg opp til noko stort, men istedenfor å få eit stort smell frå ein ballong, er det meir som å slippe lufta ut av den. Den kjem litt brått på, og det føles som den kanskje er litt enkel i forhold til resten av romanen.

Hovedkarakterene kjem me godt under huda på, og sakte men sikkert vert me kjent med fortida deira. Det er få andre personer med, og nesten all fokus kverner rundt Ella og Mathias. Dette skapar eit nært bilete av to mennesker, som me får eit spanande innblikk i.

Matre held korta tett til brystet i romanen sin. Ho kjem med enkelte avsløringer her og der, og ein kan få nokre store auge, og hente haka opp frå golvet, medan ein les. Det er ein strålende historie forfattar har disket opp med, og som hadde passet som hånd i hanske i ein filmatisert versjon.

Smerteskriket, de angstfulle ropene og jamringen i sekundene etter at han be dyttet, var det ingen som hørte. Det er ikke nevnt. Heller ikke da fingrene knustes mot mursteinene idet han prøvde å kave seg i land. Da han ble tråkket på. Skrikene forsvant i mørket, i grumsete elvevann. Han er bare «omkommet». Slik kan det ha skjedd.

Det er gode skildringer heile veien, både i sinnstilstand og i miljøet rundt. Intrigene kjem ein tett på, og ho kastar nytt lys over hovedkarakterene når ein minst venter det. Kommunikasjon er eit nøkkelord i historia, og det er fascinerende å lese om alle tankene som kverner rundt i ein hjerne, og som etterkvart vert sett under eit stort press.

Språket i «Til døden» er fantastisk, og den oppbyggande historia er så spanande, at ein verkeleg slit med å legga den frå seg. Agnes Lovise Matre viser nok ein gong at ho skriv med gullpenn. Kan varmt anbefales videre.

TERNINGKAST: 5

2 kommentarer om “Til døden av Agnes Lovise Matre

  1. Tine 19/08/2021 kl. 19:19

    Flott omtale! jeg er ferdig å lese boken i dag, og er strålende fornøyd med det jeg har lest 🙂

    Liker

    • bokbloggeren 19/08/2021 kl. 21:14

      Takk for det. 😊 Ja, dette var ei meget god bok. Matre legg seg definitivt heilt i toppsjiktet av norske forfatterer.

      Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s