Ikke vent på meg av Servet Karakaya

Ei spennende diktsamling med eit rikholdig innhald frå tyrkiske Servet Karakaya.

  • Norsk tittel: Ikke vent på meg
  • Forfattar: Servet Karakaya
  • Sjanger: Poesi
  • Antall sider: 116
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Tekst Forlag

Servet Karakaya (Født 1979) er opprinneleg frå Tyrika. Han kom til Noreg i 2002 som asylsøkjar. I 2013 gav han ut ei tyrkisk novellesamling som heiter «Zaman tunnelinde isabetsiz istikametler». For denne fekk han gullpenn-pris av «the art book times» avis i Istanbul. I 2020 gav han ut diktsamlinga «Fermenterte Tanker». «Ikke vent på meg» vart utgjeven i 2021, også dette ei diktsamling.

La oss lytte til et stykke musikk om og om igjen. La oss føle det med hjerte vårt, hvilke følelser gir musikken vi hører? La oss se på himmelen i flere timer for å se om vi kan se noe der… La oss lytte til hjertene våre borte fra alle, er det lett å være (alene og enig) på en med hjerte… La oss være en følgesvenn til en hjelpeløs for å vite hvordan det er å være foreldreløs.. For å sjekke at det er noe igjen av det vi sett, hørt og følt…

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Ikke vent på meg».

«Ikke vent på meg» er ei diktsamling på norsk av tyrkiske Servet Karakaya. Boka inneheld litt over hundre fri-dikt i forskjellige temaer.

I starten følte eg at bodskapet i dikta var enkle å forstå. Men etterkvart vart ein del av dei meir filosofiske, og kan ha fleire tydingar. No veit ikkje eg om dette er dikt som er skrevet i samme tidsperiode, eller om dei er dikta over mange år, men eg synes stilen er litt forskjellig i enkelte av dikta. Dette er meir ein observasjon, og var på ingen måte negativt.

Nokre dikt er meir ein konstatering frå forfatters side, framfor ein poetisk tanke. Likevel er det skrevet som eit dikt, og er meininger til ettertanke.

Billig folk har virkelig
billig smak…

Enkelte dikt inneheld kun nokre få ord, medan andre kan vere på ei side. Eg synes dei med få ord inneheld like masse livsvisdom som dei lange. Dette viser at Karakaya språkmessig har eit godt vokabular.

Jeg tåler ikke å se
en mors
tårer

Det er ei rikholdig diktsamling, der Karakaya er innom mange temaer. Her finn ein blant anna kjærleik, sakn, mangel på sjølvbilde, døden, korona-tida, og det store samfunnsskillet mellom fattig og rik. Han skriv óg litt om livet sett frå ein kurder sitt ståsted.

Tennene henger ikke med i kroppens
livsmaraton
Du er som tenner
Tåler ikke kjærlighetens
sødme.

Det er ein del grammatikkfeil i diktsamlinga, men aldri så graverende at ein ikkje skjønar innholdet. Ellers vil eg seie at språket er veldig bra, og han klarer å gjere seg godt forstått med få ord.

Forfattar bruker ein del metaforer for å synleggjera bodskapet. Skildringene er gode, og han varierer mellom jeg-form, du-form og tredjeperson, som igjen fører til at eg som leser vert involvert i dikta på ein fin måte.

Nokre dikt er drøymande og med eit håp om ei betre verd, medan andre er mørke og døden som lurer rundt hjørnet. Variasjonen i sinnsstemning er med andre ord meget stor.

«Ikke vent på meg» er ei rikhaldig diktsamling, som er skrevet av ein dyktig forfatter. Eg håper og trur at me kjem til å høyra meir frå Servet Karakaya i fremtida.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s