Elastico av Michael Stilson & Luis Guaragna

Ibra jobbar hardt for å nå sine mål, men no må han konkurrere mot kompisen sin. Ein teikneserie om fotball, kompisar og ein umulig finte.

  • Norsk tittel: Elastico
  • Forfattar: Michael Stilson & Luis Guaragna
  • Sjanger: Barn & Ungdom, Teikneserie
  • Antall sider: 56
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Vigmostad&Bjørke

Michael Stilson (Født 1987) fra Trondheim debuterte med ungdomsromanen «Bare spille ball i 2018. Han er tidlegare fotballspeler, og har spelt for blant anna lag som Mjøndalen, Ranheim og Strindheim. Han har også bidratt til den suksessrike tv-serien «Heimebane». Stilson er utdanna lærar.
Luis Antonio Guaragna (Født 1973) er ein italiensk-argentinsk tegneserieteiknar, illustratør og speldesigner. Han har jobbet som tegneserieteiknar i mange år og i mange land rundt om i verda. Guaragna bur for tida i Tromsø.

Det er Norway Cup og finalespel. Treneren for landslaget skal overvære kampen, der Ibra kjemper hardt for å må sine mål, både med og uten ball. Men ikkje alt går slik han har planlagt. Hedda er nylig flytta til bygda, og Ibra merkar at han liker henne, men ho ser ein anna vei, og når draumen om landslaget ser ut til å glippe, er Ibra langt nede. «Elastico» er ei forteljing om fotball, kompiser og ein umulig finte som kan fikse alt.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Elastico».

Teikningane er veldig tegneserieaktige. Fekk litt flashback til barndommen og når eg var med i «Boing-klubben», der det kom ut tegneseriepocket om fotball. Men eg liker stilen. Guaragna har teikna uttrykksfulle og informative teikningar, med veldig flotte fargar.

«Ja, folkens, da er det klart for årets finale! Hvem ruler skolegården? Vi skal straks finne det ut, men først litt blod, svette og tårer!»

Eg vart litt forvirra av at enkelte av rutene overlappa neste side, før dei igjen følger slavisk tegneseriemønster med ruter på kvar side. Sønnen min leste også denne boka, og sa akkurat det samme. Når det er sagt så har dei gjort det slik at tegninga fortsetter inn på neste side, slik at ein veit at den fortsetter bortover neste side. Men før ein fant ut av dette mønsteret så vart det litt stopp og forvirring.

Aldersgruppa for boka er satt til 9-12 år. Den nedre grensa er nok riktig satt. Sidan det er ein teikneserie, meiner eg dei kunne flytta den øvre grensa til den standard «99-grensa». For teikneseriar går aldri av moten, uansett alder.

Sjølve historia er god. Dilemmaer, kjærleik, konkurranseinstinkt og to kompiser som kjempar om dei samme måla. Dette er ei typisk barne og ungdomsbok, der dei fleste vil kunne kjenna seg igjen på ein eller anna måte. Det er lite tekst i boka. Mange av bileta taler for seg sjølv, så dette er ei lettlest bok også for den yngre garde.

Med sine tvister undervegs, er denne boka på 56 sider aldri kjedelig. Kven når sine mål og kven tapar? Spenninga ligg der til siste rute er ferdig teikna og fortalt. For kva skjer når to gode kompisar må kjempe mot kvarandre både på og utanfor banen?

Dette er fyrst og fremst ei fotballbok. Men i historia ligg det mange element som favnar eit stort spekter av følelsar hos hovedpersonane. Dette er ei bok som eg trur vil slå godt an hos dei fotballinteresserte.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s