Med krigen som skygge av Roger Albrigtsen

19 sterke skildringar frå personar som opplevde krigs- og etterkrigstida i Finnmark, ispedd mange flotte bilete frå denne tida. Ei viktig bok i norsk krigshistorie.

  • Norsk tittel: Med krigen som skygge
  • Forfattar: Roger Albrigtsen
  • Sjanger: Krigsdokumentar
  • Antall sider: 203
  • Utgivelsesår: 2018
  • Utgiver: Forlaget Kristiansen

Roger Albrigtsen (Født 1971) kjem frå Evenes i Nordland. Han bur no i Porsanger, Finnmark. Han har skrevet ein rekkje bøker om norsk krigshistorie, særskilt frå Nord-Norge. Denne boka var hans sjuende bok, og kom ut i 2018. I 2020 gav han ut ‘Krigsseilere fra nord», den fyrste boken er om finnmarkinger, de to kommende er henholdsvis tromsværinger og nordlendinger.

I boka «Med krigen som skygge – Barndom i etterkrigstidens Finnmark» vert me kjent med 19 personar som skildrar deira opplevingar frå krigen, og ikkje minst dei tøffe etterkrigsåra i Finnmark. Forfattar Roger Albrigtsen har reist rundt og intervjua folk som levde mitt oppi alt dette, og med seg tilbake har han sterke og rørande historiar, ispedd med mange flotte og triste bileter frå denne perioden, som er blitt til bok.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Med krigen som skygge».

Her pleier eg normalt sett å laga eit lenger resymé av boka. Men denne er litt spesiell, då me får 19 sterke forteljingar som eg synes lesaren skal få lov til å dykke ned i sjølv. Istedet vil eg komma med ein hyllest til forfattaren og til alle dei som var med på å byggja opp igjen bygdene og byane i nord. Når me snakker om 2.verdskrig i Noreg, tenkjer mange på senkinga av Blücher, kongens flykt og tungtvannssabotasjen. I mediene like etter krigen fekk ikkje nedbrenninga av Finnmark særlig med spalteplass. Folk skjønte ikkje kvifor det flykta så mange fra nord sørover. Etter å ha lest denne boka forsterkar dette mitt inntrykk av den fantastiske jobben som vart gjort med gjenoppbygginga. Dei kom tilbake til fullstendig utslettelse. Til og med telefonstolpane var sprengt bort. Dei måtte fyrst raska saman material frå branntomter og gå i gong med bygging av brakkar og gammer, så dei hadde tak over hodet medan dei bygde hus. Som ein kan lese frå denne boka så var det eit slikt pågongsmot, entusiasme, samhold og optimisme at ein kan undre seg kva desse menneskene var laga av. Når dei var komt så langt som å tenkja på å få hus på plass, var det ofte ferdighus som kom i heile elementer. Men det hende at hus under oppbyggjing vart tatt av vinterstormane og føyd til havs. Då var det å ta fiskeskøyta å fiska opp elementa, og starta på nytt. Beundringsverdig. Arbeidet til forfattaren med denne boka har nok vert tøff. Det er mange skjebner og inntrykk som skal bearbeides og skrives om. Men ein må aldri gløyma viktigheten av slike bøker. Så ein stor takk til Roger Albrigtsen som tar på seg arbeidet med å skriva denne type bøker.

«Det var et tungt løft da kistelokket ble tatt av. Jeg angret på at jeg dro dit. Vi var så nære som brødre, om den ene var kommet hjem før den andre, løp vi inn med en gang for å snakke sammen. Vi gledet oss til å kjøre transport, drømmen ble knust. Jeg gråt og ville mest være for meg selv til å begynne med.»

I «Med krigen som skygge» får me servert 19 skjebner, på godt og vondt. Blant anna fortel tidlegare rallykjørar Martin Schanche om sin tøffe barndom. Dette er berre ein av dei mange historiane i boka. Men felles for dei fleste var lek med eksplosivar som vart funnen rundt om. Langt frå ufarleg, og enda ofte med stygge skadar.

Boka er pryda med mange bileter frå livet til personane som er blitt intervjua. Dette skapar eit veldig godt inntrykk av korleis det såg ut under krigen og i åra etterpå. Eg må også få berømme omslaget på boka. Den var verkeleg fin, og kjem nok til å vera som ein magnet i bokhyllene rundt om.

Forfattaren graver nok berre på overflata med personane sine historiar. Skulle gjerne ønska at Albrigtsen gjekk djupare og meir detaljert i historiane, men skjønar sjølvsagt at då hadde han nok enda opp med éi bok pr person. Istedet har han skrevet ned da viktigaste som hendte, og samla saman eit heilhetsbilete frå 19 menneskeskjebnar. Personar som sit att med vidt forskjellige minner frå sin barndom.

Det står skrevet så fint i boka; «Krigen er over, men for mange finnmarkinger varer den livet ut». Etter å ha lest denne boka skjønar eg veldig godt kva som ligg bak desse orda.

Me får ingen makabre skildringar om død og fordervelse. I så måte meiner eg at denne boka ville vert ei bok som ungdom kunne bladd i og lest på ungdomsskulen. Det er korte kapitlar med mange bilete, og ein kan ta den fram no og då og lesa for å få eit innblikk i den norske krigshistoria sett frå finnmarkingar sitt ståsted. Krigen slutta kanskje i 1945, men for mange vart det då det verkelege arbeidet starta. Både fysisk og psykisk.

Det finnes veldig mange bøker frå krigens dagar på markedet, men denne skil seg litt ut. Så er du interessert i krigshistorie? Då vil eg anbefala deg å lesa denne boka.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s