Ei psykologisk spenningsbok frå debutant Laura Marshall. Hovedpersonen Louis Williams får ein venneforespørsel på Facebook. Problemet er at denne personen har vert død i 25 år….
- Norsk tittel: Venneforespørsel
- Originaltittel: Friend request
- Forfatter: Laura Marshall
- Sjanger: Spenning
- Antall Sider: 410
- Utgivelsesår: 2019
- Utgiver: Vigmostad&Bjørke
Laura Marshall vokste opp i Wiltshire i Storbritannia. Ho bur no i Kent med mann og to barn. Denne boka som er hennes debut, gav ho ut i 2016. Den er solgt til over 20 land. I 2018 gav ho ut «Tre små løgner» som også er ei spenningsbok.

I «Venneforespørsel» får Louise Williams ein venneforespørsel på Facebook fra Maria Weston. Problemet er at Maria har vert død i 25 år. Det er hvertfall det folk tror. Spesielt Louise, for ho bærer på ein frykteleg hemmelegheit, ein hemmelegheit kun nokon få kjenner til.
Louise Williams bur i ein leilighet med Henry, hennar 4 år gamle son, som ho har med sin eksmann Sam. Louise jobber som ein fremmadstormande og hardtjobbande interiørarkitekt og har travle dagar. Plutseleg dukker denne venneforespørselen opp på Facebook, og alt vert snudd på hovudet.
Samtidig står 25-års jubileumet for avgangskullet for Sharne Bay High School for tur. Er det tilfeldig at denne venneforespørselen dukker opp no? Louise mottar stadig nye meldingar fra Maria, noko som gjer at ho må gjenoppta kontakten med gamle vener for å prøva å finne ut av kva som egentlig skjedde den skjebnesvangre kvelden for 25 år sida.
I denne boka veklses det mellom det som skjer på high school i 1989, og det som skjer i «nåtida» 25 år seinare i 2016. Kapitla er merka med årstalet, så ein har heile tida god oversikt over tidsperioden. Forfattaren skriv om ei ungdomstid der det var viktig å finna sin plass i gruppehierarkiet og det å strekkje seg langt for å oppnå aksept. Det handlar også om mobbing, manipulasjon, narkotika, svik og sårbarhet.
Ei stund så lurte eg litt på om dette var ei spenningsbok, for det var til tider «kjedelige» partier, der ein følte ein leste ei vanleg roman. Samtidig så måtte eg berre lese eit kapittel til for å prøva å forstå meir av samanhengen mellom Louise og Maria. Her gjer forfattaren ein strålande jobb med å holda på spenninga. For det ligg ei nerve litt skjult gjennom heile boka.
“Du kan løpe så fort du bare vil, Louise. Meg slipper du aldri unna. Alle sår etterlater seg et arr. Bare spør Esther Harcourt.”
Er du på jakt etter fartsfylt action og spenning, så er dette feil bok for deg. Dette er ei langsom oppbyggjande bok mot sjølve spenninga. Men språket er lett og flytande, så mange vil nok ha stor glede av å lese denne boka.
TERNINGKAST: 4