Vår Ære og Vår Avmakt av Gunnar Jerman

Over 50.000 norske sjøfolk var i drift under den fyrste verdskrigen. Ingen av desse bar våpen, dei deltok i krigen ved å frakte gods til forskjellige havner under det nøytrale flagget til Noreg. Desse krigsseilerne satte sitt liv og helse på spel gjennom desse tøffe åra. Dei spelte ein viktig rolle og bidro sterkt til at Noreg kom seg heilskinna gjennom krigen. 

  • Forfatter: Gunnar Jerman
  • Sjanger: Dokumentar
  • Antall Sider: 210
  • Utgivelsesår: 2016
  • Utgiver: Aschehoug

Gunnar Jerman, født i 1930, har bakgrunn i Norsk Eksportråd. Han har skrevet ei rekkje bøker. Blant anna «Kvinnelige pionerer i menns verden» som kom ut i 2009, og «Norge på verdensmarkedet» som kom ut i 2005. Fleire av bøkene hans er også utgitt i fransk, tysk og engelsk utgåve.

I «Vår ære og vår avmakt» får me eit solid innblikk frå de norske krigsseilaranes innsats og kvardag under den fyrste verdskrigen. Krigsseilarane fortel sjølv kva dei har opplevd i denne boka.
Omtrent halvparten av alle norske sjøfolk som seilte under fyrste verdskrig opplevde eit krigsforlis. Såleis er dette ei viktig bok. Dette er blitt kalla “den glemte krigen” i Noreg. Med tanke på alle opplevelsane desse sjøfolka har vert i gjennom, så er det nok med rette.

Det fyrste året var det miner som var den største trusselen, men etterkvart kom de tyske ubåtane til å utgjere den største faren. 921 skip gjekk tapt som fylgje av krigen og over 2000 sjøfolk omkom.

Det fyrste norske skipet som var angrepet i krigen var dampskipet «Kong Guttorm« fra Søndenfjeldske Dampskibsselskab. Dette hende under den fyrste krigsveka. Riktignok vart det angrepet ved ein feiltakelse av britisk marinefartøy. På vei fra Horten til Tyskland havna skipet mellom ein tysk flåtestyrke og ein britisk skvadron. Siden det norske flagget ikkje var heist, så antok britane at båten var tysk og begynte å skyte på »Kong Guttorm». Mannskapet fekk heist det norske flagget, og etter ei stund oppdaga britane dette, og stoppa umiddelbart angrepet på skipet. Med store skadar klarte likevel skipet å ta seg inn for eigen maskin til Kristiansand for reperasjon. Dette er opptakten til dei mange dramatiske forteljingane i denne boka.

Me får eit godt innblikk i livet på båtane. Folk som sover med full bekledning med lugardørane opne, med redningsvesten som “sin beste venn” og alltid i nærleiken. Folk sov gjerne på dekk under open himmel viss vèret tillot da. Nervane og angsten låg tjukt utpå mannskapet.

Bak i boka er det 30 sider med ei oversikteleg kronologisk liste over norske skip som vart senka av tyske krigsfartøyer eller miner mellom 1914-1918. Lista viser dato og årstall, skipsnavn, hjemmehavn, brutto, fra og til destinasjoner, last, korleis dei vart senka og kvar og kor mange som omkom fra de forskjellige forlisa. 

Det er også lister over forsvunne og savna norske skip.

Med mange bilder av båter og personar så blir denne boka aldri kjedelig. Kan sjølvsagt bli litt repetativt med alle senkningene av båter, men det er hovedgrunnen til at denne boka vart skreven. Det er ei viktig bok for å få eit overblikk over “den glemte tida”. At dei aldri vil bli gløymt for ettertida. Forfatteren har ikkje synset eller overdramatisert i denne boka. Dette er de kalde harde fakta fra den første verdskrigen.
 

Vél verdt å lesa!

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s