Felix krangler av Charlotte Mjelde & Camilla Billett

Fantastisk barnebok om krangling og følelser.

  • Norsk tittel: Felix krangler
  • Forfatter: Charlotte Mjelde
  • Illustratør: Camilla Billett
  • Sjanger: Barnebok
  • Antall sider: 45
  • Utgivelsesår: 2025
  • Utgiver: Frisk Forlag

Charlotte Mjelde (Født 1990) er psykolog, foredragsholder og forfattar. Mjelde står også bak nettstedet hjertefamilie.no. Ho debuterte som forfattar med fagboka «Bli klokere på barnet ditt» i 2023. Ho har også gitt ut to barnebøker om Felix; «Felix har følelser» (2024) og «Felix krangler» (2025) med stor suksess. Camilla Billett (Født 1966) er illustratør og grafisk designer. Ho har illustrert ei rekke med bøker sidan 2009.

Felix har ingen å leke med. Kanskje Frida? Men hun sier nei. Typisk storesøstre! Felix blir først skuffet, så misunnelig – og til slutt, helt rasende. Og da smeller det!

Denne boka er eit leseeksemplar frå Frisk Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Felix krangler.»

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ei barnebok som passar for målgruppa 3-6 år.

Felix kjeder seg og har ingen å leke med. Han kikker inn på rommet til storesøsteren sin, Frida, og ser at ho sitter å leker og har det gøy. Felix vil være med, men Frida seier nei. Då vert han lei seg og sint, og øydelegger til slutt ting som betyr mykje for Frida. Han angrer, men slit med å finne ut korleis han kan gjere det godt att.

Det handler om krangling mellom to søsken. Rampestreker som går for langt. Følelser som bobler over. Sinne som utløyser ein uønsket handling. Anger og tilgivelse. Kort sagt så går forfattar gjennom heile følelsesregisteret til eit born, og viser dei forskjellige stadiene på ein fin og tankevekkende måte.

Mjelde skildrer kva som skjer inni Felix når følelsene tar overhånd. Dette er ein interessant tanke som kan være til stor hjelp for både liten og stor når bornet utagerer på ein måte som ikkje er ønskelig.

Samtidig kan ein også (som vaksen) stille spørsmålet om kvifor Felix reagerer som han gjer. Då vert det med andre ord ein djupere tanke bak historia. Han føler seg oversett og må derfor få oppmerksomhet gjennom å være slem. Med andre ord kunne denne handlinga vert løyst før den i det heile tatt oppstod. Forfatter viser med dette indirekte at det er ein gjennomtenkt og tankevekkende historie.

Illustrasjonene til Billett er det mange av. Ein ser raskt at dette er ein erfaren illustratør. Det er barnlige og fortellende illustrasjoner som ikkje levner noko til fantasien. Dei kler boka og tematikken godt, og samspelet mellom tekst og illustrasjon fungerer heilt utmerket.

Det som kanskje er det mest underfundige med heile historia er at når ting utarter seg, og begge har gjort noko dei ikkje skulle gjort mot kvarandre, så er det ingen av dei som ber om unnskyldning i etterkant. Likevel viser dei gjennom handling ein gjensidig respekt for kvarandre, og begge er inneforstått med at dei er tilgitt. Dette var ein fiffig måte å løyse det heile på, men samtidig er det viktigere med handling enn med ord i denne type sak. Så her er det nok ein gong kred til forfattar.

Mjelde er dyktig til å skildre heile følelsesspekteret til Felix gjennom enkle, men effektive grep. Ho gir følelser eit «ansikt» ved hjelp av vesener, og personliggjør dei som ein imaginær venn av Felix. Desse vart introdusert i den fyrste boka; «Felix har følelser». I denne boka introduserer ho sekundærfølelser, som er litt meir samansatte følelser. Dermed får me også ein videreutvikling av følelsesregisteret til Felix.

Boka er rikelig illustrert, men har likevel ein del tekst. Viss det vert ein del samtaler rundt det som skjer, så klarer ein kanskje ikkje å lese heile boka i ei høgtlesingsstund. Men det er kanskje like greit, så bornet får muligheten til å fordøye alt som skjer over fleire stunder…

Bak i boka kjem forfattar med konkrete, informative og gode råd når søsken krangler, og krangel generelt. Mjelde skriv også om følevennhjulet, som også er illustrert. Dette er eit hjul som viser hvilke følelser som er nært knytta til kvarandre og korleis dei kjennes i kroppen. Dermed kan ein, saman med bornet, finne fram til kva følelser bornet føler. Dette gjer det lettere for bornet (og den vaksne) å skjønne sammenhengen mellom sinnstilstander og kva som skjer inni kroppen ved dei forskjellige følelsene. Nok eit strålende verkemiddel frå forfattar.

«Felix krangler» er engasjerende, artig og gjenkjennelig, men samtidig alvorleg historie for dei små, og ei informativ og lærerik historie for dei vaksne. Det handler om krangling, følelser og tilgiving vist gjennom eit enkelt og effektivt språk og fortellende illustrasjoner. Grunntanken bak boka er strålende og både Mjelde og Billett treff innertier med utførelsen.

TERNINGKAST: 6

Legg igjen en kommentar