Drageviking Bok 2 av Odin Helgheim

Actionfylt fortsettelse på denne herlige serien.

  • Norsk tittel: Drageviking Bok 2
  • Forfatter: Odin Helgheim
  • Sjanger: Born og Ungdom
  • Antall sider: 102
  • Utgivelsesår: 2026
  • Utgiver: Bonnier Norsk Forlag

Odin Helgheim (Født 1996) er forfatter og illustratør. Han debuterte med «Ragnarok – Fenrisulven» i 2020, som er ein teikneserieroman, og fyrste bok i ein serie. I 2025 kom bok nr. 6 og dermed siste bok i serien ut, nemlig «Ragnarok – Valhall». Serien er oversatt til seks språk, og har hausta gode kritikker. I 2025 kom han ut med fyrste bok i ein ny serie, nemlig «Drageviking», bok nr 2 vart utgitt i 2026.

I denne fargerike fantasy-tegneserien, basert på norrøn mytologi og vikinghistorie, skal trellen Ormøye, dragen Fafnir, jarlesønnen Stein Steinsson og gullsvinet Gulli finne de åtte magiske runesteinene som er spredd utover hele vikingverdenen. På veien møter de farer, gudeskikkelser og nye venner.
Etter et skummelt besøk til Dvalegrotten, setter heltene våre seil mot Ildurheim. Den fryktelige høvdingen Eirik Blodøks har nemlig en av runesteinene. Og en drage til øks. Her blir det slåsskamp!

Denne boka er eit leseeksemplar frå Bonnier Norsk Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Drageviking Bok 2».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er andre bok i ein fargerik fantasy-teikneserie som er basert på norrøn mytologi og vikinghistorie. Boka passer for born og unge frå 9 år og oppover. Bøkene bør leses kronologisk.

Eventyret fortsetter for den litt absurde gjengen som består av ein trell, ein drage, eit gullsvin og ein jarlesønn. Denne gongen må dei slåst mot sjølvaste Eirik Blodøks og hans sterke drage. Det er dermed duket for ein skikkelig fight om ein av runesteinene.

Helgheim har klart det altfor få forfattere har klart, nemlig å få eit personregister foran i boka. Kun ein teikning og eit navn, men det er nok til at lesar kan danne seg eit bilete av vedkommende allereie før h*n har lest ein einaste setning. Så all honnør til forfatter (og redaktør) der.

Forfatter nytter seg av den samme oppskrifta som frå forrige bok. Her er det lettbeint humor blanda med alvor og action. Ein får litt lærdom frå norrøn mytologi og vikingtida medan ein les, i tillegg til ein morosam og underhaldande lesestund.

Det er ein meir actionfylt utgåve av historia denne gongen, men det er likevel fin oversikt over kva som skjer i illustrasjonene. Det er slåsskamper som gjer at gruppa samarbeide og spele kvarandre gode på sine vidt forskjellige egenskaper og kvaliteter. Men dei vert sterkere og meir erfarne etter kvart som ting utarter seg, og dermed får me ein fin progresjon i både historie og i karaktersettingen.

Me vert óg introdusert for nye karakterer som igjen gjer til at nye element kjem inn i historia. Dette bygger videre på den allereie gode sammensettingen av karakterer som finnes. Det er ein fin gjeng Helgheim har samlet i sitt univers, og det virker gjennomtenkt fra A til Å.

Eg liker måten forfatter velger å framstille karakterene på. Her er det nødvendigvis ikkje den største og sterkaste som er den viktigste i gruppa. Helgheim speler ofte på at det svakeste ledd vert det sterkeste. Dette er eit fint bodskap som viser at ein aldri skal dømme nokon etter det ytre.

Det er ingen tvil om at forfatter har lykkes med sin nye bokserie, og ein kan formelig sjå i kvar einaste rute og i kvar einaste snakkeboble at dette er noko han storkoser seg med. Og slikt smitter over på lesar.

«Drageviking Bok 2» er ein strålende fortsettelse på denne artige serien om norrøn mytologi og vikinghistorie. Ved å blande fakta og fiksjon så får lesar både i pose og sekk. Det er meir actionfylt denne gongen, men Odin Helgheim har likevel stålkontroll på sine illustrasjoner. Ein serie eg kan anbefale på det varmeste.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar