Sterk og intens roman om fysisk og psykisk vald i nære relasjoner.
- Norsk tittel: Omfavnelsen
- Forfatter: Ragna Dahl
- Sjanger: Roman
- Antall sider: 256
- Utgivelsesår: 2025
- Utgiver: Lyst Forlag
Ragna Dahl (Født 1955) er utdanna sjukepleiar med vidareutdanning innan administrasjon og ledelse.
Ho har tidlegare skrevet dikt og små noveller. Ho har òg skrevet sanglåtar som har blitt framført på diverse kulturarrangement. Ho debuterte som romanforfattar med «Kameleonjenta» i 2019. I henholdsvis 2022 og 2025 gav ho ut dei frittstående oppfølgerene «Skumringsmannen» og «Omfavnelsen».

Året er 2000. Anna Wallin lever alene i en byleilighet på Tyholmen i Arendal. Hennes datter, Gabriella, bor og jobber i Kristiansand. Livet og friheten har vendt tilbake, og alt virker tilsynelatende fredelig. Helt til en dag hvor Anna tvinges til å sette på spill den vaklende tilværelsen hun har bygget opp. For deres største mareritt er ikke over, det har akkurat begynt.
Denne boka er eit leseeksemplar frå Forlagshuset i Vestfold. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Omfavnelsen».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein roman som er basert på verkelege hendingar, og er ein frittståande oppfylgjer til «Kameleonjenta» (2019) og «Skumringsmannen» (2022). Boka kan fint leses frittståande, men for å skjønne heile biletet så anbefaler eg å lese bøkene kronologisk.
Me er kommet til år 2000 og Anna Wallin er i ferd med å spesialisere seg innen psykisk helse. Livet hennes og datterens, Gabriella, har endelig slått rot, og dei nyter begge friheten og roen. Men kor lenge var Adam i paradis?
Stemmen i hjernen krafser på overflaten. Magen svir. Kjeven strammer seg. Trykket i skallen er ikke til å holde ut. Rådvill rister jeg på hodet.
Anna er hovedkarakteren og ho har levd under konstant frykt for at eksmannen Alexander skulle skade ho og/eller dottera opp gjennom åra. Ho er alltid på vakt, og er meir eller mindre eit nervevrak, sjølv om ho klarer å gå rakrygget gjennom kvardagen. Denne karakteren får ein umiddelbart medfølelse med. Ingen skal måtte gå gjennom det denne karakteren gjer. At det er basert på verkelege hendingar gjer at det kjem ekstra nært medan ein les.
Det handlar om vald, trusler, psykisk og fysisk terror, og rett og slett gjere livet mest mulig til eit helvete for Anna og dottera. Det er ein psykotisk og manipulerende person som gjer alt i sin makt for å skade Anna utan å bli straffa for det. Gjennom Anna får eg som leser føle på angsten, fortvilelsen, redselen og paranoiaen som råder i livet hennes kvar dag, kvar time og kvart minutt. Det er ein sterk historie som Dahl skildrer på ein meisterlig måte.
Lampene langs den tomme steinlagte gangveien ligner små baller av svakt lys. Litt av gjenskinnet fanges opp av trebenken ved siden av syrinbusken, og resten ligget i halvmørke.
Det er ein intens bok der hovedkarakteren ofte ser fanden på høglys dag. Dette får ein til å lure på om det faktisk er reelt det ho ser og opplever, eller om ho er i ferd med å utvikle psykotiske trekk. Forfatter skildrer politihenleggelser og ofre som ikkje føler seg trudd eller høyrt, medan ting eskalerer. Dette fører til ein hjelpesløshet og følelsen av at det ikkje nytter å politianmelde.
Det vert ein del gjentakende tanker og følelser og ein sit innimellom att med følelsen av at dette har ein lest før. Det er òg ein og anna skrivefeil som gjer at leseflyten stopper opp her og der. Men språket er strålende og eg liker måten forfatter klarer å mane fram hatet, frykten og redselen i kvar einaste situasjon.
Samspelet mellom mor og dotter er ein berg og dalbane. Anna forsøker å forklare korleis ting har vert overfor Gabriella og kva for ein manipulerende og valdelig far ho vaks opp med. Dottera lukker ofte det eine øyret og tviler på det mora fortel er sant. Denne dynamikken mellom å bli trudd og bli uglesett av si eiga dotter er ein interessant bi-historie som er ein viktig del av historia.
-Jeg har aldri bedt om å være i denne posisjonen, og jeg har prøvd å forstå det så godt jeg har kunnet opp gjennom årene. Men du gir meg ingen valg, jeg må forsøke å finne ut av det selv.
«Omfavnelsen» er ein intens roman som får frem det verste i folk. Den handler om fysisk og psykisk vald, trusler og korleis enkelte nyter å terrorisere andre mennesker. At boka er basert på verkelege hendingar skaper ein ekstra dimensjon til historia. Ragna Dahl skriv med stor innlevelse og klarer å mane fram redsel og frykt på ein imponerende måte. Dette er ei bok du ikkje må gå glipp av.
TERNINGKAST: 5