Før jeg dør av Adam Evander

Ein strålende start på ein ny krimserie.

  • Norsk tittel: Før jeg dør
  • Forfatter: Adam Evander
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 448
  • Utgivelsesår: 2025
  • Utgiver: Megafon Forlag

Adam Evander er eit pseudonym. Bak dette navnet står Frode Eie Larsen (Født 1973), mest kjent for krimbøkene med Eddi Stubb og barnebøkene om «Tidsfikserne». Som Adam Evander debuterer han med krimromanen «Før jeg dør» i 2025.

I krimromanen Før jeg dør av Adam Evander, får politietterforsker Sebastian Vinger en fersk forsvinningssak i fanget, da fire år gamle Joachim kidnappes fra hjemmet sitt utenfor Drammen.
I Italia nøster den aldrende politietterforskeren Giovanni Caruso i en gammel sak, som har plaget ham gjennom de 14 årene som er gått siden Aurora Moretti forsvant. Caruso er dødssyk, og vil gjerne løse saken før han selv går ut av tiden.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Megafon Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Før jeg dør».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette

Dette er ein krimroman med etterforsking i fokus, og er fyrste bok i ein ny serie om politietterforsker Sebastian Vinger.

Ein fire år gamal gut vert kidnappa frå sin eigen heim i Drammen, og Sebastian Vinger og hans team vert satt på saken. Samtidig forsøker ein pensjonert etterforsker i Italia å oppklare ein sak som har ligget og murret i blodårene hans over mange år. Skal han endelig få ein forklaring på kva som eigentleg skjedde for 14 år sidan, og har det sammenheng med det som skjer i Noreg?

Frå fyrste stund av får ein parallelle historier frå Drammen og frå Italia. Ein ser raskt at det er nokre fellestrekk der, men samtidig er det to isolerte saker med 14 års mellomrom. Her går tankene til om det kan være samme person som står bak, eller om det faktisk er to vidt forskjellige saker som forfatter har kokt i hop. Uansett så pirrer det nysgjerrigheten frå fyrste side av, og tempoet er raskt oppe i maks fart.

Sebastian Vinger er eit nytt bekjentskap. Han er 35 år, skilt, og har ei dotter på 16 år. Han har nokre egenskaper som få andre har; han kan nemlig sjå, lukte og sanse det andre ikkje makter. Ikkje heile tida naturligvis, men det ligg nokre egenskaper der som gjer at han ligg eit lite skritt foran dei andre i etterforskningsteamet. Vinger har ein far som er i ferd med å bli dement, og som stadig treng hjelp. Kombinasjonen med mykje arbeid, og det at han må avvise samtaler med dottera og ikkje får besøkt faren så ofte, tærer på samvittigheten hans. Dermed klarer forfatter å spele på det medmenneskelige aspektet også, utan å måtte lage unødvendige bi-historier.

Datteren la på, og Sebastian ble stående med telefonen i hånden. Han tenkte på telefonsamtalene han burde tatt, all tiden brukt på jobb da han heller burde vært med Eline.

Plottet er bunnsolid og innehar eit særs godt driv boka gjennom. Det er stadig framdrift og fine, overraskende vendinger som skaper forvirring, tvil og uvisshet hos lesar. Ein del vegrer seg for å byrje på bøker med mange sider, men denne boka har ikkje ei side for mykje. Med over hundre kapitler i boka, er den meget lesevennlig til tross for sine nesten 450 sider.

Gjennom saken må Vinger forholde seg til fleire personer, deriblant hans egen stasjonssjef Marie Constance Krogh. Ho er ein karakter som klarer å sjå menneskene som jobber under ho, og som skaper eit samhald på ein politistasjon som er under eit enormt press. Vinger skal også få eit uventa samarbeid med ein journalist som er på jakt etter sensasjonsoverskrifter.

Saken i Italia handler óg om det medmenneskelige aspektet. Giovanni Caruso har i ein alder av 72 år fått sin dødsdom. Men før han dør, vil han forsøke å oppklare ei 14 år gammel forsvinningssak. Han har jevnlig kontakt med moren til bornet, og håper å kunne gi ho eit svar på kva som skjedde. Men tida er bokstavelig tala i ferd med å renne ut for Caruso, som stadig vert sykere og sykere. Eg likte denne delen av historia ekstra godt. Forfatter har bevisst valgt å skrive om mennesker og få lesar til å bli engasjert i karakterene. Saken ruller og går sin gang gjennom karakterene, likevel ligg det noko der som forfatter klarer å skyve over på meg som lesar. Ein blir nesten personlig involvert i saken gjennom karakterene. Det er eit fascinerende skue og eit solid stykke arbeid.

Kripos kjem etterkvart inn i biletet, og det lokale etterforskingsteamet vert dermed skjøvet litt ut på sidelinja. Det er alltid interessant å sjå korleis personer reagerer på å bli «overkjørt» av andre, og korleis dei responderer på dette. Eg synes at forfatter har løyst dette på ein god måte, utan å gjere hovedkarakter til ein villmann av den grunn.

Media speler ein viktig rolle i boka, og her synes eg at det burde vert fylgt opp enda meir utover. Når eit born vert kidnappa så burde presset frå media vert rimelig stort, men her fades det litt vekk etterkvart.

Forfatter nytter seg av faktiske hendingar innan f.eks italiensk fotball som eit bakteppe. Dette er eit verkemiddel som gir ekstra truverdighet til historia.

Men stormen la seg ikke, og da Castel di Sangro ble direkte beskyldt for juks, måtte de ta affære. Klubben hevdet hardnakket at de ikke hadde inngått noen avtale med Bari, og skylden ble lagt på tre enkeltspillere.

Cliffhangere er det mange av, og dermed klarer ein å halde oppe spenninga gjennom heile boka. Evander kjem med gode ledetråder undervegs og samler alle lause tråder mot slutten. Siste del vert kanskje litt for opplagt i mine auge, men likevel er det ting ein undrer seg over, og som ein (heldigvis) får svar på.

Det er ein mørk tematikk i boka. Bortførte born som vert utsett for traumatiske ting, går utover den fysiske og psykiske helsen til bornet og dei næraste. Her kjem det psykologiske aspektet inn og skaper ei nerve og medlidenhet til krimromanen. Det er tendenser til Stockholm-syndromet, og ein kan ein faktisk skjønne denne tendensen etter å ha lest heile boka.

I hodet hørte hun stemmen hans. De er ute etter deg. Det er farlig. Du har bare meg. Menneskene hun hadde møtt virket vennlige, men hvem hadde egentlig rett, han eller politiet?

Det ligg ein god del ubesvarte spørsmål rundt personen Sebastian Vinger. Likevel er det stadige små drypp av informasjon rundt han som menneske, og det legg grunnlaget for kommende bøker. Ein treng ein progresjon og videreutvikling av karakterer, så her har forfatter gjort eit solid arbeid med å ikkje gi ut for mykje info på ein gong, men samtidig nok til at ein føler ein er blitt «kjent» med Vinger. Dette skaper tilhørighet og ein ny krimhelt er født.

«Før jeg dør» er ein strålende krimroman med ein mørk tematikk. Her er det etterforskning som er i fokus, samt eit medmenneskelig aspekt som aldri skal undervurderes i krimromaner. Med eit heilstøpt plott, spennende karakterer og eit strålende univers som kler forfatter, så er dette ein krimroman som fort kan bli ein av årets bøker innen sin sjanger.

TERNINGKAST: 5+

Legg igjen en kommentar