Grøssernoveller for vaksne.
- Norsk tittel: Under huda
- Forfatter: Aleksander Brun
- Sjanger: Noveller, Grøss
- Antall sider: 83
- Utgivelsesår: 2024
- Utgiver: Publica Forlag
Aleksander Brun (Født 1990) er film – og bokentusiast. Han debuterte som forfattar i 2024 med novellesamlinga «Under huda».

Om natta kjem skuggen til live på soveromsveggen. Ein psykiatrisk
pasient slit med ei heimsøkande fortid. Ein språkforskar gjev bistand
til politiet i eit uvanleg oppdrag med eit gåtefullt lydspor. Kun
utstyrt med ei lommelykt leitar mannen etter kjærasten sin i den mørke
skogen. Frå skogen, frå djupet, frå mørket og frå skuggane kjem dei krypande opp under huda.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Under huda».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ei novellesamling på nynorsk som inneheld 8 noveller i grøsser-sjangeren.
Historiene kan få det til å gå kaldt nedover ryggen medan ein les. Dei er velskrevne og innehar vidt forskjellige historier og aldrer på dei involverte. Boka er fyrst og fremst mynta på den vaksne lesarskaren, og dermed kan forfatter også nytte seg av makabre enkeltscener.
Kort etter følgde ein kvalmande, samt slurpande lyd – eit resultat av sener, blod og brusk som klistra seg til slagvåpenet. Eg høyrde eit mjukt dunk, som om mannen fall på kne. Då lyden av metall som penetrerte hud og knuste bein oppstod endå ein gong, rygga eg sakte mot skrivebordet.
Brun er sjølverklært film og bokentusiast med lidenskap innan skrekksjangeren. Dette vises att i historiene. Ein kan sjå at det nyttes klisjeaktige verkemiddel for å bygge opp stemning og uhygge. Det er med andre ord kjente grøsser-element, og i så måte ingen nyvinning.
Eg liker måten forfatter nører opp under frykt og redsel for det som ikkje er, eller det som ein ikkje kan sjå med det blotte auga. Han lar fantasien til både karakter og lesar få bygge seg opp, før han kjem med ein form for avslutning. Avslutningene i seg sjølv er rimelig opne, sjølv om dei er førende og til ei viss grad så kan ein lese mellom linjene korleis forfatter har tenkt det skal ende.
Novellene er lettleste og innehar ei passeleg lengde. Brun nytter seg f.eks av psykiatrisk sjukehus, mørk skog og mørke vindauga der det står personar å kikker ned på karakteren. Det er også skuggar som beveger seg rundt om, eller er det sinnet som spelar karakterene eit puss? Brun er dyktig til å nytte seg av områder og omgivnader som skaper ein form for uhygge berre ved å nevne staden.
Han såg opp i lufta og bles røyken ut. Då den forsvann, fekk han auga på noko. Han trudde i alle fall han fekk auga på noko, i tredje etasje på naboblokka, i eit vindauge utan lys. Stod det ikkje nokon der?
Boka er skrevet på nynorsk, og nokre få stader er det nytta nynorsk-ord enkelte nok kan slita med. Men dette er ikkje noke gjennomgående problem, og teksten flyt ellers fint og problemfritt.
Ein får servert heile spekteret av grøsserelement, samtidig som det i det lange løp kan bli litt repeterende. Derfor vil eg anbefale å ikkje lese heile boka i løpet av ein ettermiddag, men heller spre det litt utover.
Eg likte særskilt godt novella som omhandla ei danserinna. Dette er forsåvidt ein klassisk grøsserfilm-aktig skildring, men likevel er det noko med den som Brun klarer å skape om til sitt eiga på ein fiffig måte. Denne anbefaler eg å lesa medan det er lyst, for når mørket kjem sigande, så kjem også danserinna og visar seg for deg…
Plutseleg stogga ho opp. Det kjendest som om tida stod stille. Sakte, grufullt sakte, vende ho hovudet mot meg. Augo våre møttest. Dei var svarte, kolande svarte. Ho vende så heile kroppen sin mot meg og byrja å slepa dei klumpete føtene langs golvet utan å løfte dei.
Historiene kan byrja lystbetont, men det endrar fort karakter. Enkelte tvister og gode vendinger er med, så ein føler seg aldri heilt sikker på korleis det heile ender. Forfatter klarer å videreformidle dei mørke universa og mane fram frykt og redsel for det som er, og det som ikkje er.
«Under huda» er ei novellesamling for vaksne innan grøssersjangeren. Med eit spenstig språk og ei formidling som tidvis får det til å gå kaldt nedover ryggen på lesar, så kjem Aleksander Brun godt ut av forfatterdebuten sin. Gje oss fleire slike noveller!
TERNINGKAST: 4