Dette er noko så sjeldent som ein quizroman.
- Norsk tittel: 33 sanger om Marianne
- Forfatter: Sonja Sirnes
- Sjanger: Roman
- Antall sider: 248
- Utgivelsesår: 2024
- Utgiver: Sonja Sirnes
Sonja Sirnes (Født 1977) er byggingeniør og quizer. I 2024 gav ho ut romanen «33 sanger om Marianne».

Marianne har et fint hus, en god jobb, og et rikt sosialt liv sentrert rundt en ukentlig musikkquiz. Dette er hun fornøyd med.
Marianne har en usunn ikke-forelskelse, et påskemysterium og et ønske om å reise innom alle fylkene i Norge. Dette er hun fornøyd med.
Hun har ikke en partner, og ingen barn. Dette er hun også fornøyd med
En bok om quiz, musikk og det å velge å være alene i en verden der alle antar at man vil være minst to.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «33 sanger om Marianne».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein roman som handler om quiz, musikk, forhold og relasjoner.
Marianne er ei kvinne som snart runder 50 år. Ho har jobb, hus og mange gode vener. Ho har ingen mann i livet eller born. Marianne er midtpunktet i gjengen når det kjem til quiz. Dei samles ofte på quiz-kvelder med musikk i sentrum. Det heile skal ta ein uventa vending når det byrjar å skjære seg blant vennegjengen, og Marianne forsøker å lappe saman forhold samtidig som ho er i eit aldri så lite vakuum sjølv.
Det er 33 kapitler i boka, og alle kapitlene har ein song i overskrifta. Kvar song er knytta opp mot ein hendelse eller øyeblikk i livet hennes. Dermed får me ein fin raud tråd boka gjennom. Eit fint verkemiddel, og kanskje kan det fungere som ei speleliste medan ein les?
Boka starter meir eller mindre rett i ein musikk-quiz. Her diskuterer gjengen på kven og kva som spilles. Dette vart litt uinteressant, all den tid eg som lesar ikkje høyrer kva som vert spelt. Ein vert dermed satt på sidelinja medan dei diskuterer att og fram. Heldigvis vert det ikkje like lange sekvenser av denne formen utover i boka, men dei samles ein del gonger.
Det ble forvirring rundt hvorvidt de måtte føre inn sangtittel som svar også, eller om det holdt med bandene og artistene, men det var visst andre lag som også lurte på det, for kort etter spesifiserte quizmaster at de skulle svare tre ting: band/artist de hørte, sangtittel og band/artist med lignende sangtittel.
Marianne driv ein skjønnhetssalong og er fullt opptatt med denne på dagtid. På kveldstid er det ofte quiz og samvær med sine vener. Ho har likevel tid til nokre one-night stands og lever godt med det. Ho må ofte forsvare sitt valg om å være barnlaus og singel overfor andre personer. For i det «ideelle» bilete av eit perfekt liv, så skal ein være to ifølge normen i samfunnet. Dette snakker Marianne midt i mot, og trives godt i eiga selskap. Men vil saknet etter ein å dele livet med komme for ein dag?
Det er mange personer og navn gjennom boka. Fleire av desse er perifere personer som strengt tatt ikkje hadde vert nødvendig å navngitt. Denne typen romaner, som knapt inneheld bodskap og tematikk, så er det om å gjere å få lesar til å senke skuldrene og berre la seg føre inn i historia. Det er ikkje alltid like enkelt når navn til tider hoper seg litt opp.
Ein del unyttige skildringer er med. Dette føles meir som fyllstoff, fremfor at det gagner historia. Progresjonen stopper dermed opp her og der, og det vert oppstykka.
Da sangen var over måtte Camilla på do, og John gikk ut på kjøkkenet for å hente mer øl. Marianne flyttet seg bort fra Kristoffer sitt fang og over i en lenestol, og da Caroline kom tilbake fra toalettet, satte hun seg på en puff ved Emils ende av sofaen, slik at det var god plass i sofaen til Emil, Jade, John og Kristoffer.
Boka inneheld mykje dialoger. Desse flyt fint og føles truverdige. Det er tidvis småmorsomt, og det kjem nokre overraskende vendinger som snur opp-ned på ting. Dette fører til at ein ikkje veit om det heile vil ende positivt eller negativt for vår hovedkarakter.
Det er ein samansatt karakter som me kjem greit under huda på. Ho viser ei side av seg som tidvis er dobbeltmoralistisk, noko ho ikkje ser sjølv. Dette viser at det ikkje er ei plettfri kvinne me har med å gjere, noko som er utelukkende positivt. Me får også god kontakt med vennegjengen som består av vidt forskjellige individer. Dette skaper ein fin dybde til forteljinga, og forfattar får dermed fleire strenger å spele på.
Marianne måpte. Sånn ordentlig tegnefilm-måp, hvor haka falt ned og øyne sperret seg opp. Hun hadde ikke ment å reagere så parodisk, og hun visste ikke helt hva hun hadde forventet at skulle ha skjedd, men ikke dette.
Litt mystikk er også med når ei dame vandrer gatelangs forbi salongen iført heilfarga klede. Forskjellige farger for kvar gong. Kven er denne kvinna, og kvifor er dei som jobber i salongen så opptatt av kven denne kvinna er? Dette smitter over på lesar, og det skaper ein fin og sær bi-historie.
«33 sanger om Marianne» er ein roman som handler om musikk, quiz og forhold. Gjennom godt språk, gode dialoger og samansatte karakterer får me eit innblikk i livene til personene på godt og vondt. Me fylgjer dei gjennom kvardagen og problemer som oppstår. Eg håper det kjem fleire bøker om denne gjengen, for dette gav meirsmak.
TERNINGKAST: 4