Historisk roman om kvinneliv og utvandring.
- Norsk tittel: Skjebnemøter i Bergen – Historier om kvinneliv og utvandring
- Forfatter: Anne C. Eriksen
- Sjanger: Roman, Historie
- Antall sider: 137
- Utgivelsesår: 2024
- Utgiver: ACEriksen Forlag
Anne C. Eriksen debuterte som forfattar med dokumentarboka «Sigfred» i 2020. I 2024 gav ho ut «Skjebnemøter i Bergen», som er ein historisk roman.

Rundt år 1900 får fem kvinner barn med samme mann, Ludvig fra Lindås. Skjebnemøter i Bergen handler om fire av disse kvinnene. De reiste alle fra sin hjembygd og inn til Bergen for å få arbeid. Der traff de Ludvig fra Lindås, en høyreist og kjekk kar. Det ble skjebnesvangert.
I fortellingene møter vi beboere i arbeidsanstaltens fattigavdeling i Bergen, vi får høre om Nordens første aluminiumsverk i Stongfjorden, om utvandring til Amerika, om en sønn som må sone i San Quentin, og om liv og død i Duluth og Alaska.
Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Skjebnemøter i Bergen».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein historisk roman basert på verkelege hendingar og personer.
Me fylgjer fire kvinner som alle fekk born med Ludvig frå Lindås. Dette skjedde seint på 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Dei vart etterlatt til seg sjølv, og der stod dei meir eller mindre på bar bakke med eit nyfødt born i armene.
Boka er delt inn i 4 deler, der me fylgjer kvar enkelt kvinne. Historiene er avsluttende, og me får eit bilete på korleis skjebner og tilfeldigheter former eit levd liv.
Ingeborg, Rakel, Hanna og Petrine hadde to ting til felles; dei flytta alle frå heimbygda si for å søkja arbeid i Bergen, og dei møtte Ludvig og blei sjarmert av fyren som var ein gift mann. Denne fyren var tydeligvis ein storsjarmør, og fekk born med fleire kvinner over ein kort periode.
Det er forskjellige skjebner me vert vitne til gjennom møtet med kvinnene. Ingeborg f.eks måtte søke seg inn på ein fattiganstalt og fekk jobb. Her får me eit innblikk av livet på anstalten som består av mykje krangling. Etter ei tid etter at dottera vart født, vart ho og dottera tvangssendt attende til heimbygda si. Her får ho ingen varm velkomst av si eiga mor for å seie det mildt. Og det vert heller ikkje betre når bornet blir tatt frå ho og sendt bort. Det er med andre ord såre forteljinger som møter lesar.
Ingeborg gråt og forsøkte å holde dem igjen, uten at det nytter. Lille Margit hadde begynt å gråte med en gang den fremmede løftet henne opp. Den ene av de to som kom for å jente henne, tullet et tykt stoff rundt Margit, så hun ikke skulle fryse.
Nokre reiste frå borna sine for å få moglegheit til å møte ein mann og starte eit nytt liv, samtidig som ein kom seg ut av fattigdom. Det må ha vert tøft å f.eks utvandre til Amerika medan bornet ditt vart værende i Noreg. Andre trengte jobb og inntekt og levde eit tøft liv medan dei var borte frå borna sine. Og det var nok heller ingen dans på roser for borna som var utan ein far i livet, og med ei mor som reiste frå dei, eller dei var sendt vekk frå deira einaste trygge havn i livet.
Eriksen skriv blant anna om overfarten til Amerika og livet der borte, om sjukdom og død og tuberkulosen som gjorde sitt inntog. Å reise til Amerika var for mange ein stor draum. Men ikkje alle fekk oppleve det «luftslottet» mange vart forespeilet. For det er ingen nåde for dei som er utan jobb og ingen som kan ta seg av dei, uansett kvar i verda ein befant seg i denne tidsperioden. Så med andre ord; livet gir og livet tar. Det klarer Eriksen å skildre på ein imponerende måte.
Boka et skrevet på bokmål, medan enkelte dialoger foregår på nynorsk. Ho har også med gjengivelser av brev og korrespondanser, og dei er skrevet på gammelnorsk og i sin rette form. Dette skaper ein truverdighet og ein får ei påminning om at dette faktisk har skjedd og at det er ekte mennesker bak personene me les om.
Språket er bra og det er strukturert og godt oppbygde historier. Enkelte partier er meir interessante enn andre. Ikkje alt er like givende å lese om i mine auge, men slik vil det nok stort sett alltid være i denne type bok, og det vil variere frå lesar til lesar.
-Min mann var møllearbeider i Kristiania og hadde hørt at arbeid som møllearbeidere var mye bedre betalt i Amerika. Og det hadde han rett i, nå tjener han mye mer enn han gjorde i Kristiania. Selv har jeg hatt arbeid i spinneri, og min mann sier at det ikke vil være noe problem for meg å få spinneriarbeid i New York.
Enkelte plasser får me bruddstykker av historier. Her rekner eg med at forfatter ikkje sitter på den fulle og heile historien, men at ho har tatt med de mest dramatiske hendingane som ho har klart å oppspore. Det er sånn at eg nesten håper ho har dramatisert enkelte situasjoner… For det er mange triste skjebner blant våre fire kvinner som er omtalt.
Informasjonsmengden varierer ein god del. Nokre av historiene er nok langt meir dokumentert for ettertida enn andre, men me får uansett eit relativt nyansert bilete på livet dei levde.
«Skjebnemøter i Bergen» er ein velskrevet historisk roman som skildrer dei ulike skjebnene fire kvinnene møtte på. Gjennom deira historier får me eit innblikk i dei store samfunnsutfordringene som var på byrjinga av 1900-talet og utover. Dette er ei bok som vil glede spesielt lesere med interesse for historie og utvandring.
TERNINGKAST: 4