Herleik – En roman om pest og kjærlighet av Dagfinn Johansen

Ein kjærleiksroman frå tida då svartedauden herja i Noreg.

  • Norsk tittel: Herleik – En roman om pest og kjærlighet
  • Forfatter: Dagfinn Johansen
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 428
  • Utgivelsesår: 2024
  • Utgiver: Baryton Bokforlag

Dagfinn Johansen debuterte som forfatter, i ein alder av 81 år, med romanen «Herleik – En roman om pest og kjærlighet» i 2024.

I år 1348 reiser bondesønnen Herleik for første gang alene til høstmarkedet i Bjørgvin. En skjebnesvanger reise som får konsekvenser for resten av hans liv. Året etter gjør svartedauden sitt inntog i Norge, og Herleik blir stilt overfor umenneskelige valg. Han nages av tvil og vanskelige tanker. Han tviler på egen evne til å elske, på om han selv er mulig å elske, på kirkens lære og på farens solgud, og iblant tviler han også på egen forstand. Denne medrivende kjærlighetsromanen fra middelalderen er full av dramatikk og motsetninger; kjærlighet og hat, håp og fortvilelse, vennskap og svik, fornuft og vanvidd, tro og tvil.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Baryton Bokforlag. Eg må få understreke at eg har lest eit manus som enda ikkje er sendt til ombrekking. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Herleik – En roman om pest og kjærlighet».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein kjærlighetsroman som foregår på midten av 1300-talet, når svartedauden kom til Noreg.

Me møter Herleik, ein ung mann som reiser til markedet i Bjørgvin for å bytte til seg ting som trengs på familiegården. Her møter han Jorid under tvilsomme omstendigheter, og forelsker seg i ho. Dette skal få store konsekvenser for hans videre liv, og han skal få føle på det aller meste eit liv har å by på, på godt og vondt. I tillegg inntar Dauden, eller svartedauden som den kalles, byen og bygdene rundt. Ein redsel og eit einaste stort mareritt er i emning.

Det fyrste som møter lesar er eit persongalleri foran i boka. Dette består av rundt 20 personer, og komplimenterer fint når det er behov for det. Eg liker uansett at ein hvertfall har moglegheita til å studere det viss ein er litt i stuss.

Handlinga foregår hovedsaklig i årene 1348 og 1349, når svartedauden gjorde sitt inntog. Forfatter bruker det som bakgrunn for sin historie, og han tar oss med tilbake til ei tid der gudsfrykta var stor, og redselen for pesten var enda større.

Romanen handler om pest og kjærleik i all hovedsak. Me fylgjer Herleik gjennom tykt og tynt, og ser hans bestrebelser etter å være eit godt menneske for dei rundt seg. Det lykkes han ikkje alltid med, og han slites mellom samvittighetskvaler og ei gudsfryktig tid, der alt han gjer vil få konsekvenser når han vert avsjelet på jorda. Denne karakteren er ein sammensatt karakter. Ein føler at ein aldri heilt veit kor ein har ham, men samtidig så «veit» ein kva han føler og tenker. Forfatter har gått denne karakteren etter i sømmene, og Herleik er ein person som ein vert grundig kjent med.

Miljøskildringene er ein av bokas aller største styrker. Ein kan formelig kjenne og føle på det yrende folkelivet på markedene, på det harde gårdslivet, redselen og fortvilelsen når pesten inntar landet for fullt, gleden og opprømtheten som oppstår rundt forelskelse, det uutgrunnelige hullet som oppstår når ein av dine nærmeste dør, og ein får eit godt innblikk i samfunnet generelt. Det være seg redskaper, klesstil, oppførsel og syn på blant anna kvinner og kyrkje. Johansen har med korrekte gater og bygninger i Bjørgvin, og han har lest seg grundig opp på samfunnet i Noreg og særskilt Bjørgvin på denne tida, men har etter sigende tatt seg friheter rundt det meste annet. Likevel føles det ekte.

Språket er godt. Det nyttes gamle ord som skaper ein truverdighet og ein vert stadig minna på at ein les om denne tidsperioden. Eg skulle likevel ynskja at ordforklaringer var ein fotnote, eller stod fremst i boka. Det er kjedelig å lese ei heil bok, for så å oppdage alle ord ein måtte google undervegs står med forklaring bakerst i boka. (Dette kan blir forandringer på før boka får i trykken)

Dialogene fremstod litt hakkete her og der for min del. Så er det jo dette med tidsperioden, og at ein snakka annleis til kvarandre på den tida enn det ein ville gjort idag. Dermed kan det også fremstå uvant, og det må komme forfatte til gode, for han har forsøkt å gjenskape tid og stad, noko eg føler han har gjort til fulle.

Det er intriger, makt og begjær. Det er glede og sorg. Det er død og redsel. Det er sjukdom og pest. Det er kjærleik og forelskelse. Det er reiser og nye stader å oppsøke. Med andre ord så er det ein roman som byr på det aller meste.

2/3 av boka har eit kort handlingsrom og er rimelig detaljstyrt. Forfatter har valgt å skrive inngående om personer, stader og miljø. Det er sakte-tv i bokform, men til gjengjeld så vert lesar ein del av kvardagen til karakterene. Ein er den berømte flåga på veggen i store deler av romanen, og det skaper følelser. Mykje følelser. På godt og vondt.

Innimellom fylgjer ein fleire personer parallelt. Dette skaper ein fin dybde til historia. Når det byrjer å bli litt for kvardagsleg, så oppstår det gjerne ein situasjon som snur opp ned på heile livssituasjonen, og rister i grunnvollene til det romanen er bygd opp på. Dermed må karakterer utvikle seg og lesar må omstille seg for det som kjem. Eit veldig godt verkemiddel i denne type roman.

Det er mykje som skjer undervegs og det er dermed eit variert innhald. Når Herleik drar ut på ei lengre reise, så kan det riktignok bli langdryge utgreiinger. Forfatter kunne f.eks valgt å fullføre reisa på nokre få setninger, men han er tro til sin skrivemåte og detaljstyring, og dermed velger å fylgje ham trufast fram til endepunktet. Eg kan jo ikkje anna enn å la meg imponere over Johansens måte å skildre miljø på, sjølv om det kan gå utover framdrifta i ny og ne.

Me får ta del i mange tanker og draumer undervegs. Dette er skrevet i kursiv, og dermed lett å skilje virkelighet frå det som skjer inni hovudet til karakterene. Dette er oversiktlig og eit godt val av forfatter og forlag.

Dagfinn Johansen er 81 år og bokdebutant når denne boka vert utgitt. Eit forfatterskap har ingen aldersgrense, og ein kan skrive like godt om ein er ung eller gammel. Fordelen som Johansen likevel har i forhold til yngre forfattere, er livserfaring. Måten han løyser enkelte ting i romanen på, vitner om eit levd liv og eit kløktig og kunnskapsrikt hovud. All honnør til Johansen og Baryton Bokforlag som har jobbet intenst med denne velskrevne romanen.

«Herleik – En roman om pest og kjærlighet» er ein storslått roman med mykje innhald. Gjennom realistiske miljøskildringer og veloppbygde karakterer, tar forfatter oss bokstavelig tala tilbake til midten av 1300-talet. Ein imponerende og velskrevet historie om nokre av dei mørkeste åra i Noregs historie.

PS: Boka er planlagt utgitt Oktober 2024.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar