Melankolsk mesterstykke av ei debutroman.
- Norsk tittel: Snart er eg natt
- Forfatter: Elin Eika Bringa
- Sjanger: Roman
- Antall sider: 224
- Utgivelsesår: 2024
- Utgiver: Bonnier Norsk Forlag
Elin Eika Bringa (Født 1987) har ein master i pedagogikk frå UiO. Ho debuterte som romanforfattar med boka «Snart er eg natt» i 2024.

Gonhild fyller snart 100 år, og hendinga skal markerast på gamleheimen. Ein journalist frå lokalavisa skal intervjue henne, men samtalane tek uventa vendingar for dei begge. Journalisten ønsker seg ei hyggeleg sak, men må slåss for kvart bidige ord, mens Gonhild gjenopplever scener frå eit langt og uforsonleg liv. Spørsmål ho for lengst trudde seg ferdig med, meldar seg på ny. «Snart er eg natt» er ein levande roman frå dødens rand. Den handlar om forspilte sjansar, om å vere på utsida av si eiga historie mens åra renn forbi.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Snart er eg natt».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein roman som utspeler seg i den siste fase av eit langt levd liv. Boka er skrevet på nynorsk.
Gonhild er eg-personen i romanen. Ho vert straks 100 år, og det skal markerast stort på gamleheimen der ho bur, noko Gonhild sjølv ikkje er ein tilhengar av. Tirill, som er journalist i lokalavisa, kjem for å intervjue ho før den store dagen. Dette møtet kjem til å forandre begge to, på vidt forskjellige måter. Gjennom spørsmåla journalisten stiller, gjenopplever Gonhild sitt levde liv, på godt og vondt.
Det fyrste som møter lesar er eit språk som rett og slett er av høg, høg klasse. Metaforbruken er kunst, og ein kan undre seg over at dette faktisk er ein debutant som har skrevet. Det er så velformulerende, så avbalansert og setninger som er så avrunda i kantene at det nesten smeltar på tunga.
Stemma hennar er som nyhøvla treverk, lys og glatt. Høyrest ikkje ut som oss andre her, ein gjeng knirkete dører.
Me møter ein hovedkarakter som er mett på livet. Ho vil møta sine kjære att på den andre sida, og forsøker i det skjulte å finne ein måte å ende sine dager på. Dette er ein vinkling som skaper ein mørk humor og gjev historia ein ny dimensjon. For gjennom sine handlinger så fortel Gonhild mykje om seg sjølv som person, utan at forfattar nødvendigvis set ord på det.
Me fylgjer Gonhild og livet på gamleheimen. Her er forfattar lett overfladisk innom andre brukere og ansatte. Enkelte vert meir framtredende, men fyrst og fremst er dette historia om livet til Gonhild, og hennar møte med den unge journalisten frå lokalavisa og dagane opp mot hennar store runde dag.
Bringa får fram det melankolske i det å venta på døden. For mange kan ventetida vera lang og strevsom når ein er lei av livet. For livet på ein gamleheim består av rutiner, noko Gonhild overhodet ikkje er ein tilhengar av.
Her ligg bare eg, dette skalet av ei kvinne, i dette skalet av eit rom. Ei som ein gong har levd, som har hatt fleire fargar enn dette grå som nå ser ut til å sluke meg. Kven ser dei andre nå, blant faldar og rynker, liggesår og åreknutar? Ein kropp, ein deig, som kan brettast, faldast og pakkast inn, på eit rom som er skjerma. Skjerma frå lydar og liv, frå dei som ennå har minutta framfor seg, og ikkje bak seg.
Det er ein fin karakter med sine kvaler og mangler, og som har eit «typisk» eldre persons syn på saker og ting. Ho har opplevd fattigdom og krig, og dermed vert synet på den velstanden folk har idag heilt annleis. Ho er direkte ufin mot den unge journalisten, og ein sit berre å rister på hovudet medan ein les. Samtidig er det slik at når forfatter sakte men sikkert skreller av lag på lag, så finn ein ei sårbar kvinne som ikkje har hatt da så godt opp gjennom åra.
Språket i romanen. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal formulere meg, for noko seier meg at eg ikkje klarer å leve opp til det Bringa leverer i sin roman. Det er ein magisk skriveteknikk. Det er som eit stort tomt lerret som forfatter gjer om til eit komplett maleri med sine fjørlette penselstrøk. Lag for lag. Silkemykt. Vakkert, melankolsk og vemodigt.
Gjennom historia får me eit nært og vart bilete av Gonhilds oppvekst og familieliv. Me får ta del i livets opp- og nedturer, der oppvekstmiljø speler ein vesentleg rolle for korleis ein person vert forma. Slekt skal fylgje slekters gong… Gonhild ser eit heilt liv har passert og alt ho angrar på som ho aldri kan få ugjort. Særskilt dottera, Helga, har ho mykje usnakka med. Dette er ein hjertevarm forteljing som samtidig setter seg som ein klump i halsen.
Det er mykje alvor i teksten. Melankolien ligg som eit tjukt skydekke over historia. Derfor er det ekstra gledelig at sola trenger seg gjennom skylaget her og der i form av humor. Den vekslinga er gull verdt, og ein gløymer litt det «tunge» som ligg der.
Før ungane skulle gå, kom ein av dei bort til meg. Det var ei kortklipt jente med oppstopparnase, kanskje fire eller fem år. Ho kikka på meg, studerte meg med dei brune auga sine medan eg lente meg fram og spurde kva ho heitte. Så la ho armane i kors, fekk eit obsternasig uttrykk i andletet og sa: Kvifor er du ikkje daud?
Etterkvart som romanen utspeler seg, så veksler forfattar meir og meir mellom no- og fortid. Gjennom dette ser me kor stor forskjell det er i personligheita frå ho var ung til ho no sit på gamleheimen. Livet har forma ho og ting har satt sine spor. Uavvikelige spor.
«Snart er eg natt» er ein roman om eit levd liv. Med ein strålende formidlingsevne, eit forførerisk og andektig språk, og ei historie som utspeler seg så levande foran augene på lesar, er dette intet anna enn ein magisk debutroman frå Elin Eika Bringa.
TERNINGKAST: 5+