Under sonetthimlene av Sveinung Bredesen

Ein delvis sjølvbiografisk oppvekstroman frå 70- og 80-talet.

  • Norsk tittel: Under sonetthimlene
  • Forfatter: Sveinung Bredesen
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 233
  • Utgivelsesår: 2023
  • Utgiver: Calidris Forlag

Sveinung Bredesen jobber til dagleg som lærer. I 2023 debuterte han skjønnlitterært med oppvekstromanen «Under sonetthimlene».

Vi følger en gutts oppvekst på et småbruk i en av Mjøsbyene på sytti- og åttitallet, slik han opplever det, og slik det alt sammen er med på å forme han. Etter som han vokser til oppdager han en gryende følsomhet og dypere tanker i seg selv, og en undring omkring de store mysteriene. Dette er en fortelling om slektenes gang, klumpføtter, familien man aldri kan unnslippe og steinrøyser som roper fra århundrer bakover. Ikke minst er boken en hyllest til livet slik det folder seg ut for oss alle, i alle nederlag og triumfer, en hyllest til alt som kravler og gror og den sanseløse gleden over bare å være til.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Under sonetthimlene».

I min bokblogg publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Dette gjer eg for å ikkje «henge ut» debutanter og mindre kjente forfattere som har bedt om ein bokanmeldelse. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein delvis sjølvbiografisk oppvekstroman, der me fylgjer ein gutts oppvekst på 70- og 80-tallet.

Familien på fem, som snart skal bli til seks, flytter inn på eit nedslitt småbruk som har vert i familiens eige i generasjoner. No har det stått tomt i 5 år, og nedfallet er etterkvart betydelig. Det er dermed blitt eit bureisingsbruk. Forfatter skildrer all den jobben som ligg til grunn for å oppretthalde og drive eit småbruk på 70- og 80-talet.

Introen vart litt sær i mine auge, der forfatter blant anna går inn på ein langdryg «avhandling» om venstre og høgre motorikk. Det har til ein viss grad ein forbindelse til det som skildres seinere i boka, men likevel ein merkverdig start på boka.

Det er veldig få navn i boka, utan at det gjer noko som helst. Hovedkarakteren sjølv er jeg-personen, og moren kaller ham den mellomste Bukkene Bruse. Denne guten er ofte innom hos sin grandtante som bur like i nærleiken. Ho er den personen som kanskje lærte han det meste den tida ho levde. Eit tett og fint bånd knyttes mellom desse to.

Guten veks opp med sine religiøse foreldre, der søndagsskule var ein selvfølge og ein skulle leve etter dei kristne verdiene. Han må tidleg ta del i gårdslivet. Der dei andre ungene og klassekompisene bruker fritida på leik og moro, må han jobbe. På denne måten fell han utenfor fellesskapet, og vert dermed ein meir inneslutta person overfor andre.

Det er i utgangspunktet ingen lett kombinasjon å være småbrukersønn i Mjøsbyen og samtidig barn av aktivt kristne, utenfor statskirka, i en av frimenighetene. Det er en dobbel klumpfot.

Det vert nokre unødvendige gjentakinger i teksten som Bredesen burde ha unngått for å få ein betre flyt. Det kan godt være at han vil poengtere eller framheve noko som er viktig, men det burde isåfall blitt løyst på ein anna måte.

Bredesen er innom forskjellige temaer, og har ein del utgreiinger rundt f.eks orientering og kva det går ut på, det samme gjeld også fluefiske og fisking. Dette kan vere spennende for nokon, og kjedelig for andre.

Det er fine miljøskildringer, og teksten innehar kloke og gode betraktninger som gjer til at ein gjerne reflekterer over episoder frå eiga liv. Forfatter er også innom dei store og filosofiske spørsmåla i livet, om døden og andre ting som fylgjer slekters gang.

Hvor bittersøte er ikke minnene, omfavnet som de er av årene, årene som kom og gikk på en lang, lang rekke. Som aldri kan oppleves igjen, ikke akkurat denne, kun i synapsenes elleville dans, i korte ensomme glimt, og borte som de er for alltid.

Historia har ein lineær fortalt tidslinje, sjølv om forfatter hopper litt ut og inn av hovedhandlingen. Det er tidvis store hopp tidsmessig, men det er godt merka, og ein slepp å bla fram og tilbake for å skjøna sammenheng.

Me fylgjer ein ung gut som føyer seg etter foreldre og menighet. Dette former han som person, og det forventes at han skal fortsetja drifta på gården. Når han etterkvart byrjar å studere og går inn i førstegongstjenesten, så bryt han nokre bånd og grunnprinsipp. Han får smaken på «det gode liv», men kva veg velgjer han å gå? Bryt han ut frå gården og går eigne veger, eller fylgjer han den samme sti som generasjoner har gjort før ham?

Det er korte kapitler og ei lettlest bok, der forfattar er innom mykje på kort tid. Det er livets trivialiteter på godt og vondt. Det er familiehistorie og slekters gang, og ikkje minst så er det ei bok med refleksjoner over eit levd liv.

«Under sonetthimlene» er ein lettlest og reflekterende oppvekstroman. Med sine gode betraktninger og ein fin klangbunn gjennom heile teksten, er dette ein roman som vil treffe eit bredt spekter av lesere.

TERNINGKAST: 3

Legg igjen en kommentar