Sterk og velskrevet bok nr. 7 i serien om politioverbetjent Håkon Haakonsen.
- Norsk tittel: Samiras død
- Forfatter: Myriam H. Bjerkli
- Sjanger: Krim
- Antall sider: 270
- Utgivelsesår: 2024
- Utgiver: Bonnier Norsk Forlag
Myriam H. Bjerkli (Født 1963) er blant anna frilansjournalist, oversetjar og er forlagssjef i Forlagshuset i Vestfold. Ho debuterte med ei dikt og novellesamling i 2006 i samarbeid med to andre, før ho i 2007 gav ut si fyrste ungdomsbok. Den heiter «Cyprianus» som også vart til dansk. Etter ei rekkje med diverse utgivelsar, kom ho med si fyrste krimbok, «Lille Linerle» i 2017. Så fylgde «Stella Polaris» i 2019 og «Djevelens Yngel» i 2020. Desse tre bøkene utgjer Kodal-trilogien. Engelens fall» vart utgitt i 2021, «Grønnøyd monster» i 2022, «Elskede Emilie» i 2023, og «Samiras død» i 2024 er så langt den sjuende boka om Håkon Haakonsen i hovedrollen.

Håkon Haakonsen er lykkelig sammen med kjæresten Sigrid og hennes sønn David. Så forsvinner begge. Sigrids voldelige ekskjæreste Muhammad har rømt fra fengselet, og en eldre dame blir kjørt ned og drept på en øde vei utenfor Sandefjord uten at noen melder seg. David har også hatt større problemer på skolen enn Håkon har kunnet forestille seg. Har alt dette noen sammenheng? Mens tiden er i ferd med å renne ut for de to menneskene som står ham nærmest, står en ting klart for ham: Han har aldri kjent den kvinnen han elsker.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Samiras død».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein krimroman, og er bok nr. 7 om politioverbetjent Håkon Haakonsen. Bøkene i denne serien kan leses frittstående, men utvikling på det personlige planet gjer til at ein bør lese dei kronologisk.
I denne boka så går Bjerkli inn i den private sfæren til Haakonsen. Kjæresten hans og hennes son forsvinn, og det mistenkes at hennes valdelige eks-kjæreste står bak. Dermed må Håkon grave djupt bak i fortida til Sigrid. Desto meir han graver, desto mindre kjenner han att denne kvinnen han har hatt som kjæreste i to år. Kven er ho eigentleg, og kva har skjedd med ho og sonen?
Som vanleg i Bjerkli sine bøker, så starter ho effektfullt og får lesaren i si hula hand frå byrjinga av. Ho har ofte ein mørk tematikk, så også her. Det ligg mykje ondskap å lurer like under overflata. Og når den fyrst bryt ut, så er den vanskeleg å stoppa. Dette fører til mange inntrykk gjennom krimromanen, og ein treng å fordøye innhaldet innimellom.
Han prøvde å stritte imot, men det nyttet ikke. Pannen stanget mot porselenet, og nesen rakk så vidt å fange opp stanken av piss før ansiktet var under vann. Han knep munnen sammen, lukket nesen og prøvde å vri på hodet, men presset mot ryggen ble bare sterkere jo mer han kjempet for å komme løs. Han fikk ikke puste, det sprengte bak nesen, i pannen, han holdt på å bli kvalt.
Det er eit jevnt godt driv, der ting skjer fort og det er hektisk til tider. Med korte kapitler, fleire parallelle historier og gode cliffhangere, så har Bjerkli lagt grunnlaget. Når ho då topper det med ein heilstøpt historie, så kan ein ikkje anna enn å la seg trollbinde.
Eg har sakna meir frå privatlivet til Håkon i dei foregående bøkene. Det har vert mange ubesvarte spørsmål både når det gjeld han, og hans kjæreste, Sigrid. Dette tar forfatter igjen med renter i denne boka. Det aller meste kretser rundt Sigrid og hennes fortid. Men her kjem også det følelsesmessige aspektet inn. Håkon byrjer å innsjå at Sigrid er ei kvinne han kan sjå ei framtid saman med. Men så forsvinn ho, og han må grave i ei usnakka fortid. Ei fortid som er så mørk og så brutal, at ein ikkje unner sin verste fiende det ein gong. Men dette er realiteten for Håkon, og det er mange følelser i sving.
Sigrid, verdens snilleste kjæreste. Alt hun hadde fortalt ham, var løgn.
Dette er ei «irriterende» god bok. Og med irriterende så meiner eg at den er vanskelig å legga frå seg. Dette går ut over andre ting i kvardagen, særskilt nattesøvnen. Boka låg aldri langt frå meg, og eg tok den stadig opp for å «berre» lesa eit kapittel til…
Enkelte av bi-historiene går tilbake i tid, men med gode kapitteloverskrifter, så mister ein aldri tråden. Det vert etterkvart ein spennande og intrikat forteljing, der Bjerkli fletter alt saman til eit heilhetlig bilete. Det er eit snev av eit plott inni der, men fyrst og fremst er det spenningskrim. Det er ingen rom for pauser, og når snøballen fyrst har byrja å rulla, så er det umogleg å stoppa den.
Det er solide og velkomponerte karaktertrekk med eit realistisk bakteppe og eit naturleg reaksjonsmønster. Det er til tider ein hjerteskjærende og røff tematikk med eit valdeleg utfall. Likevel er det viktig å formidle denne type historier. For dette er kvardagen for altfor mange personer rundt om i verda, og Bjerkli lar oss ikkje lukke augene for den slags.
Språket holder eit høgt nivå, og forfatter veit kva knapper ho skal trykke på for å tvinge fram følelser både hos leser og gjennom sine eigne karakterer. Når ein trur ein byrjer å ane konturene av saken, så kjem det overraskende tvister og vendinger. Er det ein ting eg har lært av å lese bøkene til Myriam H. Bjerkli, så er det at ein aldri skal føle seg trygg på det som kjem. Og det er eit godt utgangspunkt når ein setter seg ned med ei krimbok.
«Samiras død» er ein bunnsolid spenningskrim med eit høgt tempo og ein røff og velskrevet tematikk. Myriam H. Bjerkli har nok gått litt under radaren til mange krimelskere der ute, men for meg er ho blant dei beste av norske krimforfattere. Dette var nok eit eksempel på genialitet.
TERNINGKAST: 5+