Ein morosam og tankevekkende bok med barnlig glede og veslevaksne svar.
- Norsk tittel: Barnas filosofi
- Forfatter: Amir Shaheen
- Sjanger: Dokumentar, Humor
- Antall sider: 141
- Utgivelsesår: 2023
- Utgiver: Tekst Forlag
Amir Shaheen er komiker og tekstforfattar. I 2021 gav han ut humorboka «F*** ta hjernen min!», og «Barnas filosofi» i 2023.

Barn lyver ikke. Derfor har Amir Shaheen og Øystein
Himle intervjuet barn i alder 6-12 år for å stille
spørsmål om hverdagslivet, politikk, dating og alt
imellom. Resultatet utgjør en samling av morsomme,
kreative og tankevekkende betrakninger.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Barnas filosofi».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ei sitatbok der forfatter har intervjuet barn om dei små og store spørsmåla i livet.
Boka er delt inn i fire forskjellige temaer; Livet. Mennesker, dyr og Gud. Politikk, og til slutt barnas tanker om voksne. Borna som er blitt intervjua er i aldersgruppa 6-12 år.
Born er ofte direkte i sine svar, og dei svarer gjerne uten å reflektere over spørsmålet, noko som fører til ein del humring. Men det er også mange veloverveide svar her som er til ettertanke for oss vaksne. Den barnlige sida er lett å sjå, og ein kan lett assosiere seg med ungene når ein sjølv var på deira alder.
Når man blir høyere, lærer man bedre.
Theis, 6 år
Shaheen og Øystein Gimle har intervjuet borna, der dei har stilt konkrete spørsmål. Dei har også her og der fulgt opp med oppfølgingsspørsmål på det borna har svart. Borna ser ut til å ha sittet i grupper sidan nokre svarer eller fylgjer opp det den forrige har sagt.
Det er mange spørsmål gjennom boka, der ein er inne på dei store eksistensielle spørsmål som livet, døden, kjærleiken, Gud og religion. Men ein finn også små trivielle spørsmål som f.eks kva er ein vaksen og kva betyr det å vere norsk.
Etter å ha lest boka så sitter ein igjen med følelsen av at borna får med seg langt meir enn det me vaksne kanskje trur. Dei unge er fullt oppdatert på kva f.eks Tinder er, kva NATO er og kva rasisme går ut på.
Tinder er en datingapp. Så det dukker opp et bilde av en person, og du sveiper på dem om du liker dem eller ikke. Hvis begge sveiper «ja», så kan dere snakke sammen, lære om hverandre og så møte hverandre.
Alexandra, 10 år
Ein og anna illustrasjon finn ein blant alle sitatene. Desse illustrasjonene er godt utført og har forgreining til ting som er nevnt i teksten. Ikkje alt gir riktignok meining ved fyrste augekast, som ei løve som har ein kopp med «Verdens beste oldefar» foran seg, men leser ein sitatet så skjønner ein den artige og hjertevarme samanhengen.
Navnet på borna og alder er nevnt ved kvart sitat, og ein ser at dei samme navna går att i boka. Dette fungerer veldig fint, og ein registrerer at der eit born svarer reflektert og veslevoksent, kan vere snudd på hovudet når eit nytt tema dukker opp.
Litt artig er det å legge merke til at når dei får spørsmål om kva vaksne kan lære av borna, så blir dei ekstra snakkesalige med meir utfyllende svar. Og dei er definitivt inne på noko.
Heilt bakerst i boka har borna skrevet ned spørsmål til oss vaksne som me kan svare på i vårt stille sinn. Det setter ting i perspektiv og enkelte spørsmål er direkte vanskelige å svare på.
Rasisme er eit spørsmål som vert gått etter i sømmene. Her går ein inn på fordommer, hudfarge, kva ein rasist er og kva som definerer ein norsk person. Ungene svarer meget bra for seg og det er ingen tvil om at dei er godt opplyst.
Det er ein tankevekkende og morosam bok på ein gong. Boka er særs lettlest og oversiktlig. Ein pløyer raskt gjennom boka, men den går likevel aldri ut på dato. Dette er ei bok som ein kan ha liggende framme og bla opp på vilkårlige sider. Formatet på boka er relativt lita, så den opptar heller ikkje all verden med plass. Den passar for alle aldrar og her kan det skape grobunn for mange gode samtaler og diskusjoner mellom unge og vaksne.
Jeg lånte en bok en gang som het «Døden». Men det var ikke sånn at noen døde, det var bare at noen het Døden. Det var litt skuffende.
Kornelia, 6 år
Dette er ingen nyvinning innan boksjangeren. Det finnes fleire slike bøker der born får spørsmål som skal besvares. Det som kanskje skiller denne frå andre bøker er tids- og samfunnsaktuelle spørsmål. Shaheen og Gimle har penset meir inn på det samfunnet er opptatt av i vår tidsperiode.
«Barnas filosofi» er ein morosam, reflektert og tankevekkende klassisk spørsmål og svar-bok. Med varierende temaer og spørsmål får ein eit fint bilete på det samfunnsaktuelle som opptar folk. Dette er ei lettlest bok som passar for alle aldrar, og som kan ligge framme til glede og latter.
TERNINGKAST: 5-