Nok ein strålende krim med Mia Krüger og Holger Munch i hovedrollen.
- Norsk tittel: Hitra
- Forfatter: Samuel Bjørk
- Sjanger: Krim
- Antall sider: 504
- Utgivelsesår: 2023
- Utgiver: Bonnier Norsk Forlag
Samuel Bjørk er eit pseudonym. Bak dette navnet finn me Frode Sander Øien (Født 1969). Han er musiker og forfattar. Øien debuterte som forfatter i 2001 med boka «Fantastiske Pepsi Love». I 2013 kom hans fyrste krimroman, «Det henger en engel alene i skogen», under pseudonymet Samuel Bjørk. Han etter dette utgitt ei rekkje med bøker og er viden kjent både i Noreg og verda med sine bøker. I 2023 gav han ut krimromanen «Hitra».

En åtte år gammel gutt forsvinner sporløst fra øya Hitra utenfor trøndelagskysten. Tre år senere er drapetterforsker Mia Krüger tilbake på øya, hvor hun tidligere forsøkte å ta sitt eget liv. En lokal jente ber henne innstendig om hjelp til å finne den forsvunne gutten, og Mia, som egentlig er ferdig som politi, klarer ikke annet enn å begynne jakten. Holger Munchs gamle enhet i Oslo er nedlagt, og da en seksten år gammel jente blir funnet brutalt drept på øya, med guttens navn skrevet i blodet, blir han tilkalt for å lede etterforskningen. Sammen går Mia og Munch løs på en sak som å viser seg å være mer intrikat enn noen kunne forestille seg.
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein krimroman, og er den femte boka i serien om Holger Munch og Mia Krüger. Boka kan fint leses frittstående, sjølv om det anbefales å lese serien kronologisk.
Bjørk tar oss med til trøndelagskysten i denne krimromanen. Nærare bestemt Hitra. Eit lite tettsted der «alle kjenner alle». Bak den ytre fasaden med sjø, sommer og flott natur lurer eit mørke og eit hat som er så intenst at det kan skremme nokon og ein kvar.
Ein åtte år gamal gut forsvann sporlaust for tre år sida. Når ei tenåringsjente vert funnet drept med guttens navn skrevet i hennes blod, byrjar politihjernene å jobbe på høygir, og både Mia og Holger blir sendt ut i ei sak som ingen kunne ha sett utfallet av på førehand.
Starten er prega av mange navn som vert kasta mot deg. Her må ein vere litt «på», for det er viktig å få med seg relasjoner og bekjentskaper all den tid dette er eit lokalsamfunn og alle har ein eller anna form for bekjentskap.
Språket er som vanlig solid og plottet er heilstøpt frå start til slutt. Bjørk nytter ofte korte setninger, noko som både er effektivt og lesevennlig. Samtidig er han dyktig til å utbrodere der det er nødvendig.
Nei.
Han ville ikke.
Han var ikke dum.
Han visste da hva det betydde.
Hva som var hensikten med slikt.
Ein ser tidleg at boka består av fleire lag med historier, der me fylgjer fleire personer parallelt. Dette skaper eit større driv og forfatter har langt fleire strenger å spele på gjennom dei forskjellige karakterene. Det er ein litt uoversiktlig start der ein undrer seg over kva som er blindspor og kva som er verdt å huske på videre. Dette er sjølvsagt bevisst frå forfatters side å skape ein viss usikkerhet allereie frå start av. Og det klarer han utmerket.
Det er eit stort persongalleri med karakterer i alle aldre. Nokre vert nok som pappfigurer å rekne, men hovedtrekka er med og ein får eit visst forhold til dei aller fleste. Eg sakna likevel nærleiksfølelse av tankegong og oppførsel til ein del av dei yngre. Er dei born eller ungdommer?
Joggeskoene var jo best å sykle i, uten tvil, men var de pene nok, da? Skulle hun ta sandalene i stedet? Men da viste jo tærne, og hvordan var den regelen egentlig? Viste man tærne til folk man skulle møte for første gang?
Dette er fyrst og fremst ein etterforskningskrim der dei store actionscenene uteblir i store deler av boka. Det tar seg riktignok opp mot slutten, men det aller meste foregår i eit roleg tempo. Likevel er det intenst på alle måter, og eg sakna ikkje nokon storslått scene sidan drivet er så bra.
Bjørk viderefører Mia og Holger frå tidlegare bøker og me kjem enda litt meir under huda på dei i denne. Eg liker progresjonen og at dei stadig utvikler seg som personer samtidig som me får enda litt meir om bakgrunnen deira. Her har Bjørk gjort ein strålende jobb med å skape interessante og realistiske hovedkarakterer som ein ikkje blir lei av.
Anette Goli, Munchs tidligere høyre hånd, pleide å si at Munch var en ung femtifireåring, med en nittårings sjel og klessmak som et fugleskremsel. En ganske passende beskrivelse. Sagt med kjærlighet, selvsagt.
Ein og anna urealistisk situasjon oppstår, og viker frå den ellers så heilstøpte og engasjerende historien. Derfor legg ein ekstra godt merke til det, men slik er det ofte i denne type bøker. Det er ein hårfin balansegang der forfatter balanserer på ein knivsegg mellom å skape spenning og godt driv på den eine sida, og samtidig holde oppe realismen på den andre sida. Av og til må ein ta ein snarveg og velge ei side for å opprettholde det eine.
Det er korte kapitler, bra med cliffhangere og fleire historier parallelt som skaper eit godt driv. Med eit stort karakterregister fylgjer også eit stort antall potensielle gjerningspersoner. Bjørk er dyktig til å holde korta tett til brystet, og kjem stadig med nye tvister. Eg likte også måten han integrerer born og unge inn i historia og lar dei spele ein like viktig rolle som dei vaksne. Dette viser ei tett og sammensatt bygd, der bygdedyret likevel lever i beste velgående. Men kva er sant og kva er berre lause rykter? Spenninga og nerven banker trufast gjennom heile boka og holder liv i historia til siste side er lest.
«Hitra» er nok ein heilstøpt krimroman frå Samuel Bjørk. Med sine gode miljøskildringer og evnen til å skape uhygge sjølv på ein varm og fin sommerdag, har Bjørk nok ein gong skrevet ein medrivende og intens krim som etterkvart kryp under huda på lesaren.
TERNINGKAST: 5