Ein spenningskrim med masse innhald.
- Norsk tittel: Forglemdetei
- Forfatter: Odd Arne Marsteinstredet
- Sjanger: Spenning, Krim
- Antall sider: 391
- Utgivelsesår: 2023
- Utgiver: Calidris Forlag
Odd Arne Støstad Marsteinstredet (Født 1968) debuterte som forfatter med spenningsromanen «Forglemdetei», som vart utgitt i 2023.

Et mystisk bilde på Instagram endrer dramatisk tilværelsen for Jimmy Watford.
Mens Oslo bader i sommervarme må han ufrivillig ta et oppgjør med sitt tidligere liv, som også medfører at Jimmy og datteren Inna, er i livsfare.
Samtidig i Omak, Washington State, USA – et lite sted nær grensen til Canada, finner den nyutdannede politibetjenten Sherilyn Cooper et gammelt lik. Egenrådig starter hun sin private etterforskning, og avdekker forbrytelser av et kriminelt omfang selv FBI ikke var klar over.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Forglemdetei».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein spenningskrim som foregår over to kontinenter.
Det er to hovedkarakterer i denne historia; influenceren Jimmy Watford og politibetjent Sherilyn Cooper. Jimmy har akkurat bikka 40 år, er skilt og har ei dotter som han forguder. Han bur i Oslo, og har definitivt sitt å slite med. Når han får eit bilete på Instagram, der avsender er ukjent, står han plutselig i eit mareritt som får store fylgjer. I USA finn me Sherilyn. Ho er nyutdanna politibetjent og blir kasta rett ut i det når ho kjem over eit gamalt lik. Ho startar sin eiga etterforskning som skal vise seg å være langt meir omfattende enn det nokon hadde sett for seg.
Det var første gang hun så et lik, og selv om hun visste at det som lå foran henne ville bli liggende, holdt hun pistolen hevet, skjelvende.
Boka starter med mange opne spørsmål som nødvendigvis ikkje besvares umiddelbart. Forfatter har valgt å legge ut delvis informasjon her og der, for å seinare plukke opp att tråden og fortelje kva som ligg bak. Det fungerer forsåvidt godt når ein fyrst skjønner tankegangen bak og kjem inn i språket og rytmen til forfatter.
Boka veksler mellom Jimmy og Sherilyn, noko det også informeres om ved kapitteloverskrifter. Så kan ein jo undre seg kvifor me fylgjer spesifikt ein influencer fra Oslo og ein politibetjent i USA… Historia er velskrevet og det er ei spenning og nerve som rammer inn forteljinga, og ein får sakte men sikkert nye ledetråder undervegs. Det er kanskje ikkje det mest kompliserte plottet, men spenningsdelen veg opp for dette.
Dette er ei bok der det er best å vete minst mogleg om innhaldet før ein byrjar å lese. Då får ein definitivt mest ut av forteljinga. Derfor har eg valgt å skrive lite om kva lesar har i vente. Men det er bra. Verkeleg bra!
Karakterregisteret er passe stort, og ein kjem godt under huda på våre to hovedkarakterer. Det er ein fin og dynamisk utvikling i personlighetene og dei har personlige problemer på kvar sin kant. Dette er heilt greie bi-historier som holder på mystikken og spenninga rundt desse personene.
Det er nesten hundre kapitler, noko som gjer den meget lesevennlig. Det er enkelte få hopp fram og tilbake i tid, men dette er tydelig markert. Det er med andre ord ei oversiktlig historie, sjølv om det er mange spørsmål som dukker opp etterkvart.
Eg likte alle dei effektive setningene der det ikkje er behov for å utbrodere i det vide og det breie. Dette gjer til Marsteinstredet kan fokusere på spenningsdelen og oppretthalde denne. Noko han også gjere.
Kom seg ut døren, hoppet inn i Jeepen. Heldigvis lite trafikk.
Sherilyn opplever ei stor sorg og har det tungt og er lei seg. Men det gir ingen effekt utover i historia. Her kunne gjerne forfatter ha spelt meir på det følelsesmessige aspektet når han fyrst har det med, for å setje to streker under svaret på kvifor det er ein del av historia.
Det er ein god del politietterforskning og relativt lite actionscener. Men forfatter speler godt på det psykologiske, og det umenneskelige presset dei vert utsett for etterkvart.
Miljøskildringene får ein til å føle seg tilstades. Han legg inn konkrete skildringer som gjer til at lesar får dei riktige sanseinntrykka, og enkelt kan setja seg inn i scenen.
Solen sto høyt på himmelen uten skyer, parken han kjørte forbi var full av unger. Det luktet nyslått gress, grill og skog. Han lukket øynene, tok inn over seg lyden av barn, duren fra en gressklipper, voksne som småpratet og knatringen fra en bil som kjørte på grusen.
Nokre få merkverdige ordvalg og ein og anna feil er å oppdrive i teksten, men det vert fort gløymt når historia kjem skikkelig i gang. For drivet er fenomenalt, og det er så mange problemstillinger rundt personene som held leseren på tå hev. Marsteinstredet har gitt seg sjølv mange holdepunkter og knagger til å bygge opp spenninga på. Derfor er det så kjekt å lukke boka etter endt lesing og innsjå at han har utnytta dei aller fleste aspekter på ein strålende måte.
«Forglemdetei» er ein meget solid spenningskrim, der politietterforskning og det psykiske aspektet er i fokus. Med ein solid spenningsdel og eit meget godt driv, så er navnet Odd Arne Marsteinstredet vel verdt å merke seg.
TERNINGKAST: 5-