Fyrste bok i ein spenningsserie for born.
- Norsk tittel: Forsvinningen
- Forfatter: Espen Mowinckel
- Illustratør: Christina Winther
- Sjanger: Barn
- Antall sider: 30
- Utgivelsesår: 2023
- Utgiver: Panter Forlag
Espen Mowinckel (Født 1953) har mange års ledererfaring frå salg og marknadsføring. «Satisfaction», som kom ut i 2021, er hans debutbok. I 2023 gav han ut «Forsvinningen», som er ei barnebok.

Brødrene Adam og Theo bor sammen med mor, far og farfar i et gammelt hus i havnebyen Storvik. Farfar passer brødrene når foreldrene jobber eller har alenetid. Fritid for Adam og Theo er fotball, fotball, ja, så sant de ikke er sammen med farfar. Da skjer det alltid et eller annet. En dag er farfar borte. Søkk vekk. Hvor har han blitt av? Adam og Theo begynner å lete. De finner spor etter farfar ved et mystisk hus i skogen. Hva kan ha hendt? Kan den beryktede Hettegjengen ha noe med forsvinningen å gjøre? Jakten på farfar blir vanskeligere og skumlere enn brødrene hadde trodd i sin villeste fantasi.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Forsvinningen».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ei barnebok som passer for born mellom 6-9 år, og er fyrste bok i ein serie.
Farfar passer brødrene Adam og Theo når foreldra er på jobb. Ein dag dei er ferdig på skulen, så kjem ikkje farfar og henter dei. Når dei kjem heim, er han heller ikkje der. Brødrene byrjar å leite etter han, og finn etterkvart nokre spor. Kva har skjedd med farfar?
Mellom trærne skimter farfar et falleferdig hus. De fleste vinduene er spikret igjen med plater. Et par vinduer er gapende hull med skarpe kanter av knust gladd. Takrennene har løsnet og henger på skeive.
Me møter to brødre, der Theo er yngst og er eit mobbeoffer på skulen. Då er det godt å ha ein storebror som kan steppe inn og redde han fra kjedelige situasjoner. Adam er den som tar ansvar og kontrollen når dei leiter etter farfaren. Theo er meir tilbakeholden og redd, men saman med Adam så våger han meir. Samarbeid er eit nøkkelord i denne boka, sjølv om dei begge er redde og nervøse så backer dei kvarandre opp.
Boka er på 30 sider, så forfatter har valgt å benytte seg av ein rask utvikling i historien. Dermed er det mange ting som vert utelatt. Det hoppes over ein god del informasjon som kunne vert nyttig å vite. Som f.eks alder på borna, plassen dei bur på, og kvifor farfaren eigentleg bur saman med dei. Det er faktisk slik at det er nesten meir informasjon bak på omslaget enn i sjølve historia. For i historia så er det forteljinga som står i fokus, og lite eller ingen detaljer rundt.
Det er ein god del tekst på enkelte sider, som nok gjer til at mange born vil vegre seg for å lese sjølv. Så denne boka passer nok best som høgtlesning. Det er korte kapitler og fint inndelt for ei lesestund på sengekanten eller i sofakroken.
Det er ein del svart/kvit illustrasjoner boka gjennom som gjer til at ein får eit glimt av korleis enkelte omgivelser ser ut, og karakterene får eit ansikt. Det hadde nok ikkje gjort noko om dei hadde vert i fargar, då det liver opp sidene langt meir. Det kunne også vert fleire for å stykke opp sidene enda meir. Men sjølve illustrasjonene er godt utført.
Sjølv om det er eit alvor over situasjonen og det som skjer, så har Mowinckel lagt inn barnlig humor her og der, som løyser opp spenninga på ein god måte for dei minste.
Plutselig brytes stillheten av et brak. En lang promp smeller i rommet.
Det er ein veldig fin relasjon mellom ung og gamal, som gjenspeiles gjennom historien. Ein kan sjå gjennom teikningane og teksten av farfaren er ein viktig person for ungene. Og det er ingen tvil om at det er gjensidig.
Sidan dette er fyrste bok i ein serie, så håper eg at me vert betre kjent med både karakterer, plassen dei bur på og eventuelle andre born og vener som bur i nærleiken i kommende bøker.
Historien er passe skummel og spennende for målgruppa. Språket treff bra, sjølv om enkelte ord kan gå over hovudet på dei minste. Men då er det godt å ha ein vaksen som kan forklare dei viss dei lurer på noko.
«Forsvinningen» er ei spenningsbok for born i målgruppa mellom 6 og 9 år. Den innehar ein spennende historie, der samarbeid og det å våge sjølv om ein er redd og usikker som står i fokus. Med barnlig humor og fine teikningar treff Mowinckel målgruppa godt.
TERNINGKAST: 4-