Ein roman om å vekse opp som homofil lenge før Pride gjorde sitt inntog.
- Norsk tittel: Ved foten av regnbuen
- Forfatter: Aslaug Tidemann
- Sjanger: Roman
- Antall sider: 283
- Utgivelsesår: 2023
- Utgiver: Skriveakademiet
Aslaug Tidemann er utdanna journalist og har blant anna jobba som enhetsleder for kultur i Enebakk. Ho har tidlegare utgitt to diktsamlinger og er representert i fleire antologier. «Ved foten av regnbuen» som vart utgitt i 2023, er hennar debutroman.

Felix vokser opp som kjøpmannssønn i en liten vestlandsby på 50-tallet. Han skjønner tidlig at han er homofil, men orker ikke fortelle familien hvem han egentlig er. For å slippe unna, drar Felix til Oslo. Der blir han en del av det forbudte homsemiljøet. Hvordan var det å være homofil i en tid der det var straffbart å leve som skeiv? Kan Felix noen gang klare å akseptere hele seg? Ved foten av regnbuen er en sterk roman om en homofil manns livsreise – lenge før pride. Det er også en historie om hvordan skam, løgn og skyldfølelse langsomt dreper et menneske.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Ved foten av regnbuen».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein roman om ein homofil person som me fylgjer på sin livsreise frå 50-talet og utover.
Felix vart fødd i 1943. Han veks opp i eit kristelig miljø, men skjønner tidleg at han «ikkje er som andre». Der andre gutter speler fotball, så vil Felix heller leike med prinsesseting. Foreldra, og særskilt moren gjer alt for at han skal slutte med det, og heller gå ut og være ein «ordentlig» gut. Felix veks opp og opplever å bli mobba, og han blir også utsatt for overgrep i ung alder. Søndagsskulen er hans pusterom i kvardagen. Her er alle velkomne, og hans forhold til Gud er hans håp om ei framtid. Men kva skjer når ein forkynner taler homofili midt imot, og Felix mister trua på Gud? Me fylgjer Felix opp gjennom åra, og får eit innblikk i kva motstand og fordommer han møter på som homofil.
– Kirken fordømmer oss. Samtidig hevder de at alle mennesker er skapt i Guds bilde. Jeg får det ikke til å rime! Hvis jeg er et slags avtrykk av en kjærlig Gud, hvordan kan han da forkaste meg fordi jeg elsker en mann?
Felix er hovedkarakteren, men ikkje jeg-personen. Dette er litt uvanleg, men samtidig også ein god idé. Jeg-personen er hans gode venninne, Marit, og me vert kjent med andre sider av Felix gjennom hennes auge, i tillegg til han som ein tredjeperson. Ein fin måte å vinkle historien og fortelje kva som skjer både på utsida og innsida av karakteren.
Han veks opp i Strandvik, ei bygd med masse fordommer, der han aldri kan leve det livet han vil. Derfor vil han flytte til Oslo, for å forsvinne inn i mengden og møte andre som er i samme situasjon som han sjølv. Foreldra derimot vil at han skal overta butikken som faren driv. Men måten moren oppfører seg på, gjer til at han driv lengre og lengre vekk frå sine foreldre, og ein ser etterkvart ein forakt og eit hat til moren. Dette er ein fin bi-historie med masse følelser involvert.
Språket er godt og teksten flyt fint. Enkelte dialoger kan verte litt langdryge her og der. Eg sakna også følelsen av å være på 50- og 60-talet gjennom miljøskildringer. Her er det meir holdninger som definerer tiåret.
– Terskelen for aksept av homofili er fortsatt høy, og troen på behandling lever i beste velgående, det være seg via demonutdrivelse eller mer sofistikerte metoder.
Det er ein god del om samfunnsnormer, Gudstro, bygdedyret og kjærleikslivet. For kjærleiken går veldig opp og ned, der Felix møter på mange utfordringer. Som person forandrer han personlighet opp gjennom årene. Ikkje alltid til det gode, men det vitner om eit levd liv og er i så måte realistisk og truverdig.
Det er få kapitler i boka, men heldigvis har forfatter lagt inn mange avsnitt med eit fint mellomrom. Dette skaper luft og ein inndeling som likevel gjer boka lesevennlig.
Tidemann har valgt å bruke reelle politiske og storsamfunnsproblem i verda som eit bakteppe for mange av diskusjonene mellom karakterene. Det er ein spenning og angst blant ungdommer om det som skjer rundt i verda, og det fører til ein del storpolitiske diskusjoner.
Me får ta del i Felix sitt liv frå A til Å. Dette fører til at me vert godt kjent med karakteren, og får eit fint bilete på dei utfordringene han møtte på frå seint 40-talet og frem til 90-tallet. Forfatter viser også gjennom sin historie korleis samfunnet forandret seg gjennom synet på homofili opp gjennom årene. Det har på ingen måte vert ein dans på roser, og forfatter er innom dei fleste dogmeskiftene rundt dette.
Våren 1972 intensiveres debatten om avkriminalisering av homofili. Felix og jeg skriver avisinnlegg, vi diskuterer, og hver celle i kroppen fylles av sitrende håp. Felix deltar i demonstrasjoner.
Eg sakna følgene av overgrepet Felix vart utsatt for som born. Det virket som den traumatiske episoden berre vart ein parentes i historia, noko som forfatter definitivt kunne spelt meir på når ho fyrst har den med.
Siste halvdel av historia tar forfatter eit lite steg vekk frå homofili-temaet og går heller meir inn på buforhold, økonomi og sjukdom. Det var litt overraskende, utan at det nødvendigvis er galt. Det er kanskje ein meir naturleg fortsettelse på det som er skrevet tidlegare i romanen, og som viser kva karakteren måtte stå i, sjølv i høg alder.
Romanen er velskrevet. Den er trist og fin, og innehar masse vennskap og svik. Det handler om dysfunksjonell familie, om kjærleiksforhold og om personer som ikkje er den de utgir seg for å være ved fyrste og andre augekast. Men fyrst og fremst handler det om å vekse opp som ein homofil mann lenge før Pride gjorde sitt inntog i samfunnet. Ein oppvekst som bestod av fordommer og det å måtte leve i skjul med sin legning.
«Ved foten av regnbuen» er ein sterk roman som fortel den tøffe reisen ein hadde som homofil på 50- til 90-tallet i det norske samfunnet. Med ein velskrevet historie har Aslaug Tidemann skildra ein viktig del av det mange har stått i og gått gjennom. Ein veldig fin debutroman.
TERNINGKAST: 4