Stemninger av Monica Evaldsdattter Dahlskjær

Ei stemningsfull diktsamling med dei små og store øyeblikka frå eit levd liv.

  • Norsk tittel: Stemninger
  • Forfatter: Monica Evaldsdatter Dahlskjær
  • Sjanger: Poesi, Dikt
  • Antall dikt: 38
  • Utgivelsesår: 2023
  • Utgiver: Stiora Forlag

Monica Evaldsdatter Dahlskjær (Født 1965) er utdanna førskulelærer, og har bakgrunn fra alternativbransjen. Ho har vert elev ved forforfatterskulen, og har sidan vunnet fleire tekstkonkurransar. «Stemninger» som vart utgitt i 2023 er hennar debutbok.

Forfatteren finner sjelero og meditasjon i naturen. Da henter hun også frem kamera og prøver å fange stemningene hun opplever. Monica elsker himmel og hav, men finner noke vakkert overalt. -En hobbyfotograf trenger ikke nødvendigvis dyre speilreflekskamera, er forfatterens motto. Alle bildene i denne boka er tatt med Samsung mobilkamera. Motivene i denne boken er fra Stjørdalsområdet, andre rundt om i Trøndelag, og et par av fotografiene er tatt i Saltstraumen, Nordland. Med denne boken inviterer Monica deg inn i sitt stemningsunivers.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Stemninger».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ei diktsamling med 38 dikt og flotte naturbilete. Teksten er hovedsakelig skrevet på bokmål, men enkelte dikt er òg på nynorsk.

I denne diktsamlinga så har forfatter forsøkt å fange dei små øyeblikka som seiler forbi i eit levd liv og tidens tann. Det som ein gong var, og der ein lever på minner frå ei svunnen tid. Det handlar også om å leve eigne liv, men samtidig vere ein støttespelar for kvarandre.

Dahlskjær er innom fleire temaer, som blant anna fellesskap og den indre sfære. Men også minner, sorg og redselen for å miste er fremtredende. Ho skriv om at berre du sjølv kan veta kven du eigentleg er, og at den ytre masken er noko alle klistrer på seg relativt ofte.

Vekk meg ikke i morgen, om natten blir for lang
La meg sove vekk smerten
I drømmen tørker alle tårene, og du lever fremdeles
Ingen bevissthet rundt din død
Bare de gode minnene om oss finnes

Frå diktet «Vekk meg ikke»

Boka har eit stilreint oppsett. Dikta har overskrifter og er plassert midt på sida. Der diktene er korte, er det også lagt inn ein dus blåfargebakgrunn. Dette er eit visuelt godt verkemiddel som gjer til at ein unngår ein halvtom kvit side. Dei aller fleste fotografiene er heilsides, og det er klare og lystbetonte stemningsbilete. Motivene varierer, men det er ingen tvil om at havet og sjøen er noko som står forfatters hjerte nært.

Dei fleste diktene har eit klart bodskap og språk, men nokre er skrevet i ein meir svevende og poetisk vending med rom for tolkning. Dahlskjær brukar naturen som metafor, noko som er klassisk og gir ein form for trygghet i diktene, all den tid dei aller fleste har noko konkret dei kan assosiere med.

Alle diktene står frittstående, men ein legg merke til at forfatter ofte er innom det å ha eiga identitet, om det å ta vare på og finna seg sjølv. Ho skriv om viktigheten av å behalda dei personene som tilfører positiv energi i livet ditt, og om sjølvhealing i form av sinn.

Jeg ble hengende
opp ned
alene

Da
fant jeg
meg selv

Frå diktet «Ravnevinger»

Ein ser at det er forskjellige skrivestiler gjennom diktsamlinga, så eg rekner med at poesien er skrevet over ein lengre periode, eventuelt at forfatter utforsker og leiter etter sin stil. Uansett så meistrer ho alle stilene meget bra.

Lengda på diktene varierer, og igjen lar eg meg fascinere av ordets kraft. Få ord kan være like virkningsfull som ein heil tekst, så lenge ein velger dei riktige orda.

Du hadde et hjerte av stein
Jeg gjorde alt for å mykne det
Det forandret lite
Bare meg

Diktet «Steinhjerte»

Boka er av eit relativt lite format, og omslaget er eit blikkfang som gjer til at ein er fristet til å bla i den. Derfor er dette ei bok som er veldig fin til å ha liggende framme og berre bla opp på ei vilkårlig side og ta innover seg både poesi og dei stemningsfulle naturbileta.

«Stemninger» byr på hendingar gjennom eit levd liv, både gleder og sorger, men også vare, kloke og ettertenksomme betraktninger. Gjennom stemningsfulle naturbilete kan ein senke skuldrene og la poesien skylle innover sitt indre. Dette var ein veldig hyggelig og avslappende poetisk lesestund.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar