Med naturen som terapi av Elisabeth Naustdal Stormark

Ei poesibok bestående av dikt med naturelement supplert med kunstneriske fotografier.

  • Norsk tittel: Med naturen som poesi
  • Forfatter: Elisabeth Naustdal Stormark
  • Sjanger: Poesi
  • Antall sider: 92
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Elisabeth Naustdal Stormark

Elisabeth Naustdal Stormark (Født 1963) bur på Sotra utanfor Bergen. Ho kom ut med bøkene «Sjelebilde», « Poesi fra sjelen» og «Poesi om havet» i 2020. Ho gav óg ut «Kunstens virkning på oss», «I lyset av fullmånen», «Fjellets visdom» og «Blikkets betydning» i 2021. Sidan har ho gitt ut ei rekkje med poesibøker, Ho har óg gitt ut CD og lydfiler. Stormark har tidlegare arbeida som medisinsk sektretær, og driv no med maling, skriving, musikk og healing. Ho driv Galleri Stormark Everything in Nature.

Frå forordet: «Forholdet mellom menneske og natur er identitetsskapende. Jeg bruker tiden min på naturen, og detaljer naturen er bygd på. Jeg er ydmyk, respekterer og beundrer skaperverket. Jeg er opptatt av å ta vare på naturen, og formidle naturens rikdom videre til andre. Her føler jeg at fotografiene mine og uttrykket de gir kommer sterkt inn. I kunsten min er naturens prosesser sentralt i mitt uttrykk.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Med naturen som terapi».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ei bok der dikt og forteljande poesi går hand i hand.

Stormark fylgjer opp i det sporet ho hadde frå forrige poesibok, der ho i tillegg til dikt, skriv meir forteljande rundt naturen som terapi. Her utdjuper ho f.eks vatnets verknad på ho og energifelter som oppstår.

Dikta er for det meste skrevet i fri-form. Det er forklarende dikt med livsvisdom, og veldig ofte gode metaforiske bilete tatt frå naturens mangfald.

Det er mange kunstneriske fotografier med. Dei supplerer innhaldet på ein fin måte. Her må eg også få legge til at bileta er klarere og fyller sidene betre enn tidlegare bokutgivelser. Så her har forfattar gjort eit solid arbeid med sine bilete.

Stormark er opptatt av å finne seg sjølv, og dette med å bli eitt med seg sjølv. Ein må akseptere seg sjølv og fortida, før ein kan akseptere andre og sjå fremover. Å bruke naturen til dette er ein måte som Stormark stadig drar paralleller til. Naturen er den viktigste ingrediensen i poesien til forfatter, og det vises att i bøkene hennes.

Fortiden er over nå, og eksisterer kun i mine tanker. Den gav meg stor forståelse og innsikt. De negative erfaringene fra fortiden gjorde jeg om til positive opplevelser.

Ho trekk fram det å sjå naturen i eit nytt lys. Ta vare på øyeblikka ein opplever, og bruke naturen som terapi og få ro i sjelen.

Denne gongen er det vatnet og speilinger dette gir frå seg som er hovedfokuset. Lyset som skifter og danser i vatnet, lyden av klukkende vatn og bølgesus kan være særs beroligende. Dette kan være ein fin avveksling frå ein stressende kvardag. Naturen er gratis, og ligg aldri langt unna der ein er.

Vannets overflate ligger stille.
Sinnet mitt roer seg.
Bevegelsene til vannet og meg smelter sammen.
Jeg blir i ett med deg. Vi flyter rundt, du og jeg.

Naturen gir meg glede, energi og ro.
Jeg lader og senker tempoet no.
Lager lyse øyeblikk i hverdagen.

Som vanleg skriv Stormark med sjel i sine dikt. Ho skriv om korleis naturen hjalp ho med renselsesprosessen i sitt indre, og er takknemlig for det naturen har gitt ho. Det går også på det spirituelle. Det blir ein del gjentaking, berre med andre ord, men bodskapet vert det samme. Her skulle eg gjerne sett ein bredere tematikk, eller ein anna vinkling på diktene for å få variasjon.

Kontakt med naturen var en del av min oppvekst.
Jeg respekterer naturen og moder jord, og den spirituelle natur i meg.
Kunnskapens tre. Det guddommelige og hellige aspektet av meg selv.
Der er en hellig energi. Kjenner kraften av mitt sanne autentiske selv.

Oppsettet er enkelt og luftig. Det er overskrifter, gode avsnitt og flotte bilete som er avslappende å kvile augene på. Denne type poesibøker skal gi deg ro medan ein les, og det klarer Stormark.

Forfatter har funnet sin stemme med sin positivitet og energi. Med dette vil ho inspirere andre til å bruke naturelement som inspirasjonskjelder til å finne ro, og ikkje minst finne seg sjølv.

«Med naturen som terapi» er ei poesibok som har eit luftig og flott oppsett. Gode kunstneriske fotografier og ei poetisk og energisk stemme i diktene, gjer til at dette vart ei fin lesestund. Bøkene til Elisabeth Naustdal Stormark er absolutt verdt å sjekk ut.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s