Skupet av L. S. Macdonald

Nettjournalisten Lilliann Bermer setter i gong eiga etterforskning når ho finn si bestevenninne døende. Dette er krimdebuten til forfatter.

  • Norsk tittel: Skupet
  • Forfatter: L. S. Macdonald
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 311
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Macademics Forlag

Laila Sandvold Macdonald er frilansjournalist, og har tidlegare gitt ut blant anna skrivehåndbøker. I 2021 krimdebuterte ho med «Skupet».

Den unge journalisten Lilliann Bermer finner bestevenninnen Dina døende. Lilliann mistenker at Dina ble drept. Den mistanken styrkes da hun får den dødes mobil levert på dørmatta dagen etter, med meldingen: «For your eyes only».
Håndskriften er Dinas.
Hva skjedde med Dina – ble hun drept for noe hun hadde oppdaget gjennom journalistjobben? Ved hjelp av informasjonen fra Dinas mobil starter Lilliann jakten på svaret. Og en morder.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Skupet».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein krimroman der med fyrst og fremst fylgjer ein nettjournalist i hennes forsøk på å finne svar.

Romanen starter bra, der me blir kasta rett inn i ein dramatisk hendelse. Nettjournalist Lilliann Bermer har hatt ei lang arbeidsveke, og skal avslutte med å besøke sin beste venninne. Når ho kjem fram, finn ho Dina døende. Dagen etter får ho mobilen til Dina tilsendt, og ho byrjar å undersøke. Ho er heilt sikker på at venninna er drept, men kjente ho eigentleg Dina så godt som ho trudde?

Hun slapp alt hun hadde i hendene, snudde på hælen og begynte å løpe tilbake samme vei som hun var kommet. Han nådde henne igjen med tre-fire lange steg, og snart kjente hun et grep rundt armen. Hun hørte seg selv skrike som et såret dyr, før alt ble svart.

Hovedkarakteren er Lilliann. Ho er nettjournalist i Verden Nå, der ho fyrst og fremst jobber i leserchatten. Eg følte at forfattar berre skraper på overflata når det gjelder denne karakteren. Me får eit lite innblikk i hennes fortid, og me fylgjer henne gjennom jobb og privatliv. Likevel fekk eg aldri eit «personlig forhold» til ho. Når det er sagt, så må det legges til at det er ein fargerik karakter som har ein dobbelmoral som er få forunt. Ho starter eigne undersøkingar, holder tilbake viktig informasjon og bevis for politiet, samtidig som ho kritiserer dei for manglende fremdrift.
Det er artig å fylgje ho utover i boka, der humøret hennes vakler mellom tårer, latter og eit temperament som skaper store problem for ho. Eg må også få legge til at dette er den fyrste boka i ein serie om Lilliann, så me kjem nok meir under huda på henne etterkvart.

Det er ein del ulogiske situasjoner i boka, som trakk litt ned for min del. Som f.eks når Lilliann sjølv er under etterforskning, så ringer ho politiet for å høyre korleis det går, og forsøker å få ut informasjon. Det var og eit par setninger og metaforer som ikkje virket heilt gjennomtenkte, men utover det står språket fjellstøtt.

Han ble sittende et par minutter og se på henne.

Forfattar har vert dyktig til å skape eit plott som holder koken til nesten siste side er lest. Det er fleire aktuelle kandidater for ugjerninga, om det i det heile tatt var ei ugjerning som vart begått.

Det er ei lineær historie, der me kun fylgjer Lilliann i sitt forsøk på å finne svar. Ho får riktignok hjelp frå ein permittert politimann, men det er likevel Lilliann me fylgjer. Macdonald har vert flittig med cliffhangere ved kapittelslutt, men i og med at me fylgjer samme person heile tida, forsvinn noko av spenningsmomentet når ein kan bla om og lese kva som skjer videre i løpet av ein setning og to. Ein får dermed umiddelbart svar og vert på denne måten ikkje holdt på pinebenken.

Dialogene er bra, og lengda på kapitlene gjer til at det er ei lesevennlig bok. Det meste foregår i Lillestrøm-området, og miljøskildringene er gode. Plottet er som tidligere nevnt solid, og innehar fleire lag. Macdonald har skapt ein meget god balanse mellom actionscener og etterforskningsarbeidet. Tempoet og drivet er godt, og det er motsetninger blant karakterene, som alltid er positivt.

En halvtime senere lot hun seg flyte med passasjerkaoset ned de trange trappene fra perrongen på Lillestrøm stasjon. Hun dumpet ned på en av de runde benkene i stasjonshallen. Mange satte ned farten og stirret på henne. Hva glodde de på? Hadde de ikke sett folk før? Hun tok opp sminkespeilet, og oppdaget forklaringen.

Lilliann er amatøretterforsker, og det kjem ettertrykkelig frem i teksten. Bevisst eller ubevisst, men enkelte valg ho tar kan ein undre seg over. Men det er litt av sjarmen i romanen, og ein må ta hennes valg for det det er.

Sluttpartiet er oppklarende og ein får svar på dei store og viktige spørsmåla. Det vert mange antakelser og gjetninger frå hovedkarakteren si side utover i romanen, så da er det befriende at forfatterer leverer eit godt sluttparti.

«Skupet» er ein krimroman med ein nettjournalist i hovedrollen. Den innehar ein god miks av action og amatøretterforskning, og er ein lettlest krim med eit bra språk. Dette er ein solid krimdebut frå L. S. Macdonald, og eg gleder meg til neste bok.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s