Ein flott og stemningsfull diktsamling som inneheld 40 dikt og bilete.
- Norsk tittel: Tankespinn
- Forfattar: Synøve Henriksen Ramberg
- Sjanger: Poesi
- Antall sider: 85
- Utgivelsesår: 2020
- Utgiver: Lyrikkforlaget
Synøve Henriksen Ramberg (Født 1964) er opprinnelig frå Horten, og debuterte med diktsamlingen «Tankespinn» i 2019.

De nære ting.
Hvilken påvirkning har de?
Å undre seg over og lure på noe, er en naturlig del av menneskesinnet – fra vitenskap og forvandling i det som omgir oss, til hverdagsfenomener.
Øyeblikket, det eksakte NÅ, og forgangne tider er en del av oss alle.
Og alle søker vi svar.
Bli med på en visuell poetisk reise som inviterer til refleksjon og ettertanke.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Tankespinn».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ei diktsamling bestående av 40 dikt.
Boka er i hardcover og det er ei gjennomarbeidet bok, der ingenting er overlatt til tilfeldighetene. Det er innholdsfortegnelse som gjer det enkelt å finne fram, og kvart dikt har eit tilhøyrende bilete.
Dikta er plassert midt på den eine sida, og eit foto er plassert på den andre sida. Det er eit minimalistisk sideoppsett som gjer til at sidene vert nakne, og forfatter lar dikt og bilete tale for seg. Ord får meir makt når dei vert fremtredende, slik som her. I tillegg er den heilt fri frå all form for tegnsetting.
Bileta er små og varierer mellom farger og svart/hvitt. Eg må berømme forfatter for valg av bilete. Dei står i ein strålende kontrast til innhaldet av dikta, og skaper eit visuelt godt inntrykk.
Dikta er skrevet i fri-dikt format, og varierer frå nokre få ord til fleire vers. Temaene varierer og inneheld blant anna årstider, naturskildringer, kjærleik, holde oppe ein fasade, sinnsstemninger og livets gang. Felles for dei alle er at dei utstråler ein stor poetisk kunnskap. Forfatter kaster ikkje rundt seg med ord. Det er korte og konsise ord og setninger, som skaper gode sinnsstemninger.
Ærlighet
Frå diktet Godhet.
Kjærlighet
Herlighet
Som så mange andre bruker Ramberg særskilt naturen i sine metaforiske vendinger. Sjølv om enkelte av dikta inneheld eit dystert tema, så føler eg at dei er skrevet med ein positiv energi. Og nettopp dette med positiv energi skaper ein ekstra liten leseglede ut av diktene. Enkelte av dikta kan assosieres frå natur og til menneske, og som alltid er eit godt billedlig verkemiddel.
Pust inn lys og sol
Frå diktet Pust.
Pust ut aske og sot
Du fylles av lystighet
Du fjerner din negativitet
Du føler takknemlighet
Du nærer kjærlighet
Til livets herlighet
Til din egen pust
Og dens bevissthet
«Tankespinn» er ikkje ei diktbok du pløyer deg gjennom. Dette er ei bok til ettertanke og refleksjon, og er skrevet med ein positiv energi. Les den i eit stille rom og la deg falle inn i tankespinnet til Synøve Henriksen Ramberg. Anbefales.
TERNINGKAST: 5-