Carolyn har utvikla seks ulike personligheter, og når faren vert funnen drept vert ho hovedmistenkt. Men kven av personlighetene kan eventuelt stå bak?
- Norsk tittel: Alle oss
- Original tittel: All of Us
- Forfattar: A.F. Carter
- Sjanger: Thriller
- Antall sider: 308
- Utgivelsesår: 2021
- Utgiver: Vigmostad&Bjørke
A.F. Carter er eit pseudonym. (Pseudonym er eit fiktivt navn, der forfattar ikkje ynskjer å bruke sitt eiga navn) Da ein veit er at forfattaren bur i New York.

Carolyn Grand har hatt ein særs traumatisk barndom. Mannen som øydela oppveksten var hennes eigen far, som vart dømt til 30 års fengsel. I løpet av denne tida har Carolyn utvikla seks ulike personligheter. 28 år har gått og ho er blitt ei voksen kvinne, når faren plutseleg slepp ut av fengsel grunna god oppførsel. Kort tid etter vert han funnet drept. Politiet mistenker at Carolyn står bak, men hvilken av hennes personligheter er i såfall den skyldige?
Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Vigmostad&Bjørke. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Alle oss».
Dette er i utgangspunktet ein psykologisk thriller, ein kategori det er vanskelig å skrive gode bøker i. Eg synes denne boka lykkes med ein del ting, men det vart meir ein roman for meg.
Carolyn Grand har seks vidt forskjellige personligheter, og her har forfattar lykkes veldig godt med å skapa eit element av spenning og mystikk. Kvifor reagerer personlighetene som dei gjer? Kvart kapittel har navnet på den personligheten det handler om, noko som gjer at ein aldri går seg vill i boka. Språket er veldig enkelt og godt, og får meg som leser til å fortsette med «berre eit kapittel til»-tankegong medan eg les.
Sjølv om ho har forskjellige personligheter, så kjenner dei til kvarandre, og ser på seg sjølv som ein familie. Ei tar seg av husarbeid, ei er ansiktet utad, ei husker ting, ei tilfredsstiller Carolyns seksuelle behov, ei er hemmelighetsfull, og ein (jepp, ein mann) som vil få ting gjort. Når dei tenker og snakker, så er det i «vi»-form. Dei snakker for alle. Interessant er det at den personen som går og legger seg for kvelden, nødvendigvis ikkje er den samme som våkner opp dagen etter. Den personen som går og handler, aner egentlig ikkje kven ho kjøper middag til…
«Når du er liten, kan voksne gjøre alt de vil med deg. Alt de vil. Pappaen min sa at det står i loven. Voksne kan gjøre alt de vil med deg, uansett hvor vondt det gjør.»
Dette er ei veldig annleis bok. Kan ikkje huske at eg har lest noko som dette før. I starten er det forvirrende at seks forskjellige personer er den samme personen som hovedpersonen Carolyn Grant. Ho har blitt utsatt for brutale seksuelle overgrep av sin egen far når ho var rundt 10 år gamal. 27 år seinare er han ute av fengsel og ho (eller ein av dei seks andre) oppdagar han i ein butikk. Korleis reagerer ho? Da kjem heilt an på kven av personlighetene som har overtatt kroppen hennar.
Ho går jevnlig til psykolog Laurence Halberstam, som er ein av nøkkelpersonane i boka. Da er på mange måter han som avgjer om Carolyn får leve fritt i samfunnet, eller om ho skal bli lukka inne på psykriatisk anstalt. Halberstam får møte dei forskjellige personlighetene i tur og orden, og prøver å verta betre kjent med kvar enkelt. Men det skal vise seg å ikkje vere så enkelt som han hadde håpet på.
Politietterforskar Bobby Ortega etterforskar drapet på faren, samtidig som han vil hjelpa Carolyn vidare i livet. Han får etterkvart følelsar for ein av personlighetane, men kva skjer når han møter dei andre?
Dette er ei merkverdig bok med ein fascinerande historie. Eg synes enkelte partier vart litt langdryge, her kunne det vert korta litt ned på enkelte utgreiingar. Eg vart også litt skuffa over slutten. Den kom plutseleg og alt boka handlar om koker ned til nokre få sider på slutten.
Dette er utan tvil ein «utanfor boksen»-bok. Forfattar har klart å skapa eit spennande univers med mange interessante karakterar. Me kjem under huda på eit menneske som har vert utsatt for umenneskelige forhold i barndommen. Ho murer seg meir eller mindre inn i sitt eget sinn, men samtidig er ho avhengig av folk rundt seg, på godt og vondt. Eg sit enda å lurer på om eg likte boka eller ikkje, men ein ting er hvertfall heilt sikkert, og da er at dette er ei bok eg ikkje gløymer med det fyrste. Eg er heilt sikker på at mange vil elske denne boka.
TERNINGKAST: 4+