Magisk start på denne manga-serien.
- Norsk tittel: Heksehatt-atelieret Vol 1
- Original tittel: Tongari Bōshi no Atorie
- Forfatter: Kamome Shirahama
- Sjanger: Manga, Ungdom
- Antall sider: 208
- Utgivelsesår på norsk: 2026
- Utgiver: Outland Forlag
Kamome Shirahama er frilansillustratør og mangaskaper. Ho debuterte med boka «Watashi no Kuro-chan» i 2011. I tillegg til å gi ut mangabøker, illustrerer ho blant anna forsider for Marvel Comics og DC Comics.

Coco er ei vanlig jente fra en liten landsby, som alltid har beundret hekser og magi. Dessverre er det bare de som er født hekser som kan lære heksekunst. Det er også strengt forbudt for utenforstående å bevitne hvordan en magisk formel blir laget. Coco vet derfor at drømmen hennes aldri kan bli virkelig. Men en dag besøker heksen Qifrey landsbyen hennes, og Cocos liv snus fullstendig på hodet. Slik begynner historien om jenta som drømmer om å bli heks!
Denne boka er eit leseeksemplar frå Outland Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Heksehatt-atelieret».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette
Dette er fyrste bok i ein mangaserie som passar frå 12 år og oppover.
Me møter Coco. Ei vanlig, men samtidig uvanlig jente som bur i ein liten landsby sammen med mor si. Coco har alltid vert fascinert av magi, men aner ikkje korleis det fungerer. Eit møte med heksen Qifrey vert starten på eit heilt nytt og magisk liv for den unge jenta.
Heilt frå starten av vert ein dratt rett inn i universet til Shirahama. Det er nesten som ein «kjem heim» når ein trår inn i denne magiske verda. Det er mykje magi og hekseri, men samstundes er det noko nært og personleg som eg som lesar får ta del i gjennom livet til Coco.
Illustrasjonene er i svart/kvit og er i kjent japansk manga-stil. Boka må leses motsatt veg av det me er vant med ellers, noko som kan være litt utfordrende dei fyrste sidene, men ein kjem overraskende raskt inn i måten å lese på.

Det er eit spennende karakterreigster med mykje potensiale. Coco er ein karakter som er høgt og lågt og nysgjerrig på alt som har med magi å gjere. Heksen Qifrey er ein hyggelig og imøtekommende person, men kva er eigentleg motivet hans for å innlemme Coco til magi og hekseri?
Snakkeboblene er oversiktlige og teksten er lett å lese. Historia er enkel å fylgje med på, all den tid forfatter kjem med gode forklaringer på dyr, uttrykk og magi. I tillegg er det brukt små, enkle verkemidler som gjer det enkelt å fylgje med på det som skjer og kva karakterene tenker og føler.

Eg må rette ein god dose ros til oversetter Kine Unhjem som har klart å få språk og dialoger til å flyte sømløst boka gjennom.
Det er ein altoppslukende fyrste bok i denne serien. Mitt største ankepunkt er om Sirahama klarer å fylge opp historia i dei kommende bøkene. Men viss ein leser tilbakemeldingene på serien, så ser det ut som om det kjem til å gå veldig fint, for ho har pr dags dato (Mars 2026) utgitt 14 bøker i denne serien på japansk.
Historia engasjerer og er verkeleg knallgod og står fjellstøtt i sitt heilt spesielle magiske univers der det aller meste handler om magiske formler og utspekulerte personligheter som møtes. Ein føler med Coco som må forlate mor si på mest dramatisk vis, som må tilpasse seg ein ny kvardag med nye mennesker rundt seg, og som må bevise at ho har noko der å gjere. Historia foregår dermed over fleire plan, og den graver seg meir og meir ned i materien rundt personer og hekseri.
«Heksehatt-atelieret» er ein magisk start på ein manga-serie som har tatt verden med storm. Den er altoppslukende og innehar ein engasjerende og spennende historie som ein berre gleder seg til å ta eit dypdykk inn i. Her vert ein overøst med magi og hekseri i eit univers som inneholder mange overraskelser. Denne kan varmt anbefales.
TERNINGKAST: 6