Kvite løgner av Øivind H. Solheim

Nynorsk roman om kjærleik og stilla mellom dei

  • Norsk tittel: Kvite løgner
  • Forfatter: Øivind H. Solheim
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 251
  • Utgivelsesår: 2025
  • Utgiver: Fiksjonsforlaget

Øyvind H. Solheim (Født 1947) debuterte som forfattar i 1978 med romanen «Stupet», og har sidan den gong utgitt ei rekke bøker både på norsk og på engelsk. I 2025 gav han ut romanen «Kvite Løgner».

Anna og Tomas har funne kvarandre i vaksen alder. To modne menneske, begge med levd liv, som søker kvile i kvarandres nærleik. Men noko skurrar. Ei uro som ikkje slepper taket. Kva er det han ikkje seier? Og kva er det ho ikkje tør å spørje om? I skuggen av det vakre og nære, ligg det gamle sår. Minne som ikkje vil døy, og ord som aldri blei sagt. Når små avsløringar kjem til overflata, vert spørsmåla fleire: Kan ein elske utan å vite alt? Kva ber vi med oss inn i eit nytt forhold? Og kor går grensa mellom vern og svik?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Kvite løgner».

NB: Etter avtale med forfatter er denne bokanmeldelsen uten terningkast.

Dette er ein roman på nynorsk som handler om relasjoner og traumer.

Me møter Anna og Tomas. To mennesker som treff kvarandre i vaksen alder, og som har forskjellig bakgrunn og bagasje å dra på inn i eit forhold. Begge har sitt å tenke på, og sjølv om dei kjem nært kvarandre, så er det noko usagt mellom dei. Noko som begge er klar over, men som ingen av dei vil angripe. Kan eit forhold overleve når ein ikkje er open om sine følelser, bakgrunn og tanker?

Solheim nytter seg av eit språk som er stillfaren, skildrende og fløyelsmykt. Han skriv om dei tause romma mellom to mennesker som er glad i kvarandre. Dette rommet er ein gjentakende setning og skildring som går att. For min del vart det til det kjedsommelige. Det bikka over til at det vart for sukkersøtt og dermed forsvann også litt av realismen for min del.

Det er hevet over enhver tvil at Solheim kan skildre eit forhold mellom to mennesker. Det er ein poetisk, sterk og skildrende roman som setter sine spor for den rette lesar. Forfatter maler eit romantisk bilete om kjærleik og det som fører to personar nær kvarandre. Omgivelsene blir like romantisert som forholdet i seg sjølv, og dermed bør ein like smørmyke og sukkersøte formuleringer.

I det ho tok eit steg frå bordet, snudde ho hovudet lett mot han. Ein slags etterklang i blikket hennar, som ein tone som enno svevde i rommet etter at musikken hadde stilna.

Heile historia kretser rundt Anna og Tomas. Dei har riktignok kvar sine born som også speler ein hovedrolle, men fyrst og fremst er det desse to det handler om. Dei berører noko uforløst djupt i kvarandre, men samtidig er det mykje stille mellom dei. Det såkalte rommet er tidvis kaldt og mørkt, sjølv om begge to ikkje bruker det til hinder for å komme nærare kvarandre.

På vegen heim sa dei ikkje mykje. Men begge visste at noko hadde flytta seg. Mellom dei – og i dei. Eit rom av stillheit, men ikkje tomheit. Eit landskap som opna seg, ikkje berre i naturen, men inni dei sjølve.

Tomas har ein son han har lite kontakt med. Når sonen tar kontakt, så er dette eit tema som er ømt for Tomas. Han slit med sakn og dårlig samvittighet overfor sonen, og er usikker på kva formålet til sonen er. Her er det noko hjertevarmt over det heile, men samtidig er det ikkje utan grunn at dei har hatt så lite kontakt. Er det noko som kan redde denne relasjonen?

Eg følte det vart ein del gjentaking. Forfatter analyserer alt dei tenker og føler på, samtidig som dufter, vind og fallende lauv bekrefter stemningen som vert satt. Om igjen og om igjen. Det funker i starten, men når det vert repetitivt, så mister orda sin glans.

Boka er lettlest sidan det er korte kapitler og luftige avsnitt. Språk og dialoger flyter fint og ein ser at forfatter har satt seg skikkelig inn i menneskesinn og forhold mellom to mennesker.

Solheim skildrer sinnsstemninger både i tanker og omgivelser, og det gjer han med bravur. Det er eit smørmykt språk som egentlig berre må oppleves, for ord til å skildre det blir vanskelig.

«Kvite løgner» er ein stillferdig roman på nynorsk. For den rette personen er dette ei bok som vil berøre og treffe deg midt i hjarterota med sitt stille og varlige språk. Den traff ikkje meg, men det er likevel eit imponerende stykke arbeid Øivind H. Solheim har lagt ned i denne romanen.

Legg igjen en kommentar