Nordlys – Reisen til Røros av Malin Falch

Falch utfordrer karakterene i heilt nye settinger i denne boka.

  • Norsk tittel: Nordlys – Reisen til Røros
  • Forfatter: Malin Falch
  • Sjanger: Teikneserie, Barn og Unge
  • Antall sider: 144
  • Utgivelsesår: 2026
  • Utgiver: Bonnier Norsk Forlag

Malin Falch (Født 1993) er teikneserieskaper og illustratør. Ho gav ut den fyrste boka i Nordlys-serien i 2018, og vart hedra med fleire prisar. Sidan den gong har det blitt utgitt 8 bøker i serien, og den seineste er «Nordlys – Reisen til Røros», som vart utgitt i 2026.

Krigen mot vikingene tilspisser seg. Derfor må Sonja ta vennene sine fra Jotundalen med seg hjem til Røros. Der skal de finne det magiske portaltreet. Men hva skjer når gammel magi møter norsk virkelighet?

Denne boka er eit leseeksemplar frå Bonnier Norsk Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Nordlys – Reisen til Røros».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er nordisk manga og bok nr. 8 i serien om Sonja Solberg og Espen. Serien må leses kronologisk for å få fullt utbytte av innhaldet.

Nordlys-serien er eit fantastisk univers der den verkelege verden blandes med magien frå den norrøne mytologien og norske folkeeventyr med troll, nøkken og andre snakkende skapninger.

Falch er tro mot idèen bak serien og har sidan den fyrste boka fulgt suksessoppskrifta til punkt og prikke. Dette har skapt ei velkjent stemme og eit univers som ekstremt mange har trykket til sitt bryst. Det er ikkje utan grunn at serien er solgt til nærare 20 land og filmatisering og teaterstykke er under produksjon.

Det som skiller denne boka ut frå dei andre bøkene i serien er at alt vert snudd på hovudet. Sonja må ta med vennene sine til Røros, og dermed er det ho som vert lederen og må vise dei andre kva ting er osv. Falch får på denne måten vist nye sider av karakterene, der usikkerhet og nysgjerrighet for alt det nye er framtredende.

Eg liker måten karakterene vert sett opp mot kvarandre og at Falch heile tida utfordrer dei opp mot samvittighetskvaler og valg dei må ta som kan og vil få store følger. Falch nytter seg også av eit følelsesspekter som treff meg som lesar. Det gir ekstra liv til karakterene og skiller ikkje mellom om dei er mennesker, troll eller vikinger.

Ved å blande forskjellige verdener og dermed skape magi, konflikter og ei salig blanding av motsetninger og karaktertrekk, treff Falch eit bredt spekter av lesere. Når ho i tillegg treff innertier i samspelet mellom historiefortelling og teikninger, så skjønner ein raskt at dette er ein suksess-serie utan sidestykke.

Det er småmorsomt når den litt rare gjengen inntar vår verden og Røros. Her får ein humor, alvor, venskap og sakn. Det vert med andre ord fleire følelsesmessige situasjoner og spennende toppunkter når gjengen må utfordre seg sjølv i jakta på portalkongler og portaltre.

Det er imponerande av forfattar å holde nivået oppe i bok etter bok. Det er ein stadig utvikling og ein føler at det er mykje som skjer i kvar einaste bok. Falch har ein strålende fortellerstemme og ein meget interessant vinkling mellom historie/eventyr-forteljing og virkelighet.

«Nordlys – Reisen til Røros» er nok ei magisk bok i denne kritikerroste serien. Malin Falch snur ting litt på hovudet i denne boka og viser nye sider av karakterene som alle er blitt så glade i. Det er berre å glede seg til å lese, for her er det høg kvalitet i alle ledd!

TERNINGKAST: 6

Legg igjen en kommentar