Sissels vuggesanger av Sissel Kyrkjebø & Ernst Ravnaas

Ei fantastisk sangbok som skaper ein stemningsfull ro.

  • Norsk tittel: Sissels vuggesanger
  • Forfatter: Sissel Kyrkjebø & Ernst Ravnaas
  • Illustratør: Gunvor Rasmussen
  • Sjanger: Sang, Born
  • Antall sider: 133
  • Utgivelsesår: 2025
  • Utgiver: Bonnier Norsk Forlag

Sissel Kyrkjebø (Født 1969) er ein kjent norsk og internasjonal sanger. Saman med ektemannen Ernst Ravnaas (Født 1955) gav dei ut sangboka «Sissels vuggesanger» i 2025.

Bli med Sissel inn på barnerommet og syng sammen med henne de nydeligste låtene som finnes for våre minste. Denne boken er mer enn en sangbok, den er også en barnebok. Boken inneholder alle tekstene (med gitarbesifring) til sangene fra Sissels album «Vuggesanger». Sammen med Ernst Ravnaas har Sissel skrevet tekster om sangene, som forteller noe om historiene bak musikken. Og siden dette er en bok for hele familien, får både store og små dedikerte tekster som passer perfekt for dem.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Bonnier Norsk Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Sissels vuggesanger».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ei sangbok med 31 vuggesanger med gitarbesifring. Det er også små tekster for dei små og store foran kvar sang.

Heilt foran i sangboka er det ein QR-kode som bringer deg direkte inn til albumet «Vuggesanger» på Spotify. Her syng Sissel a capella alle sangene som er i boka. Dermed har ein muligheten til å lytte til, eller synge med i sangene.

Det eg liker med denne boka er at det er små tekster foran kvar song. Ein for dei vaksne som skildrer opphavet til sangen og informasjon rundt den, og ein tekst for den minste, som også gjer denne boka til ei lita barnebok. I tillegg har Gunvor Rasmussen illustrert med mange illustrasjoner som kler boka og innhaldet i sangene på ein fantastisk måte.

Det er gamle, kjente sanger som «Trollmors vuggesang», «Lille måltrost» og «Byssan lull». Men ein finn også nye sanger som Sissel og Ravnaas har skrevet og gitt melodi til. Så her er det nye og kjente vuggesanger om ein annen.

Illustrasjonene lyser opp som noko beroligende og barnlig. Det er enkle, duse farger som skaper ei ro over det heile, og skaper eit særs godt heilhetsinntrykk av boka.

Når det kjem til albumet på Spotify, så er det ei klokkeklar stemme som verkeleg kjem til sin rett i vuggesangene. Eg valgte å høyre gjennom albumet medan eg leste meg gjennom boka. Dette er ei bok som definitivt vil passe alle små born og vaksne, enten du lar Sissel ta seg av synginga, eller du gjer det sjølv, så er dette ein kombinasjon som skaper eit beroligende og stille øyeblikk før bornet skal sove. Ein kan dermed også knytte nærere bånd til bornet gjennom faste rutiner ved leggetid.

På albumet vert ikkje alle versene nødvendigvis med når Sissel synger. Det er nokre fleire vers i enkelte av sangene i boka. Her skal det være markert med egen farge i boka, noko eg ikkje fant. Om det er glemt, eller om eg har fått eit tidleg eksemplar skal ikkje eg svare på, men eg rekner med at det eventuelt vert retta på i seinere opplag. Uansett er det intet stort problem.

Dette er ei fantastisk bok for særskilt alle med små born og babyer. Du får eit lite kinderegg av ei bok; Sangbok, gitarbesifring, strålende illustrasjoner, små tekster, og ein kan lytte til sangene gjennom Spotify.

«Sissels vuggesanger» er ei magisk sangbok som nesten garantert vil senke skuldrene til dei vaksne, og få borna til å falle til ro ved leggetid. Det er ei heilt spesiell ro over illustrasjoner, tekst og den klare stemma til Sissel på albumet ein finn på Spotify. Har du baby eller små born, så er dette ei bok som særskilt varmt kan anbefales.

TERNINGKAST: 6

Legg igjen en kommentar