Saksmapper av Ida Haukaas Alkholt

Ei sterk og velskrevet diktsamling om barneverntjenesten.

  • Norsk tittel: Saksmapper
  • Forfatter: Ida Haukaas Alkholt
  • Sjanger: Poesi, Dikt
  • Antall sider: 78
  • Utgivelsesår: 2025
  • Utgiver: Lyrikkforlaget

Ida Haukaas Alkholt jobber til vanleg med born og familier. Diktsamlinga «Heldig – tross alt» som vart utgitt i 2024, er hennar forfattardebut. I 2025 gav ho ut «Saksmapper».

Bak hvert navn i en saksmappe finnes et menneske. Bak hvert menneske finnes en historie. Og bak hvert skriv, en som skriver – med egne erfaringer og sårbarhet. I Saksmapper åpner Ida Haukaas Alkholt døren inn til barneverntjenestens førstelinje – ikke med saksbehandlerspråk, men med poesiens stemme. Med varme, presisjon og hjerte skriver hun om møtene mellom hjelper og hjulpet, mellom kolleger, foreldre, barn – og systemet som både skal beskytte og forvalte.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Saksmapper».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ei diktsamling som handler om barnevernstjenesten og blant anna korleis møter med vaksne og born går innpå dei som jobber der.

Samlinga består av 74 relativt korte dikt. Dikta er plassert oppe på sidene, som igjen fører til ein del halvblanke sider. Strukturmessig ville det nok sett betre ut med å ha dei plassert midt på sida, midt i øyesynet.

Dikta er ikkje på rim, men heller små «historier» frå barnevernets kvardag, skrevet på ein poetisk måte. Her finn ein ikkje noko fagspråk eller vanskelige ord. Dikta kjem frå eit medmenneskelig hjarta som står oppi vanskelege situasjoner på eit dagleg basis.

Jeg har ingen plaster
store nok
til å dekke sårene
du bærer på innsiden
Men kanskje det
leger noe
at jeg prøver likevel

Det er utan tvil eit sterkt innhald som treff deg midt i hjarterota. Det kan kanskje lønne seg å ta pauser innimellom for det er mykje inntrykk å fordøye.

Det vert skrevet om yrket og kollegaer, om møter med vaksne og born, og ikkje minst handler det om å ikkje gå seg vill i jungelen av følelser som oppstår gjennom desse møtene. For å kunne være der for andre, må ein ikkje miste seg sjølv på vegen.

Alkholt formidler på ein effektiv og informativ måte. Dette gjer at bodskap kjem fint fram, og ho nytter seg av gode metaforiske vendinger som er gjenkjennelig.

Skulle ønske
du hadde brukt refleks
så jeg kunne holdt frem lyset
og sett deg
på dine mørkeste dager

Ho skildrer blant anna møte med born i utsatte og giftige miljøer, møter med foreldre i ein vanskeleg livssituasjon, og redselen for at borna skal bli tatt ifrå dei. Det er eit tøft yrke som også er gjenstand for ein god del mediaoppmerksomhet, då gjerne når det oppstår negative situasjoner. Dette er noko dei ansatte må stå i, men det påvirker dei på forskjellige måter. Alkholt er innom det meste av det dette yrket er utsatt for, både i positiv og negativ forstand.

Forfatter er dyktig med ord, og treng nødvendigvis ikkje å utbrodere all verden for å komme til poenget. Derfor er også flesteparten av dikta relativt korte, men innhaldet er likevel informativt og gir meir enn nok inntrykk til å oppfatte situasjon og kva utfordringer dei står overfor i jobben.

Det er så vondt
når jeg går ut døra
og ser frykten i blikket ditt
mens munnen svarer
«alt er bra»
å vite at jeg ikke
får hjulpet deg
med magefølelse
som bevisførsel

Boka kan leses frå A til Å på under 30 min. Men denne diktsamlinga skal ikkje pløyes gjennom. Her må ein lese, stoppe, fundere, reflektere og ta innover seg dei orda og setningene som står skrevet. Det er velskrevne og veloverveide dikt som det ligg mykje arbeid bak.

«Saksmapper» gir eit sterkt og veloverveid innblikk i barnevernets arbeid. Gjennom poetiske vendinger får me eit nært bilete på korleis det er å være i barnevernstjenestens fyrstelinje. Ida Haukaas Alkholt skriv med ei poetisk, stødig hand, og lar meg som lesar sitte att med refleksjoner og ettertanke. Ein imponerende god diktsamling som treff deg midt i hjarterota.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar