Ei interessant vinkling på serien.
- Norsk tittel: Mørkalven 4 – Drømmen
- Forfatter: Helen Kaldheim
- Sjanger: Manga, Unge og ungdom
- Antall sider: 162
- Utgivelsesår: 2025
- Utgiver: Bonnier Norsk Forlag
Helen Kaldheim (Født 1995) er foredragsholder, cosplayer og mangateikner. Ho står bak den kritikerroste mangaserien Mørkalven. Fyrste bok, «Alene» kom ut i 2022, før ho har fulgt opp med «Trofeet» i 2023, «Kontroll» i 2024 og «Drømmen» i 2025.

Caim er den eneste mørkalven som finnes i verden. Sammen med sin nye venn Mariie er han på desperat leting etter Jokernasjonen – et sted som godtar alle raser akkurat som de er. Men hvis han faktisk finner dette utopiske stedet, vil det da leve opp til forventningene hans?
Denne boka er eit leseeksemplar frå Bonnier Norsk Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Mørkalven – Drømmen».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette
Dette er ein manga-serie, og er bok nr. 4 i serien om Mørkalven. Det anbefales sterkt å lese dei i kronologisk rekkefølge. Serien passer ypperlig til eldre born og ungdommer.
Boka fortsetter der den forrige slutta, og denne gongen inntar gjengen Jokernasjonen. Her søker Mariie stjernestatus og berømmelse, noko som går utover Caim. Som den eineste mørkalven som finnes i verda, er det mange som vil ha eit ord med han, noko Mariie veit å utnytte.
Det er eit gjenkjennelig univers og språket er upåklagelig. Forfatter har lagt inn ein og anna artig situasjon som ein ikkje kan unngå å dra på smilebåndet av. Dette viser at Kaldheim kan spele på fleire strenger samtidig og varierer med alvorlighetsgraden i sin historie.

Det er som vanleg fargesterke illustrasjoner og mykje tekst til å være ein teikneserie. Fordelen med mykje tekst, er at forfatter kan utvikle historia i langt større grad, og eg som lesar får mykje ut av kvar bok. Kaldheim er også dyktig til å snike inn små detaljer i teikningene sine, så her kan det lønne seg å bruke litt tid på det visuelle.
Enkelte av karakterene er litt like, så innimellom kan det vere litt vanskelig å skilje dei frå kvarandre. Når det er sagt, så er personlighetene derimot vidt forskjellige. Dette skaper friksjoner innad i gruppa, og her har forfatter gått meir i dybden i denne boka.
Me får svar på nokre av tinga ein har lurt på, men står att med enda fleire spørsmål. I så måte er dette ei «vente-bok», der det er litt stille før stormen.
Her er det meir fokus på relasjoner, der dei har hemmeligheter for kvarandre og vennskap byrjer å slå sprekker. Det foregår meir på det følelsesmessige planet og mindre action. Me får derimot meir bakgrunnsinformasjon hos enkelte av karakterene, så her har forfatter valgt å å fokusere på karakteroppbygging, framfor den heilt store progresjonen i historia.
«Mørkalven 4» er eit gjenkjennelig univers som innehar fine detaljer, gode karakterer og ein historie som bygger seg opp. Denne boka speler meir på det følelsesmessige planet og me får bakgrunnsinformasjon som gir oss svar på enkelte spørsmål. Men det er likevel stille før stormen… Så her er det allerede berre å glede seg til neste bok i serien.
TERNINGKAST: 5-