De elskende av Hanne Kristin Rohde

Ein strålende fortsettelse i Månefloraserien.

  • Norsk tittel: De Elskende
  • Forfatter: Hanne Kristin Rohde
  • Sjanger: Krim, Roman, Spirituell
  • Antall sider: 335
  • Utgivelsesår: 2025
  • Utgiver: Moonlight Forlag AS

Hanne Kristin Rohde (Født 1962) har jobbet 25 år i politiet, hvorav 20 år som leder. Ho har blant anna deltatt i serien «Åsted Norge» gjennom 6 år, og er eit kjent ansikt i media. Ho debuterte som forfattar i 2011 med barneboka «Kråka som hadde høydeskrekk». Men det var i 2014 ho for alvor vart kjent gjennom sitt forfattarskap, når ho utgav «Mørke hjerter», som var hennar fyrste krimroman. Sidan den gong har ho utgitt ei rekke med krimromaner, og er blitt behørig plassert på kartet over populære norske krimforfattere. I 2024 gav ho ut si fyrste bok i Månefloraserien, nemlig «Ilddronningen». Oppfølgeren, «De Elskende», vart utgitt i 2025.

I månefloraseriens andre kosebok møter vi sterke og kraftfulle kvinner som våger. Vi møter Leonardo da Costa og Felix Nilsen som gifter seg i vakre Nevlunghavn. Alt virker perfekt helt til det blir gjort et uventet funn i en diger tekannekulisse i den anerkjente Skjærgårdshagen. De elskende fortsetter der Ilddronningen sluttet, med jordmor Lerke Lydersen som erfarer telepatiske dialoger med ufødte barn. Lerke har blitt tvunget til å si opp jobben. Roy Riise har startet som privatdetektiv bak konas rygg. Sammen med Lerke forsøker han å nøste opp i det som forblir usagt i bygda. Men hvem er Roy uten Lerke? Og hvem blir Lerke i en verden der hun etter hvert blir sett mer enn hun trodde hun tålte?De elskende utfordrer deg som leser til å våge å kjenne etter hva som gleder og hva som provoserer, og hva som gir deg fornyet livskraft til å være den du er.

Denne boka er eit forhåndsekesemplar på PDF frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «De elskende».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette

Dette er bok nr. 2 i Månefloraserien om jordmor Lerke Lydersen og politimannen Roy Riise. Bøkene bør leses kronologisk for å få mest utbytte av historia. Bøkene består av fleire sjangrar, sjølv om krimdelen etterkvart står sterkt.

Lerke Lydersen er klarsynt og har blant anna telepatiske dialoger med ufødte born, som kan gi ho ein peikepinn på om dei er i alvorleg fare eller ikkje før ein fødsel. Når dette kjem for ein dag hos sjukehusledelsen, vert Lerke tvunget til å seie opp jobben sin. No står ho meir eller mindre på bar bakke, men ho tar likevel opp kampen mot ledelsen, normene og det generelle tankesettet i samfunnet om at det ikkje finnes noko meir mellom himmel og jord enn det ein kan sjå med det blotte auge.

Uten jordmoryrket var hun ingen – arbeidet hadde vært og var fortsatt hele hennes identitet. Eneste utvei nå var å ikke avfeie egne erfaringer som vrøvl, inkludert lille Marie. Det hun hadde sett og forstått så, var sant.

Roy Riise har starta som privatdetektiv, og får ei drapssak rett i fanget når han sjølv oppdager eit lik inne i ei diger tekannekulisse. Dette skal bli ei sak med mange involverte og derpå mange potensielle gjerningspersoner. Saman med Lerke forsøker han å nøste opp i det som blir sagt, og det som forblir usagt i bygda. Sakte, men sikkert kjem han på sporet av antatt gjerningsperson, men slutter det egentlig der?

Denne serien er ikkje for alle. Ein bør definitivt ha lest bøker ei stund før ein gir seg i kast med desse, og ein bør også vere open for det spirituelle for å få full glede av historia. Viss ein i tillegg bruker tid på innhaldet, så kan ein plukke opp både visdom og den delen av personligheten til Lerke som må kunne karakteriseres som stillhetens språk. Og kanskje dette også smitter over på deg som lesar?

-Nøkkelen til frihet er å slutte å forvente noe som helst. Ikke forvente ros, ikke kritikk, ikke kroppsspråk, du forventer ingenting. Når du klarer det, når du ikke lenger forventer noe fra andre, da har du din frihet.

Det er mange lag i denne serien, og i denne boka. Det er eit romanpreg over det heile, men samtidig står krimdelen sterkt. Likevel er det noko usagt, ein må lese litt mellom linjene. Stoppe litt opp. Analysere. Fundere. Tenke. Fyrst då ser ein kompleksiteten i historia, og kor særdeles godt skrevet den egentlig er.

Boka er krevende å lese. Den brygger opp til dans, men er avhengig av det er to som danser. Ein må vere «på» og opplagt for å få utbytte av boka. For det er nødvendigvis ikkje det som står skrevet som er ein utløysende faktor. Det er heller det som ikkje står skrevet. Dermed må ein kanskje stoppe litt opp her og der, og la ting synke inn.

Eg liker måten Rohde nytter seg av det spirituelle. Det er ein raud tråd gjennom heile boka, sjølv om den ikkje er direkte fremtredende. Men den ligg der som ein «verkebyll», på så mange plan. På godt og vondt. Lerke som ikkje kan vere seg sjølv fullt ut grunna alle fordommer, men som samtidig nytter seg av klarsynthet for å redde liv og komme til bunns i drapssaker. På den eine sida er ho høyt verdsatt og dyktig, medan ho på den andre sida vert sett ned på og stempla meir eller mindre som ein sjarlatan og ein lurendreier.

Det har skjedd ei stor karakterutvikling hos Lerke frå den fyrste boka. Ho har innsett at ho må stå på eigne bein og bry seg mindre om kva andre meiner. Me får dermed ta del i den indre reisa hennar, og den personlege utviklinga ho står overfor. Hennes evner vert sterkare, og ho oppdager stadig nye ting ved seg sjølv og andre. Ho kan konversere med mennesker og dyr, både levende og døde, og det skaper ein grobunn for videre vekst innen det spirituelle, og ho utvider stadig sin horisont.

I denne boka vert me også introdusert for Zara. Ho er ei kvinne som forutser at noko fælt er i ferd med å skje, og er open om sine evner i større grad enn det Lerke er. Saman finn dei på mange måter sin likesjel, sjølv om dei er vidt forskjellige. Det er noko mystisk med denne kvinna, og både Roy og Lerke skal få slite med å holde fylgje med ho. Dette er ein karakter som er eit friskt pust i historia, og som skaper store motsetninger.

Eg nevnte at boka består av fleire lag. Den handler om drap og etterforskning. Den handler om det spirituelle. Den handler om å stå opp for seg sjølv. Den handler om kjærleik, tap, forelskelse og utroskap. Den handler om venskap, samarbeid på tvers av dimensjoner, og den handler om det å bli sett og forstått som menneske. Alt dette er vevd saman på ein mesterlig måte av Hanne Kristin Rohde, og skaper ein heilhet ein sjeldan opplever i denne type krimromaner.

Det er mykje dialogføring mellom dei forskjellige karakterene. Det er dialogene som er framdrifta i historia, og det krever sitt å fylgje med på. I ein lengre dialogutveksling så kan ein fort miste tråden i kven som seier kva, så det gjelder å vere konsentrert. Men det er gjennom dialogene ein vert kjent med karakterene, deira væremåte, deira hemmeligheter og eventuell mistanke rundt kven som har reint mel i posen og ikkje.

Hvis hun gikk ut fra at alle løy om hvem de egentlig var, ble hun fullstendig forvirret. Samtidig sa intuisjonen at dette var hennes vei inn til oppklaringen. Med blikket på tarotkortet begynte hun å skrive på en lapp hun hadde rasket med seg ut.

Sluttpartiet er i rein Agatha Christie-stil der ein samler alle dei involverte og går gjennom sakens kjerne, og til slutt den utløsende faktor som peiker ut gjerningsperson. Dermed får også Rohde utløp for alle sine hint gjennom romanen, og det er fyrst då ein ser kor kompleks saken faktisk er.

Språket og dialogføring er eminent, plottet er fantastisk, og måten Rohde kombinerer det alternative og spirituelle opp mot samfunnets normer, er intet annet enn magisk. Dette er ei bok som står att som noko unikt.

«De Elskende» er ein strålende krimroman som er satt saman av fleire sjangrar og lag. Boka er tidvis krevende å lese, men ein får så mykje att om ein legg ned litt «arbeid» i den. Hanne Kristin Rohde har skapt eit unikt univers og ein interessant vinkling på det alternative.

TERNINGKAST: 5+

Legg igjen en kommentar