Silhuett av en stemme bok 3 & 4 av Yoshitoki Oima

Strålende fortsettelse på denne kritikerroste serien.

  • Norsk tittel: Silhuett av en stemme Bok 3 og 4
  • Original tittel: Koe no Katachi vol. 3 og 4
  • Forfatter: Yoshitoki Oima
  • Sjanger: Manga
  • Antall sider: 184, 183
  • Utgivelsesår: 2025
  • Utgiver: Outland Forlag

Yoshitoki Oima (født 1989) er ei japansk forfatter innan manga-sjangeren. Ho er mest kjent for seriene «A silent voice» (2013-2014) og «To your eternity» (2016- og fram til dags dato). Ho har óg vunnet priser for sine utgivelser.

Shoko Nishimiya ble mobbet på barneskolen. Flere år senere har Shoya Ishida bestemt seg for å gjøre alt han kan for å gjøre det godt igjen. Han hjelper henne med å knytte kontakt med nok en gammel klassekamerat, Sahara, som ble utstøtt av de andre da hun forsøkte å bli venner med Shoko. Den ferske duoen er nå blitt en trio – kanskje kan vennegjengen vokse enda mer?

Denne boka er eit leseeksemplar frå Outland Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Silhuett av en stemme».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein teikneserie i manga-stil med ensomhet og mobbing som hovedtema. Dette er fortsettelsen på det som skjedde i dei to fyrste bøkene og således må bøkene leses kronologisk. Den vart utgitt originalt i 2013, og oversatt til norsk i 2025. Målgruppa er satt frå 12 år og oppover.

Heile serien leses på japansk stil; baklengs og frå høyre mot venstre. Eg liker at Outland Forlag har valgt å være så nær originalen som mogleg. Litt uvant i starten, men ein kjem raskt inn i det.

Me er kommet til bok nr. 3 og 4 i serien. Relasjonen mellom Shoko og Shoya er under stadig utvikling, der Shoya angrer djupt sine synder frå mobbinga han utførte på Shoko på barneskulen. Han forsøker å gjere det han kan for å gjere det godt igjen. Men han sliter med å nå fram med sitt bodskap, og det oppstår misforståelser og nye konflikter.

I desse to bøkene introduserer forfatter oss for fleire karakterer. Det vert ein vennekrets som vert utvida. Om det gagner våre to hovedkarakterer skal ikkje eg avsløre her, men forfatter får uten tvil fleire strenger å spele på, og ho kan dermed spinne videre på historien, og utvide horisonten betraktelig med fleire personer involvert.

Det er ingen oppsummering av kva som har skjedd, så her kastes me rett inn i fortsettelsen frå forrige bok. Ein er dermed litt avhengig av å ha forrige bok lett tilgjengelig viss det er ei lita stund sidan ein leste den for å raskt komme i kapp med fortsettelsen.

I og med at Shoko er døv, og nytter teiknspråk, så oppstår det stadig misforståelser mellom våre to hovedkarakterer, som igjen fører til at det vert eit steg fram og to tilbake. Det er eit gryende venskap som ligg til grunn, og følelser blusser enda meir opp, men personlighet og motsetninger i karakterene gjer til at det ikkje akkurat går på skinner. Det er ein interessant historie som speler på venskap, svik, avmakt, skuffelser og eit tankekjør som kan setje personer ut av spel.

Det er ein kompleks historie forfatter begir seg ut på. I all hovedsak er det ein relasjon mellom to personer. Det høyres forsåvidt enkelt og greit ut, men når Oima graver seg djupt inn i menneskesinnets irrganger og skaper motsetninger, misforståelser og ikkje minst trekker ho fram det følelsesmessige aspektet… Ja, då vert det ein historie som har relativt liten framdrift utad, men samtidig vert følelsene stadig meir forankra i karakterene.

Ein finn mange dilemmaer og tanker gjennom bøkene. Kva er ekte venskap og kva kjenneteikner eit venskap? Historia er grundig bygget opp, der svik og systematisk mobbing går over til oppriktig anger og eit ærleg forsøk på å gjere alt godt igjen. Men kan ein plastre slike sår?

Karaktertrekk og historie vert videreutviklet i serien, og det er stadige vendinger som snur opp ned på historia. Viss du liker bøker som tar seg tid til å bli kjent med hovedkarakterer, så er denne serien definitivt verdt å ta ein kikk på.

Som ellers i serien, så er det svart/kvit teikninger, der ansikt og ansiktsmimikk er i fokus. Detaljer rundt er det lite av, og perifære personer er satt eit kryss over, sjølv om dei har ein part i historien. Eit godt verkemiddel som gjer til at ein ikkje treng å huske navn eller relasjon til personen, men heller konsentrere seg fullt og heilt om historia.

«Silhuett av en stemme bok nr. 3 og 4» fortsett i det samme, trygge og velskrevne sporet som dei foregående bøkene. Forfatter Yoshitoki Oima går grundig til verks med sine to hovedkarakterer og bygger både dei og historia opp på ein nøysom og grundig måte. Det er ein kompleksitet som er interessant og spennende på samme tid. Dette er ein serie som er av øverste klasse og kan varmt anbefales.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar