Akula av Arnar Vik

Heseblesende action både over og under vannoverflata.

  • Norsk tittel: Akula
  • Forfatter: Arnar Vik
  • Sjanger: Spenning, Krim
  • Antall sider: 346
  • Utgivelsesår: 2025
  • Utgiver: Bookea

Arnar Vik debuterte som forfattar med spenningsromanen «Fiskeørnene» i 2025, og oppfylgjaren, «Akula» vart utgitt same år.

En tilfeldig oppdagelse ved Andøya Space utløser et dødelig spill av storpolitiske dimensjoner. PST må beskytte et vitne under en konferanse ved NTNU i Trondheim, når en skruppelløs og godt organisert gruppe leiesoldater dukker opp. Jakten som følger drar det lokale politiet inn i en malstrøm av død, og i Trondheimsfjordens mørke dyp ligger fienden på lur. Erling Ravnåker og Rubina Amini havner igjen i stormens øye, denne gang fra det ellers så søvnige kontoret til Politiets Sikkerhetstjeneste i Trondheim. Det skal vise seg at trusselen blir svært personlig for dem begge.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Akula».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein spenningsroman, og bok nr. 2 i serien om Erling Ravnåker og Rubina Amini. Boka kan fint leses frittstående.

Denne gongen har Arnar Vik lagt handlinga til Trondheim, der Ravnåker og Amini havner oppi eit storpolitisk spel med døden til følge. Dei vert sterkt involvert og før dei aner ordet av det, er dei også ein del av det dødelige spelet. Gjer deg klar for ein actionfylt spenningsroman.

Et smalt knivblad fra en stilett eller en ishakke hadde gått inn mellom nakkevirvlene og punktert nervebanen i ryggraden.

Me fylgjer fleire personer parallelt, og i starten er det dermed uoversiktlig og litt forvirrende. Ein får lite info om sakens kjerne og omfang, samtidig som det brygger opp til storm. Forfatter er riktignok flink til å introdusere karakterer på ein enkel, men effektiv måte, noko som hjelper på når ting byrjer å skje.

Det er raske temposkifter, og meget gode spenningstopper og actionfylte situasjoner. Det er mykje som skjer, både over og under vannoverflata. Ikkje alt er like realistisk og dermed får ein nokre logiske brister, men i denne type bøker er forfatter unnskyldt for å overdrive for å få ting til å passe med resten.

Det er ein del om dykking og skildringer rundt den tekniske delen med å foreta dykk. Ikkje alt er dermed like spennende og det tar litt av brodden frå spenningsdelen, men heldigvis så går det ikkje lang tid før tempoet auker att.

Manometeret viste 160 Bar trykk på tanken. Det var fortsatt godt med tid. Dybdemåleren viste 28 meter, og han så bunnen under seg i lyskjegla frå søkelykta.

Det handler ein god del om eit storpolitisk spel, der personer høgt i systemet er involvert. Det oppstår eit maktspel utan sidestykke, men kven står egentlig bak? Dette er ein fin nerve i historia, og som foregår i kulissene av romanen. Den ligg der og lever litt sitt eiga liv, og blir tatt fram her og der og får stadig meir kjøtt på beina. Eit godt verkemiddel og solid utført av Vik.

Det er heseblesende action nesten frå start og til siste side er lest. Forfatter legg ingenting i mellom når han skildrer det som skjer. I enkelte av dei mest actionfylte partiene kan ein miste litt oversikten viss ein ikkje konsentrerer seg godt nok, for det skjer så mykje på ein gong at ein fort kan bli litt forvirra viss ein ikkje fylgjer med.

Splinten traff gulvet med et klink, og alle i rommet tok et raskt steg bakover mens de stirret målløse på granatdesperadoen foran seg.

Det er ikkje så mykje om privatliv, og ein vert ikkje så veldig mykje betre kjent med karakterene. Her er det historiefortelling som er i fokus, og det er forsåvidt heilt fair. Men skulle likevel gjerne fått litt meir input på våre to hovedkarakterer.

Det er ingen kapitler i boka. Vik nyttar seg av avsnitt istadenfor, noko som fungerer heilt fint. Språket er solid og historia har ein fin framdrift, og det er gledelig å registrere at forfattar har hatt ein markant framgong frå den forrige boka.

«Akula» er ein actionfylt spenningsroman med storpolitisk maktkamp som lurer i kulissene. Gode spenningstopper og mykje action skaper framdrift i historia, og det er få dødpunkter. Liker du fartsfylte bøker? Isåfall er dette ei bok du bør sjekke ut.

TERNINGKAST: 5-

En kommentar om “Akula av Arnar Vik

Legg igjen en kommentar