Rovfuglene av Vibecke Groth

Dette er ein advokatkrim og bok nr. 6 i serien om Vera Cappelen

  • Norsk tittel: Rovfuglene
  • Forfatter: Vibecke Groth
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 344
  • Utgivelsesår: 2025
  • Utgiver: Liv Forlag

Vibecke Groth (Født 1947) har blant anna vert lagdommer i Borgarting i tjue år. Ho debuterte som forfattar i 2002 med krimromanen «En fredsmeglers død», og har sidan utgitt ei rekke med bøker. I 2025 gav ho ut «Rovfuglene», som er hennes sjette bok om Vera Cappelen.

En kvinne blir funnet drept ved Sognsvann en grytidlig lørdag morgen. Hun er skutt og blir funnet av en jogger. Den drepte kvinnen er ansatt i Utenriksdepartementet og jobber nær utenriksministeren, særlig med støtten til Ukraina og korrupsjonen i landet. Hun var også utenriksministerens elskerinne. Politiet er overbevist om at det dreier seg om et sjalusidrap og sikter utenriksministerens kone.
Advokat Vera Cappelen blir hennes forsvarer. Vera mener politiet er på villspor og starter egen etterforskning som raskt viser at løsningen er langt mer komplisert. Etterforskningen er ikke ufarlig. Snart trues både Vera og teamet hennes.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Forlagshuset i Vestfold. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Rovfuglene».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein krimroman og bok nr. 6 i serien om advokat Vera Cappelen. Boka kan fint leses frittstående.

Dette er mitt fyrste møte med forfatter Vibecke Groth, så eg har ingen sammenlignbare preferanser til hennes tidlegare utgivelser.

Hovedkarakteren, Vera Cappelen, er ei driftig dame som tar jobben sin særs seriøst. Der andre ville hipset med skuldrene og snudd ryggen til ein klient, så tar Vera på seg den medmenneskelige kappen og yter maks, og litt til, i eit forsøk på å la rettferdigheten seire. Vera er advokat i eit av Oslos største advokatfirmaer, nemlig Eklund på Aker Brygge. Her hauster ho stor respekt gjennom hardt arbeid, og er viden kjent for sine etterforskningsegenskaper. For ho tar gjerne på seg oppdrag der ho må jobbe litt som privatetterforsker på si.

Vera Cappelen hadde hun bedt om å få som forsvarer. Hun likte henne og trodde på henne. Vaktene her sa hun var den beste hun kunne få. Tøff og ga seg aldri, var ryktet.

Me får tidleg ein kort intro av teamet. Ein fin måte å starte boka på, sidan gamle lesere får frisket opp hukommelsen, og nye får eit innblikk i karakterene.

Med seg på laget har Vera blant anna kollegaen Lars og venninna Cornelia. Lars er også ein av-og-på kjæreste for Vera, noko som kan skape problemer. Vil det utvikle seg til noko meir i denne boka? Cornelia er rå til å etterforske. Ho har gode forbindelser i Kripos og PST, og får stadig henta ut informasjon som ein eller ikkje ville fått. Dette er gull verdt når ei sak står i stampe. Men det er ikkje utan risiko, verken for Vera, Cornelia eller kontaktene…

Hun var redd. Skikkelig redd. Hun hadde ikke vært ærlig mot Camilla. Hun måtte enten kaste inn håndkleet og gi fra seg saken eller stålsette seg og stå i situasjonen. Valget ville falle på det siste. Hun hadde ikke for vane å gi seg.

Eg synes at med ein gong politiet er involvert, så hakket det litt meir, både i dialoger og i måten politiet arbeider på. Ikkje at det var eit stort problem, men når Groth skriv om advokatyrket (som ho kjenner ut og inn sjølv), så flyter det så sømløst at det vert ein litt humpete overgang med ein gong politet kjem inn i biletet.

Media er tungt involvert, men gjerne på ein litt anna måte enn det ein kanskje ellers leser om i krimbøker. For her er det karakterer som drar nytte av media, og ikkje omvendt. Ein fin løsning og godt utført arbeid av forfatter.

Me fylgjer politietterforskning og advokatbistanden parallelt. Det er eit fint driv i historia, og plottet er godt. Det vert kanskje litt mykje synsing og gjentaking av kven som gjorde kva forut for drapet, men det er nok for å poengtere og understreke ein tvist i plottet.

Ein typisk ting som ein ofte ser i krimbøker, så også her, er at etterforskere går inn i ein fullsatt restaurant og setter seg ned for å diskutere sak og hemmeligstemplet informasjon. Dette blir for meg merkverdig og ikkje særlig heldig med tanke på personvern og diskresjon. Legg heller slike møter til eit anna sted for å få opp truverdigheten…

Det er gode spenningstopper og ein gjennomgående fin flyt i etterforskninga. Litt «tungt» stoff er det her og der når det kjem til alle koblinger til organisasjoner, nettverk og nøkkelpersoner. Men har ein hovudet med seg, går det fint.

Korrupsjon gjennomsyrer alle områder i samfunnet, men risikovurderingen gjøres i stor grad av det enkelte bistandsprosjekt som mottar midler fra UD. Den mest utbredte beskrivelsen av risikovurderingen som ble foretatt for korrupsjon fra prosjektpartnere og kilder i UD, var «magefølelse». Eller «erfaring» og «å snakke med folk».

Språket er godt og dialoger er stort sett flytende. Ein del lange kapitler kunne gjerne med hell vert delt meir opp for å skape ein følelse av ei meir lettlest bok.

Sidan det er utenriksministeren si kone som vert sikta i saken, så vert det noko politikk, både utenriks og innanriks. Bistandspenger, Ukraina, korrupsjon og hvitvasking av penger er noko av det forfatter er inne på gjennom romanen.

Eg liker måten historia er lagt opp på. Elskerinna til utenriksministeren er død, og kona hans er sikta. Dette treff han med dobbel styrke, i tillegg til at han må trå til i jobben i ei usikker verd med mykje konflikter. Vera er forsvarer for kona, og gjer alt for å frifinne ho. Men er ho så uskyldig som ho påstår? Er det andre som har utnytta situasjonen? Eller er det utenriksministeren sjølv som har ein finger med i spelet? Det er mange forskjellige scenarioer som kan inntreffe, og ein vakler stadig mellom tru og tvil. Alt ligg dermed til rette for mange gode timer inne i Groth sitt univers.

«Rovfuglene» er ein etterforskningskrim med fine spenningstopper og eit godt plott. Det er gode karakteroppbygginger som Groth utnytter til det fulle, som skaper friksjoner og motsetninger på ein naturleg måte. Dette er mitt fyrste møte med forfatter, men eg skjønner kvifor det er ein populær serie.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar