Velskrevet thriller basert på livet til skuespilleren Arben Bala.
- Norsk tittel: Balkanbrødre
- Forfatter: Anders Moe
- Sjanger: Thriller
- Antall sider: 416
- Utgivelsesår: 2025
- Utgiver: Pullman Publishing
Anders Moe (Født 1981) jobbar som dagleg leiar i Agenturhuset og er boksetrener i Ski Kampsportklubb. «Knokkelstøv» som kom ut i 2021 er hans fyrste roman. I 2025 gav han ut thrilleren «Balkanbrødre».

Beni våkner av en tekstmelding: «Vi har gutten din. Ringer snart. Ikke snakk med noen.» Uten å vekke kjæresten setter han seg i bilen og kjører ut av Oslo, i retning Kosovo. Reisen tar ham tilbake til sin egen oppvekst i Mitrovica. Der borgerkrig, fattigdom og kriminalitet preget ungdomsårene. Beni ble selv kidnappet og tvunget ut i en verden av vold og rus. Har hans egen fortid noe med denne kidnappingen å gjøre?BALKANBRØDRE er basert på den norske skuespilleren ARBEN BALAs liv. I tenåra ble han og hans beste venner kidnappet fra hjembyen i Kosovo av et organisert, kriminelt nettverk. Dette førte ham gjennom Europa helt til Norge, i et liv preget av ubarmhjertighet og grov kriminalitet.
Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forlaget Pullman Publishing. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Balkanbrødre».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein thriller som er basert på Arben Bala sitt liv, der me fylgjer han frå ungdomsåra av.
Me fylgjer fyrst og fremst Beni i denne boka. Saman med sine to andre gode vener, Urim og Gani, vert dei kidnappa av eit organisert kriminelt nettverk. Dette skjedde på 80-talet og Beni var 13 år. Det førte han gjennom Europa der grov kriminalitet vart kvardagen deira for å overleva. Parallelt er me i «nåtid», når Beni er vaksen og har slått seg til ro i Noreg. Her får han ei tekstmelding om at nokon har tatt sonen hans som er på ferie i Kosovo. Beni må dermed kaste seg i bilen og møte sine gamle demoner…
Boka er som nevnt basert på det Arben Bala har opplevd. Bala kom til Noreg som 17 åring, og er i dag ein etablert skuespelar. Han har hatt større og mindre roller i filmer og serier som f.eks Reprise, Lilyhammer, Okkupert og Jordbrukerne. Han har også stått på teaterscenen.
Her går fortid og nåtid hånd i hånd. Hovedvekta er lagt på fortida, medan nåtida kjem inn med små kapitler innimellom. Ein skjønar med ein gong at ting heng saman, men ein anar ikkje på kva måte. Beni har etterkvart fått mange fiender, og når han i vaksen alder får beskjed om at sonen er kidnappa, så brygger det seg opp eit spenningsmoment som forfatter pirker borti no og då. Nåtid er skrevet i kursiv, og i så måte enkelt å skjønne kva tidsperiode me befinn oss i.
Beni (og venene hans) vart tidleg småkriminelle, sjølv med streng oppvekst og mykje juling frå dei vaksne. Frå denne tida klarer forfatter Anders Moe å komme nært inn på med sine skildringer, og samtidig som ting utfolder seg, får me eit godt bekjentskap med karakterene gjennom dei moralske vala dei må ta. Og nettopp moralske val vert det mange av utover i romanen. Alt dei gjer får konsekvenser for enten seg sjølv eller andre på ein negativ måte.
Linjalen klasker over fingertuppene. Flere av neglene sprekker. Smerten skyter gjennom hånden, ned i albuen. Beni biter tennene sammen. Narta har snudd seg igjen. Han forsøker å tenke på noe annet, men tankene går til lillebror, som sikkert også får juling.
Det er eit røft, mørkt og beintøft miljø forfatter tar oss med inn i. Ein kan dermed kjenne att språket frå debutboka til forfatter; «Knokkelstøv». Også her var det vald og eit mørkt univers som var gjeldende. Moe har eit meget godt språk og det flyt særs godt til tross for det valdelige innhaldet. Derfor er Moe ein perfekt match når Bala skal gjenfortelje sin historie.
Hovedkarakteren har ei venninne som heiter Narta. Dei bur i nærleiken av kvarandre, og ho er ein del av «gjengen». Like før Beni vert kidnappa, så kan ein ane at det ligg ein forelskelse i lufta. Ho er med ham i tankene, men i løpet av denne tida forandrer Beni seg, og han opplever ting ingen ungdom bør og skal oppleve. Vil han nokon gong sjå si venninne att, og i kva forfatning vil han sjølv eventuelt være i? Ein meget god bi-historie som flettes saumlaust inn i teksten.
Me får eit innblikk i det kaotiske livet i Kosovo på 80-talet. Ein ser dei sterke motsetningene i samfunnet, og måten folk vart behandla på. Forfatter skriv ikkje direkte nyansert om dette, men det er ofte skildringer som skaper bilete av samfunnet.
Iblant gasset politiet skolegården, private selskaper og andre offentlige instanser hvor det finnes mange albanere. En del av den psykologiske krigføringen. Tidligere måtte Beni få sprøyter for å motvirke skjelvingene i etterkant av gassangrepene. Han ser på de hostende vennene sine, kjenne kvalmen presse på i halsen og håper de slipper sprøytene denne gangen.
Det skjer mykje. Ein får sjeldan senka skuldrene sidan det er mykje action og hendinger som får store følger for karakterene. Det er med andre ord eit høgt tempo i boka med mykje thriller-element. Boka innehar over hundre kapitler og er lettlest. Det er fine cliffhangere som held på spenninga og som skaper ei forventning om kva som kjem. Og Moe skuffer ikkje.
Er det noko å utsetje på boka, så er det kanskje at den er litt lang. Sjølv om den er fartsfylt og innehar strålende språk og skildringer, så er det enkelte partier som kan føles litt langdryge. Fekk litt følelsen av at det vart ein rask avslutning på ein lang oppbygging. Det setter likevel ingen demper for den opplevinga det er å lese denne røffe historia om Beni og gjengen.
Det er ei skyggeside av dimensjoner som skildres i boka. Menneskehandel og bakmenn som kun tenker på eiga vinning er ingen god kombinasjon. Det er tidvis rystende lesing, særskilt når ein veit at dette faktisk foregår rundt om.
Forfatter nytter veldig ofte navn på karakterene i dialogsettinger og skildringer. Det er litt uvant at det brukes navn så mykje som her, men samtidig unngår ein misforståinger og ein slepp å lese ein setning to og tre gonger for å skjønne sammenheng.
Samhald og kameratskap er ein nøkkelingrediens i boka. Sjølv om dei også må operere på eiga hand, så har dei kvarandre oppi all elendigheten, og støtter seg ofte på kvarandre. Samtidig skapes det også ein del frustrasjon og friksjoner innad i den lille kameratgjengen som forfatter speler godt på.
Det som er mest rystende med boka er at den skal være skrevet tett på virkeligheten. Arben Bala har opplevd mykje, og få er betre enn Anders Moe til å få fram essensen i historia på ein konsis og konstruktiv måte. Han klarer å holde på lesar gjennom å skape situasjoner og holde på spenninga på dei rette stadene.
Så blir alt stille. I noen sekunder er det som om de befinner seg i et vakuum. Ikke engang gresshoppene høres. Dagens første glimt av solstråler er på vei til å strekke seg mot skyene. Med det samme Beni puster ut, hører de smellet fra en bildør.
«Balkanbrødre» er ein velskrevet thriller med eit høgt tempo. Med tanke på at den er basert på verkelege hendingar, så kjem ein nært inn på virkeligheten. Det er korte kapitler med gode cliffhangere, og ei forteljing som får lesar engasjert. Arben Bala kunne ikkje funnet ein betre historieforteljar enn Anders Moe til denne boka. Dette er ei bok som setter spor.
TERNINGKAST: 5