Ein krimroman med ein valdelig og bekmørk historie.
- Norsk tittel: Nettet
- Originaltittel: La red purpura
- Forfatter: Carmen Mola
- Sjanger: Krim
- Antall sider: 278
- Utgivelsesår: 2025
- Utgiver: Moment Forlag
Carmen Mola er eit pseudonym som ikkje vart avslørt før i 2021. Bak dette navnet står tre spanske forfattere; nemlig Antonio Mercero, Agustin Martinez og Jorge Diaz. «Bruden» vart utgitt på norsk i 2024, og «Nettet» i 2025.

På en glovarm sommerdag leder politioverbetjent Elena Blanco teamet i BAC-avdelingen for saksanalyse inn i hjemmet til en familie. På tenåringssønnens dataskjerm utspiller det seg et mareritt: en direkteoverføring der to maskerte personer torturerer en ung kvinne. Maktesløse blir de vitne til det sadistiske showet, helt til offeret dør.
I månedsvis har BAC etterforsket Purpurnettet, en brutal organisasjon som sprer ekstrem vold på det mørke nettet. Og hele tiden har Elena holdt sin største frykt skjult. Kan forsvinningen til hennes egen sønn, Lucas, da han bare var et barn, være knyttet til dette grusomme nettet?
Hvor er Lucas? Hvem har han blitt? Og hvor langt er hun villig til å gå for å finne sannheten?
Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå Moment Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Nettet».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein krimroman og bok nr. 2 i serien om Elena Blanco. Eg vil anbefale å lese bøkene kronologisk. Den fyrste boka kom ut på norsk i 2024, og heiter «Bruden».
Me møter att BAC-teamet med Elena Blanco i spissen. Denne gongen er det ting som skjer på det mørke nettet som er i fokus. Personer selger link til direkteoverføring av drap og mishandling, det såkalte Purpurnettet, som er ein organisasjon som syder av brutalitet. For Blanco og hennes team har dei ei tøff oppgåve foran seg når dei nå skal forsøke å rulle opp dette nettverket. Og for Blanco sjølv vert det personleg, i og med at ho samtidig forsøker å finne ut kva som skjedde med sonen sin som vart kidnappa for mange år sidan.
Berre for å ha sagt det med ein gong; det er tidvis brutale og groteske scener i boka. Så eg vil ikkje anbefale denne for sarte sjeler. Forfatter har gått lengst inn i menneskesinnets djupeste irrganger for å mane fram slike lyster og sadistiske tendenser som vert skildra i boka.
Etter ein røff intro går boka rett inn i etterforskningsmodus der me fylgjer BAC-teamet på sin jakt etter drapsmenn, bakmenn, ofre (levende og døde), og ledere av organisasjonen. Det er unge gutter og jenter som vert innlemma i dette nettet, og som må lide for at andre skal bli tilfredsstilt.
Privatliv og jobbliv går hånd i hånd for Elena Blanco. Utover i boka hviskes linja for det bort, og det vert ein besettelse for vår hovedkarakter å finne ut om sonen hennar i det heile tatt er i live eller ikkje. Dessuten har Mola valgt å gå meir under huda på nokre av karakterene, og me får eit innblikk i deira liv utanfor jobben. På denne måten bygger forfatter videre oppunder karakterene med vart kjent med i den fyrste boka.
Når stader skal skildres og når dei beveg seg frå ein stad til ein annan, så er det mange spanske stadsnavn som vert ramsa opp. Dette er sikkert hyggelig for lokalkjente, men for ein som sit i Noreg og les, så er det meget overflødig informasjon som etter kvart vert eit lite irritasjonsmoment.
Dry Martini by Javier de las Muelas er navnet på den nye cocktailbaren Rentero liker å besøke om ettermiddagen for å ta et glass før han går hjem. Det ligger i hotellet Gran Meliá Fénix i calle Hermosilla, inntil La Castellana, ved siden av plaza de Colòn.
Her og der er det parallelle historier som opprettheld spenningsmomentet. Det er eit generelt meget godt driv, og særs få dødpunkter, så ein får nesten aldri tatt ein pause før noko nytt skjer.
Det er ein del navn å hugse på undervegs. Nye bekjentskaper og gamle «kjente» vert ein del av historia, og det vert etterkvart mykje å ha kontroll på. Dette har Mola løyst på ein enkel, men effektiv måte ved å enkelte stader skrive f.eks «politioverbetjent» eller «datter av…» for å friske opp i minnet på kven vedkommende er.
For min del så følte eg at sluttpartiet starta halvvegs i boka. Det er ei rask utvikling i saken, og ein sit med følelsen av at dei er på nippet til å løyse den. Men det er ei innfløkt sak med mange lag, og dermed så er det stadig ein ny bakketopp å forsere når den forrige er unnagjort. Slik føles det i denne boka, berre at i dette tilfellet er det ein positiv ting.
Me vert betre kjent med personen Elena Blanco. Ho viser seg som ein beintøff leder, som gjerne truer med oppsigelser viss ein ikkje ofrer livet sitt til gruppa. Det vert etterkvart murring i gangene og blant medlemmene i teamet. Så her ligg det eit visst spenningsmoment i om kven som må gi seg fyrst. Vil Blanco krype til korset, eller vil enkelte personer måtte ta sin hatt og gå? Eg liker at Mola kjører på med fleire kvinnelege karakterer i teamet. Ofte kan slike bøker bli mannsdominerte, men det er ikkje tilfelle i denne serien.
Det er røffe skildringer og eit bekmørkt univers. Vald skal avle vald, og den eine skal overgå den andre. For å sitere nyhetssendinger på fjernsynet; me vil me åtvara om sterke inntrykk… Slik er det også her. Ein sit igjen med bilete på netthinna ein gjerne skulle vert foruten, samtidig som det viser at samfunnet ikkje er rosenrødt, og at det kan foregå slike ting rundt om i verda. Dessverre.
Før vi begynte å ta opp overføringen, slo de henne, antakelig et knyttneveslag, som forårsaket brist i to ribbein. De rev av venstre brystvorte med en tang, boret opp det høyre kneet…»
Det er eit solid tempo og strålende driv i historia. Mola har lagt inn mykje tvister og overraskinger undervegs, som ofte tar lesar litt på senga. Når det forventede vert totalt motsatt, så setter det ein liten støkk i lesar, og i denne type bøker veit ein dermed aldri heilt om ein vil få ein lykkelig slutt eller ikkje. Dermed opprettholdes spenningsmomentet til siste side er lest, og fyrst da kan ein byrje å senke skuldrene litt igjen.
«Nettet» er ein fartsfylt krimroman som innehar eit fantastisk språk, eit genuint plott med mange lag, og spenningstopper som held internasjonalt høgt nivå. Med eit røft innhald som ikkje anbefales til folk med sarte sjeler, så får forfatter fram det verste i folk, og ein kan nesten miste trua på menneskeheten etter å ha lest denne. Likevel er det ein fremragende krimroman.
TERNINGKAST: 5+